Søk nå

FORREGION Vestland - forprosjekt 2024

Bedrifter som vil søkje om støtte til forprosjekt FORREGION må først etablere kontakt med ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland.

Formål

Formålet er å støtte tidleg fase FoU-prosjekt i bedrifter med liten eller ingen forskingserfaring. Prosjektideen må rette seg inn mot å løyse ei innovasjonsutfordring for bedrifta. Forprosjektet skal vere eit innleiande arbeid og vise plan for vidare forsking ved hjelp av andre finansieringsordningar.   

FORREGION skal bidra til samarbeid mellom bedrifter og FoU organisasjonar.

Om utlysningen

FORREGION Vestland kan dekke inntil 50% av kostnadene i eit forprosjekt. Bedrifta må samarbeide med ein godkjend forskingsorganisasjon i prosjektet og minimum 70 % av støtta frå FORREGION skal gå til innkjøp av FoU.  

Ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland må vere kopla på i prosessen med å utvikle søknaden. Kompetansemeklaren gir gratis hjelp i forbindelse med prosjektutvikling, idémyldring, identifisering av forskingsbehov i bedrift og rettleiing i søknadsprosess, og koplar bedrifter med forskingsmiljø og relevante nettverk  

Ideen bak prosjektet må vere ein innovasjon som kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland fylke. 

Følgjande tema er aktuelle for denne utlysinga: 

  • A) Berekraftig og eksportretta industriutvikling samt havøkonomi 
  • B) Sirkulær økonomi - berekraftig ressursforvaltning 
  • C) Bioøkonomi "blå" og" grøn" - produksjon av mat og berekraftig bruk av biologiske ressursar 
  • D) "Grøn" gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien 

Punkta over er nærmare omtala i Temaplan forsking for Vestland fylke  

Søknaden må få fram korleis prosjektet kan bidra  med ny kunnskap som både er viktig for bedrifta og samfunnet elles. Det må kome klart fram i søknaden kva kunnskapsutfordringar som skal løysast ved forsking for å nå innovasjonen bedrifta ønskjer seg. Kompetansemeklaren kan hjelpe til med å identifisere kunnskapsutfordringar og kvar prosjektet passar inn i temaplanen.  

Støtte frå FORREGION kan kombinerast med SkatteFUNN. Les meir om SkatteFUNN her. 

Du kan skrive søknaden på norsk eller engelsk.

Hvem kan søke?

Alle bedrifter med adresse og/eller vesentleg aktivitet i Vestland fylke, og som har lita eller inga forskingserfaring kan søkje. Føretak som er eller har vært prosjektansvarleg i hovudprosjekt finansiert av Forskingsrådet, Regionale forskingsfond (RFF) eller EUs forskingsprogram, dei siste fem år, vert rekna som erfarne FoU-føretak i denne samanheng, og kan ikkje søke.

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg

Det er bedrifta som søkjer som står som prosjektansvarleg i søknadsskjemaet. Administrativt ansvarleg i søknadsskjema er den personen som har fullmakt til å representere og forplikte bedrifta. Dersom prosjektet er eit samarbeid mellom fleire bedrifter, skal prosjektansvarleg bedrift sende inn søknaden på vegne av alle samarbeidspartnarane. 

Det vert oppmoda til mangfald og god kjønnsbalanse i prosjektorganiseringa.

Krav til prosjektleiar

Prosjektleiar er fagleg ansvarleg og må ha kompetanse på temaområdet i søknaden og/eller prosjektleiarkompetanse.  

Krav til FoU-leverandørar

Bedrifta må samarbeide med ein eller fleire godkjende forskingsorganisasjonar om prosjektet. Desse skal registrerast som FoU-leverandør i søknadsskjemaet og bør bidra i arbeidet med utforming av søknaden. Minst 70 % av støtta frå FORREGION skal gå til innkjøp av FoU- tenester frå desse leverandørane.  

Berre organisasjonar på Forskningsrådet si liste over godkjende forskingsorganisasjonar kan vere norske FoU-leverandørar.  

Utanlandske offentlege universitet og institutt kan også være FoU-leverandør. I prosjektsøknaden må utanlandsk FoU-leverandørar sin fagleg kompetanse på relevante fagområde i prosjektet vere godt skildra og dokumentert. 

Hva kan du søke om støtte til?

Prosjektkostnader

Du kan søkje om støtte til å dekke faktiske kostnader som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet. 

Følgjande kostandar kan inngå i prosjektet: 

  • personal- og indirekte kostnader hos bedrifta/samarbeidande bedrifter 
  • innkjøp av FoU-tenester frå godkjent forskingsorganisasjon oppgitt i søknadsskjema 
  • andre driftskostnader knytt til prosjektet 

Denne søknadstypen støttar ikkje kostnadar knytt til utstyr, bortsett frå mindre prosjektkostnadar som er nødvendige for å kunne gjennomføre prosjektet. Desse kostnadane skal i tilfelle førast under andre driftskostnadar. 

