Gjennomført

Regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet (2023)

16. juni: Utlysinga er planlagt. Frå 10 august vert den aktiv og du kan opprette søknad. Dersom det vert endringar i utlysingsteksten etter 16. juni, vil det blir opplyst om.

Viktige datoer

10. aug. 2022

Åpen for søknad

21. sep. 2022

Søknadsfrist

19. des. 2022

Styret fattar vedtak om kva prosjekt som får støtte

1. jan. 2023

Tidligste tillatte prosjektstart

1. jun. 2023

Seneste tillatte prosjektstart

31. mai 2026

Seneste tillatte prosjektslutt

Viktige datoer

Siste oppdateringer

30. jun. 2022

Engelsk mal for prosjektbeskriving er lagt ut. / Template for project description is available in English.

Formål

Innovasjonsprosjektet er leia av ei bedrift i Vestland og har eit omfattande innhald av forsking og utvikling (FoU). Prosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til innovasjon og berekraftig verdiskaping for bedriftene som deltek i prosjektet og gi samfunnsøkonomiske gevinstar i Vestland fylke. Forskinga skal bidra til industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland.

Om utlysningen

RFF Vestland lyser ut inntil 10 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland. Utlyst sum gjeld tre utlysingar som har same søknadsfrist. Søknader til dei tre utlysingane vil konkurrere om dei same midlane.

Denne utlysinga gjeld regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet som skal bidra til industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland.

Støtteordninga regionale forskingsfond er praktisert i tråd med reglar for statsstøtte i EØS-avtalen. 

Hvem kan søke?

  • Bedrifter og samanslutningar av bedrifter (t.d. bedriftsnettverk og klynger) i Vestland fylke
  • Kommunale bedrifter/føretak og andre typar føretak i Vestland fylke med økonomisk aktivitet i ein marknad
  • Søkjar må vere registrert i det norske foretaksregisteret

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til samarbeid og roller i prosjektet

  • Når ei stor bedrift søkjer er det krav til faktisk samarbeid med minst ei SMB-bedrift i Vestland (Samarbeidspartnar). Definisjon av bedrift og storleik følgjer EU sitt regelverk, sjå forklaring på Skattefunn si nettside. Faktisk samarbeid betyr at partane utveksler kunnskap eller teknologi for å nå eit felles mål på grunnlag av arbeidsdeling i prosjektet. Samarbeidspartnarane skal delta aktivt i planlegging og gjennomføring av prosjektet, inkludert finansiering.
  • Prosjektansvarleg må dokumentere relevant forskingskompetanse i eigen organisasjon, hos samarbeidspartnar eller gjennom innkjøp frå ein FoU- leverandør. Relevant forskingskompetanse kan vere dr. grad. eller dokumentert publisering av forskingsresultat
  • Aktørar i og utanfor Vestland kan delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.
  • Prosjektansvarleg eller ein samarbeidspartnar kan ikkje ha eit bindande forhold til ein FoU-leverandør i prosjektet, for eksempel i konsernrelasjon.
  • Bedrifter (prosjektansvarleg og samarbeidspartnarar) i prosjektet som har bindande forhold til kvarandre, vil bli rekna som ein og same støttemottakar etter statsstøtteregelverket.
  • Norske og utanlandske kompetansemiljø og forskingsorganisasjonar kan delta i prosjektet som FoU-leverandørar, med ansvar for å utføre FoU-arbeid på oppdrag frå bedriftene i prosjektet. FoU-leverandørar skal ikkje bidra til å finansiere prosjektet.
  • Utanlandske aktørar kan vere partnar som bærer sine eigne kostnader i prosjektet eller FoU-leverandør som fakturerer alle sine kostnader til prosjektansvarleg.
  • Samarbeidspartnarar eller FoU-leverandørar (utanom prosjektansvarleg søkjar) må registrerast under "Samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar" i søknadsskjemaet. Les meir om samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar.
  • Prosjektansvarleg søkjar må sikre finansiering av prosjektet utover støtte frå RFF Vestland

Samarbeid om innovasjon og forsking

  • Prosjektet tar utgangspunkt i ein unik innovasjonsidé hos ein eller fleire bedrifter som samarbeider i prosjektet. Dei forventa resultata kan være eit nytt produkt, ei ny teneste, ein ny produksjonsprosess, eller ei ny måte å levere produkt og tenester på. Også vesentlege forbetringar eller nye eigenskapar ved eksisterande produkt, tenester eller prosessar hos bedrifta(ne), kan vere eit resultat.
  • Bedriftene i prosjektet har behov for ny kunnskap eller ny teknologi for å kunne lukkast med innovasjonen. Kunnskapen og teknologien blir utvikla gjennom FoU-aktivitet med bruk av anerkjent metodikk. FoU-aktivitetane må være industriell forsking eller eksperimentell utvikling som definert i statsstøtteregelverket
  • Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarane må ha tilgang til den FoU-kompetansen som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet. 

