Gjennomført

Regionale samarbeidsprosjekt for forskingsorganisasjonar (2022)

27. januar vil styret for RFF Vestland gjere vedtak om kva prosjekt som får støtte.

Viktige datoer

8. sep. 2021

Open for søknad

20. okt. 2021

Søknadsfrist

1. feb. 2022

Tidlegaste tillate prosjektstart

1. jun. 2022

Seinaste tillate prosjektstart

31. mai 2025

Seinaste tillate prosjektslutt

Viktige datoer

Formål

Eit regionalt samarbeidsprosjekt er leia av ein forskingsorganisasjon og skal utvikle ny kunnskap og bygge forskingskompetanse som kommunane og/eller næringslivet i Vestland treng for å møte viktige samfunnsutfordringar. Prosjektet skal stimulere og støtte samarbeid mellom forskingsorganisasjonar og næringsliv/kommunal sektor i Vestland og danne grunnlag for innovasjon og berekraftig verdiskaping.

Utlysinga har to tema: Klimaomstilling og grønt skifte og Samfunnstryggleik og beredskap.

Om utlysningen

RFF Vestland lyser ut inntil 10 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland. Utlyst sum gjeld tre utlysingar som alle har same tema og søknadsfrist. Alle søknader vil konkurrere om dei same midlane.

Tema er:

  • Klimaomstilling og grønt skifte
  • Samfunnstryggleik og beredskap

Denne utlysinga gjeld regionale samarbeidsprosjekt for forskingsorganisasjonar.  

I denne utlysinga tildeler ikkje RFF Vestland statsstøtte til føretak med økonomisk aktivitet i ein marknad. 

Hvem kan søke?

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg

  • Prosjektansvarleg må ha to eller fleire norske samarbeidspartnarar frå næringsliv og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor (som ikkje er forskingsorganisasjonar), som skal inngå i eit faktisk samarbeid. Minst ein av desse må være lokalisert i Vestland.
  • Søknaden må vere forankra i FoU-organisasjonen si leiing og i eigne strategiar. Dette må kome tydeleg fram i søknaden.
  • Prosjektansvarleg må sikre finansiering av prosjektet (utover støtte frå RFF Vestland)

Krav til prosjektleiar

  • Prosjektleiar må ha godkjent doktorgrad eller tilsvarande før søknadsfristen. 
  • Prosjektleiar kan ikkje også vere administrativt ansvarleg for prosjektet.

Krav til faktisk samarbeid og roller i prosjektet

  • Det må kome fram i søknaden at prosjektet er strategisk forankra hos alle samarbeidspartnarane.
  • Faktisk samarbeid inneberer et reelt og praktisk samarbeid mellom dei involverte forskingsorganisasjonane og samarbeidspartnarane i prosjektet. Samarbeidspartnarane skal delta aktivt i planlegging og gjennomføring av prosjektet. Samarbeidspartnarar skal vere aktiv i minst ei arbeidspakke. Roller og ansvar må kome tydeleg fram i søknaden.
  • Samarbeidspartnarane skal delta aktivt i oppfølging og spreiing av resultata frå prosjektet for å sikre at ny kunnskap vert tatt i bruk.
  • Samarbeidspartnarane skal bidra til å dekke prosjektkostnader.
  • Prosjektet skal ha ei styrings- eller referansegruppe med representasjon frå samarbeidspartnarane.
  • Søknaden skal skildre korleis kunnskapen og kompetansen som blir bygd opp i prosjektet, skal kommer større brukargrupper til nytte.
  • Prosjektet skal ikkje være oppdragsforsking for enkeltaktørar i næringsliv eller kommunal/fylkeskommunal sektor.
  • Fleire aktørar i og utanfor Vestland delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.
  • Utanlandske aktørar kan delta i prosjektet. (Sjå spesifisering under «Omfang av støtte»)
  • Samarbeidspartnarar eller FoU-leverandørar (utanom prosjektansvarleg søkjar) må registrerast under "Samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar" i søknadsskjemaet. Les meir om samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar. 

 

Hva kan du søke om støtte til?

RFF Vestland støtter kostnader knytt til FoU-aktivitetar i prosjektet.

Omfang av støtte:

  • RFF Vestland kan dekke inntil 90 % av godkjende kostnader i prosjektet.
  • Samla innsats frå norske samarbeidspartnarane i næringsliv og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor skal dekke minst 10% av totale prosjektkostnader i form av eigeninnsats og/eller kontantbidrag.
  • Utanlandske universitet og forskingsinstitutt kan vere samarbeidspartnar. Deira kostnader kan bli dekka av RFF Vestland si bevilling.
  • Andre utanlandske aktørar kan vere partnar som bærer sine eigne kostnader i prosjektet eller vere FoU-leverandør som fakturerer alle sine kostnader til prosjektansvarleg.
  • Støtten skal brukes til å dekke dei faktiske kostnadene i prosjektet.

Sett prosjektbudsjettet opp etter Forskingsrådet sine retningsliner.