Viktig budsjettinformasjon

Du finner detaljert og viktig informasjon på Forskingsrådet si nettside om kva budsjettet skal innehalde. Merk at i denne utlysinga er timesatsen for eigne tilsette er avgrensa til 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Timesatsen kan ikkje overstige 700 kroner per time. 

Handtering av meirverdiavgift: 

  • Alle kostnadar skal registrerast utan meirverdiavgift (mva.). 
  • Bedrifter som deltar i prosjektet betaler mva. som vanleg, men fører dette i eit eige mva.-register for refusjon frå staten etter gjeldande reglar. 
  • Det finnes ei spesiell ordning for bedrifter som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret. 

Meir informasjon om dette ved å kontakte forsking@vlfk.no  

Støttebeløp  

Prosjektet kan få dekka mellom 200 000 og 400 000 kroner og inntil 50 % av godkjende prosjektkostnader.  

Minimum søkt beløp er 200 000 kroner. 

Minst 70 % av støttebeløpet må nyttast til innkjøp av FoU frå godkjend forskingsorganisasjon.  

Graden av støtte til prosjektkostnader i bedrifta er avhengig av innhald og type FoU-aktivitet i prosjektet, slik desse er definert i Gruppeunntaksforordning artikkel 25. Merk at all aktivitet må vere definert som industriell forsking eller eksperimentell utvikling. Om bedriftene bak søknaden er store, mellomstore eller små påverkar også støttegraden. For innvilga søknader vil støtta bli endeleg fastlagt i tilsegna. 

Eigenfinansiering 

Det er krav til minimum 50 % eigenfinansiering i prosjekta.  

  • Eigenfinansiering kan vere både kontantar og lønnsutbetalte timar. 
  • Timar må reknast som "personal- og indirekte kostnader", basert på faktiske og rekneskapsførte utgifter. 
  • Timesatsen for eigne tilsette er avgrensa til 1,2 promille av avtalt og reell årslønn ved utgangen av prosjektperioden eller inntektsåret. Timesatsen kan ikkje overstige 700 kroner per time. 
  • Andre relevante driftskostnadar som bedriftene betaler sjølve kan også inkluderast som eigeninnsats. 
  • Prosjektansvarlege og partnarar som bidreg med lønna arbeid må vere oppdaterte med arbeidsgivaravgift og skattetrekk. 

Støtte kan ikkje nyttast til 

  • skriving av søknader til nasjonale og regionale programmer 
  • kjøp av utstyr 
  • marknadsundersøkingar og marknadsføring 
  • å etablere nettverk, klynger eller konsortium 
  • kartlegging av forskingslitteratur 

Rapportering og utbetaling 

All rapportering og oppmoding om utbetaling skal skje via www.regionalforvaltning.no. Her må administrativt ansvarleg for prosjektet opprette eller nytte eksisterande brukarkonto - sjå brukarstøtte for regionalforvaltning.no.  

Utbetaling av støtte skjer etter at sluttrapportering er sendt inn og godkjend. Prosjektansvarleg bedrift kan oppmode om ei delutbetaling i prosjektperioden.  

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

Søknaden rette seg inn mot eit eller fleire av følgjande tema:

A) Berekraftig og eksportretta industriutvikling samt havøkonomi

B) Sirkulær økonomi – berekraftig ressursforvaltning

C) Bioøkonomi «blå» og» grøn» - produksjon av mat og berekraftig bruk av biologiske ressursar

D) "Grøn» gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien

Temaplan forsking for Vestland fylke 2022 – 2027 gir meir informasjon om innhaldet i dei fire temaa.

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinReiseliv/opplevelser/kulturVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

Steg for steg 

1. Kontakt ein kompetansemeklar  

2. Forbered dokumentasjon  

  • Prosjektskildring (5 sider) 
  • Prosjektleiars CV 
  • Skjema for partnaropplysningar 
  • Eigenerklæringsskjema 

3. Elektronisk søknadsskjema  

  • Fyll ut elektronisk søknadsskjema 
  • Last opp vedlegg frå steg 2 

4. Send inn søknaden  

 

Meir informasjon om søknadsprosessen 

Når du trykker «Opprett søknad» kjem du til Forskningsrådet sin søkjeportal «Mitt nettsted» der søknaden skal leverast. 