Hva kan du søke om støtte til?

RFF Vestland støtter kostnader knytt til FoU-aktivitetar i prosjektet. Vi gir ikkje støtte til drift eller tiltak for å nytte FoU-resultata, slik som beskyttelse av immaterielle rettar, marknadsundersøkingar og marknadsføring, uttesting og ferdigstilling av nye produkt og tenester. Slike kostnader kan ikkje vere med i prosjektbudsjettet.

Omfang av støtte

Graden av samla offentleg støtte til bedrifta sine prosjektkostnader er avhengig av storleik på bedrifta og type FoU-aktivitet. Støttegraden vil variere frå 25 til 70 prosent, jf. statsstøtteregelverket sjå "Artikkel 25: Støtte til forsknings- og utviklingsprosjekter" i tabellen og lenka under.  

Type bedrift/type aktivitet

Industriell forsking

Eksperimentell utvikling

Små bedrifter

70 %

45 %

Mellomstore bedrifter

60 %

35 %

Store bedrifter

50 %

25 %

Les meir om regelverket for statsstøtte.

Endeleg støttebeløp vil bli endeleg fastlagt når vi inngår kontrakt med dei som får støtte. 

Sett prosjektbudsjettet opp etter Forskingsrådet sine retningsliner.

Bryt prosjektbudsjettet ned på følgjande kostnadstypar:

  • Personal- og indirekte kostnader, som er kostnader knytt til bedriftene si eigenutført FoU i prosjektet  
  • Innkjøp av FoU-tenester, som er kostnader knytt til å engasjere FoU-leverandørar til å utføre FoU-oppgåver i prosjektet
  • Utstyr, som er drifts- og avskrivingskostnader for vitskapleg utstyr som prosjektet er avhengig av å nytte
  • Andre prosjektkostnader, som er kostnader til annan aktivitet som er nødvendig for å gjennomføre FoU-aktivitetane

Føresetnader for tildeling av støtte

  • Eit føretak er ein kvar aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad. Støtte til føretak er å rekne som statsstøtte. Når eit føretak får dekka deler av sine prosjektkostnader i eit FoU-prosjekt, må dette skje etter Gruppeunntaksforordninga, art. 25 (Kommisjonsforordning (EU) nr. 651/2014).
  • Støtte frå Regionalt forskingsfond Vestland skal ha insentiveffekt. Det betyr at den offentlige støtten må føre til aktivitet eller investeringar som elles ikke ville skjedd, eller som ville skjedd i mindre omfang, eller som ville blitt utført på ei mindre samfunnsgunstig måte. Etter artikkel 6 i Gruppeunntaksforordning vil støtte ha insentiveffekt viss  støttemottakar har sendt inn ein skriftleg søknad om støtte før arbeidet i prosjektet er starta opp. 
  • Det er mogleg å kombinere støtte frå fleire ordningar. Det kan ha betydning i kva rekkefølge du søker dei forskjellige støtteordningane. Anna offentleg støtte til aktivitet som inngår i prosjektet vil kunne påverke omfanget av støtte frå RFF Vestland. Les meir om regelverk for statsstøtte.
  • Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt er del av kontrakten med RFF Vestland.   
  • Forskingsresultata skal bli gjort tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
  • Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.

Forskningsartikler og forskningsdata

Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal nyttast for lagring av forskingsdata i prosjektet.

Tips til søknadsprosessen

Eit godt planlagt prosjekt resulterer vanlegvis i ein godt formulert søknad. Les våre tips til ein god søknadsprosess.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

Prosjektet skal bidra til industriell symbiose knytt til strategiske grøne hubar i Vestland, jamfør rapport frå Grøn region Vestland - Vestlandsporteføljen 2021

I søknadsskjemaet skal relevante temaområde innan regional utvikling merkast av.  

