Forprosjekt FORREGION er eit innleiande forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt). Bedrifter i Vestland med liten eller ingen forskingserfaring kan søkje om støtte til å starte arbeidet med å utvikle ein innovasjon ved hjelp av forsking. Bedrifta må ha ambisjon om at forprosjektet skal føre til vidare forsking.
Forprosjektet skal vere eit innleiande forskingsarbeid. Forprosjektet skal medverke til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt), som støtter opp om innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland.
Målet med ordninga "Forskar til låns" er å auke samarbeidet mellom bedrifter og FoU-organisasjonar. I eit «Forskar til låns» prosjekt skal ein forskar for ein avgrensa tidsperiode jobbe saman med tilsette i bedrifta om ein konkret prosjektidé. Prosjektet må vere slik innretta at både forskaren og bedrifta kan ha fagleg nytte av samarbeidet....
Samarbeidsprosjektet er leia av ein forskingsorganisasjon og skal utvikle ny kunnskap og bygge forskingskompetanse som kommunane og/eller næringslivet i Vestland treng for å møte viktige samfunnsutfordringar. Prosjektet skal stimulere og støtte samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og næringsliv/kommunal sektor i Vestland og danne grunnlag fo...
Innovasjonsprosjekt i kommunal sektor er leia av ei kommunal verksemd i Vestland og har eit omfattande innhald av forsking og utvikling (FoU). Prosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til å styrke kommunane i Vestland som berekraftig utviklingsaktør. Prosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for kommunane og inngå i dei kommunale...
Innovasjonsprosjektet er leia av ei bedrift i Vestland og har eit omfattande innhald av forsking og utvikling (FoU). Prosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til innovasjon og berekraftig verdiskaping for bedriftene som deltek i prosjektet og gi samfunnsøkonomiske gevinstar i Vestland fylke. Forskinga skal bidra til industriell symbiose knytt til...
Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. mai 2022, 10.25 CEST