Du kan lagre og endre på søknaden mens du arbeidar med han. Når søknaden er sendt inn, kan du ikkje endre han. Det er likevel mogleg å opprette ein ny søknad, f.eks. som kopi av den du har sendt inn – og på den måten sende inn ein ny versjon. FORREGION Vestland behandlar sist innkomme versjon av søknaden. 

 

Obligatoriske vedlegg 

  • Prosjektskildring på maks 5 sider. Bruk standard mal du kan laste ned nedst på denne sida. Vi vurderer berre prosjektskildringar som er skriven i denne malen.  
  • CV for prosjektleiar 
  • Skjema for partnaropplysningar. Bedrifta som søkjer skal også fylle ut dette skjemaet. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida. FoU-leverandørar treng ikkje fylle ut partnarskjema.  
  • Eigenerklæring for private bedrifter. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida. 

Alle vedlegga skal være i PDF-format. Vær nøye med å laste opp riktig vedlegg, ettersom det ikkje er lagt inn tekniske avgrensingar på kva slags dokument det er mogleg å laste opp. 

Søknader som ikkje oppfyller krava over vil kunne bli avvist utan fagleg vurdering. 

 

Valgfrie vedlegg 

  • CV for andre sentrale deltakarar i prosjektet 

OBS! Andre vedlegg enn dei som er spesifisert ovanfor vil ikkje bli vurdert. 

 

Øvrige vilkår 

  • Vi tildeler midlar etter gjeldande EØS-reglar for statsstøtte til bedrifter som deltek i prosjekter. Kommunaldepartementet har meldt ordninga med forprosjekt til ESA under forskrift om unntak fra notifikasjonsplikt for offentlig støtte § 1, jf.EØS-avtalen vedlegg XV nr. 1j (forordning (EU) nr. 651/2014). 
  • I søknadsskjemaet må du informere om det er søkt støtte til same eller liknande prosjekt til andre offentlige støtteordningar. 
  • Dersom prosjekt som har fått tilskott ikkje blir gjennomført eller har manglar ved rapportering, kan Vestland fylkeskommune krevje at utbetalt tilskott vert tilbakebetalt 

Vurderingskriterier

Søknader vil bli vurdert etter desse kriteria:

  • Forsking og innovasjon
  • Verknader og effektar
  • Gjennomføring
  • Regional relevans og samfunnsnytte

I tillegg vil det bli gitt ei samla vurdering.

Meir informasjon om vurderingskriteria:

Forskning og innovasjon | FORREGION Vestland

Innovasjonsgrad
• I hvilken grad møter innovasjonsidéen i prosjektet et udekket behov?
• Hvor original og nyskapende er innovasjonen?
• I hvor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?

Relevans og kvalitet på FoU-aktivitetene
• I hvor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene relevante og/eller av kritisk betydning for innovasjonen og som bidrag til forprosjektet?

Virkninger og effekter | FORREGION Vestland

Verdiskapingspotensial og gevinstmuligheter
• I hvilken grad er det potensial for at resultatene fra forprosjektet kan bidra til
– verdiskaping i norsk næringsliv og/eller offentlig sektor?
– å løse betydelige nåværende og fremtidige samfunnsutfordringer, også med henvisning til FNs bærekraftmål

Gjennomføring | FORREGION Vestland

Plan for forprosjektet:

Hvor god er
• Kvalitet på prosjektplanen med mål, arbeidspakker, milepæler, ressursinnsats og relevante risikovurderinger
• Kvalitet/kompetanse til prosjektleder og eventuell prosjektgruppe
• Organisering, med roller og ansvarsdeling, styring og strategisk forankring
• Budsjett og finansiering

Plan for utnyttelse av FoU-resultatene for innovasjonen:
• Hvor god og realistisk er bedriftens plan for videre utvikling av ideen når forprosjektet er gjennomført? (f.eks. i form av hovedprosjekt)

Prosjektideens relevans | FORREGION Vestland

• Hvor godt vil forprosjektet bidra til at bedriften får erfaring med å ta forskning i bruk i sitt innovasjonsarbeid?
• Hvor godt er forprosjektet i tråd med de regionale satsingsområdene?

Samlet vurdering | FORREGION Vestland

Behandlingsprosedyre

Forventa svar på søknaden

Vi har løpande mottak av søknader gjennom året. Svar på søknaden vil skje i løpet av 2-3 veker.

Prosjektstart og prosjektslutt

Prosjektet kan ikkje starte før du har fått svar på søknaden.

 

Opprett søknad

Søknader til "FORREGION Vestland - forprosjekt 2023" vert oppretta som ein eSøknad på "Mitt nettsted". Du må fylle ut og laste opp malane som vedlegg til søknaden.

Opprett søknad

Meldinger ved utskriftstidspunkt 3. mai 2024, kl. 20:50 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.