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

Du må opprette og sende inn søknad via Mitt nettsted (sjå «Opprett søknad»). Du kan endre og sende inn søknaden fleire gonger fram til søknadsfristen. Når søknadsfristen går ut, vil vi behandle den sist innsendte versjonen.

  • Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
  • Krav til samarbeid og partnarskap må vere oppfylt
  • Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
  • Søknadsbeløp, kva det er søkt om og eigenfinansiering er innanfor ramme fastlagt i utlysinga. Ubetalt eigeninnsats vil ikkje bli godkjend.
  • Mal for prosjektskildring og partnaropplysingar i denne utlysinga skal nyttast. 
  • Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved og må vere i PDF-format

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maksimalt 10 sider. Bruk mal i utlysinga. Alle punkta i mal malen må vere fylt ut.
  • Partnaropplysingar for søkjarbedrift (prosjektansvarleg) og for kvar av dei samarbeidande bedriftene (bedriftspartnarane). Bruk mal i utlysinga. (Last opp som vedleggtype "Partnaropplysingar".)
  • CV på inntil 4 sider kvar for prosjektleiar og inntil 5 sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet). 

Andre vedlegg enn dei som er spesifiserte over eller lenker til nettsider, vil ikkje bli vurdert. Støttebrev eller samarbeidsavtaler er ikkje obligatoriske og skal ikkje vere med.

Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.

Alle krav i utlysinga må være oppfylt. Ufullstendige eller mangelfulle søknader kan bli avslått utan fagleg vurdering.

Vurderingskriterier

Fagekspertar vurderer Forskingskvalitet, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering. Sekretariatet for RFF Vestland vurderer regional relevans.

Forskning og innovasjon | IP-Næringsliv

I hvilken grad representerer prosjektet en ambisiøs innovasjon som understøttes av relevante FoU-aktiviteter av god kvalitet?

• I hvilken grad representerer innovasjonen noe nytt?
• I hvilken grad retter innovasjonen seg mot tydelige behov eller nye markedsmuligheter for prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere i prosjektet?
• I hvilken grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I hvilken grad benytter prosjektet relevante og anerkjente FoU-metoder?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene ambisiøse og nødvendige for å lykkes med innovasjonen?
• I hvilken grad tar prosjektet hensyn til forskningsetiske problemstillinger og/eller kjønnsperspektivet i forskningen?

Virkninger og effekter | IP-Næringsliv

I hvilken grad legger prosjektet til rette for en bærekraftig utvikling, positive virkninger og effekter for samfunnet og prosjektpartnerne, og i hvilken grad er dette godt beskrevet og sannsynliggjort?

• I hvilken grad bidrar prosjektet inn mot FNs bærekraftsmål?
• I hvilken grad kan prosjektet gi positive eksterne effekter for næringslivet, offentlig sektor og samfunnet generelt?
• I hvilken grad vil prosjektet gi betydelige bedriftsøkonomiske gevinster for prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere?
• I hvilken grad er planen for implementering av FoU-resultatene og realisering av gevinster relevant og dekkende?

Gjennomføring | IP-Næringsliv

I hvilken grad gir FoU-prosjektplanen et godt grunnlag for å gjennomføre aktivitetene?

• I hvilken grad har FoU-prosjektplanen solide og gjennomarbeidede mål, arbeidspakker, milepæler, ressursinnsats og relevante risikovurderinger?
• I hvilken grad vil prosjektet ha tilgang til nødvendig FoU-kompetanse og tilstrekkelig kapasitet til å gjennomføre FoU-oppgavene?
• I hvilken grad har prosjektleder egnet kompetanse og erfaring for å lede FoU- prosjektet?
• I hvilken grad har prosjektet en egnet prosjektorganisering med tydelig og relevant fordeling av budsjett, roller og ansvar?
• I hvilken grad fremtrer prosjektet som strategisk forankret hos prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere?
• I hvilken grad er budsjettet og finansieringsplanen realistiske og gjennomførbare?

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

Regional relevans | Næringsliv

• I kva grad vil prosjektet bidra til å løyse utfordringar for næringslivet som er spesielt viktige i Vestland fylke?
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?

I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.

Søknader utan formelle feil vil bli vurdert av eit ekspertpanel i Forskingsrådet.  

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer regional relevans og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte i møte den 19. desember 2022. Informasjon om kva søknader som før støtte vil bli lagt ut på denne nettsida 19./20. desember.  

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Alle søknader vil bli søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 10:42 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.