Føresetnader for tildeling av støtte 

  • RFF Vestland si støtte til forskingsorganisasjon(ane) skal i sin heilheit gå til deira ikkje-økonomiske aktivitet i form av uavhengig forsking. Rekneskapsmessig skilje mellom den økonomiske og ikkje-økonomiske aktiviteten til forskingsorganisasjonen må vere på plass.
  • I denne utlysinga vert det ikkje tildelt statsstøtte til føretak med økonomisk aktivitet i ein marknad.
  • Dersom prosjektet får tildelt midlar, skal prosjektansvarleg etablere samarbeidsavtaler med alle samarbeidspartnarane i prosjektet.
  • Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt er del av kontrakten med RFF Vestland.   
  • Forskingsresultata skal verte gjort tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
  • Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.

Forskningsartikler og forskningsdata

Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal verte nytta for lagring av forskingsdata i prosjektet.

Tips til søknadsprosessen

Eit godt planlagt prosjekt resulterar vanlegvis i ein godt formulert søknad. Les våre tips til ein god søknadsprosess.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

RFF Vestland ønskjer velkomen søknader som dekker eitt eller begge  temaområda i utlysinga:

Klimaomstilling og grønt skifte

Klimaomstilling omfattar både klimagassreduksjon og klimatilpassing. Det grøne skiftet handlar om omstilling til eit samfunn der utvikling og vekst skjer innafor tolegrensa til naturen. Sirkulærøkonomi, fornybare ressursar og bioøkonomi er sentrale stikkord her.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som blir tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som er bransjekryssande og tek utgangspunkt i særlege vestnorske utfordringar og potensial.

Samfunnstryggleik og beredskap

Temaområdet omfattar eit vidt spekter av fag- og ansvarsområde. Tema handlar om å ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet og forebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dessutan handlar det om effektiv ulykkes- og krisehandtering.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som blir tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som bidrar til å styrke samhandling mellom fleire nivå og ansvarsområde.

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

Du må opprette og sende inn søknad via Mitt nettsted (sjå «Opprett søknad»). Du kan endre og sende inn søknaden fleire gonger fram til søknadsfristen. Når søknadsfristen går ut, vil vi behandle den sist innsendte versjonen.

  • Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
  • Krav til samarbeid og partnarskap må vere oppfylt
  • Krav til prosjektleiar må vere oppfylt
  • Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
  • Søknadsbeløp, kva det er søkt om og eigenfinansiering er innanfor ramme fastlagt i utlysinga. Ubetalt eigeninnsats vil ikkje bli godkjend.
  • Prosjektskildringa skal følgje malen i denne utlysinga og du må fylle ut alle punkta.
    (Merk at malen er på engelsk, men søknaden kan skrivast på norsk.)
  • Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved i PDF-format

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maksimalt 10 sider. Bruk mal i utlysinga.
    (Merk at malen er på engelsk, men søknaden kan skrivast på norsk.)
  • CV på inntil 4 sider kvar for prosjektleiar og andre sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet) – på norsk eller engelsk
  • Intensjonsbrev frå alle registrerte samarbeidspartnarane. Intensjonsbrevet skal innehalde ei grunngjeving for kvifor prosjektet er viktig for partnarane samt skildre planlagt bidrag inn i prosjektet. (Maksimalt 1 side.)

Andre vedlegg enn dei obligatoriske eller lenker til nettsider, vil ikkje bli vurdert.

Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.

Alle krav i utlysinga må være oppfylt. Ufullstendige eller mangelfulle søknader vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.

Vurderingskriterier

Vi vurderer søknadene etter desse kriteria:

Forskningskvalitet | KSP

I hvilken grad prosjektet er ambisiøst, nyskapende og flytter forskningsfronten
• Vitenskapelig kreativitet og originalitet.
• I hvilken grad hypoteser og problemstillinger er nyskapende og dristige.
• I hvilken grad prosjektet har potensial for å frembringe ny kunnskap som flytter forskningsfronten, inkludert vesentlig utvikling/fornyelse av teori, metoder, eksperimenter eller empirisk kunnskap.

Kvaliteten på prosjektets FoU-aktiviteter
• Kvaliteten på problemstillingene, hypotesene og prosjektets mål, og i hvilken grad de er klart og tydelig beskrevet.
• I hvilken grad den teoretiske tilnærmingen, forskningsdesignet og metodevalget er troverdig og velegnet, og tverrfaglige innfallsvinkler er tilstrekkelig vurdert.
• I hvilken grad prosjektet tar hensyn til samfunnsansvar, etiske problemstillinger og kjønnsdimensjonen i forskningen på en tilfredsstillende måte.
• I hvilken grad prosjektet forholder seg til brukeres/interessenters kunnskap på en tilfredsstillende måte.

Virkninger og effekter | KSP

Potensielle virkninger og effekter av den foreslåtte forskningen
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater kan bidra til å møte viktige vitenskapelige utfordringer, både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater kan svare på viktige utfordringer i sektoren(e), både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad kompetanseutviklingen og prosjektets planlagte resultater vil gi grunnlag for verdiskaping i norsk næringsliv og/eller offentlig sektor.
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater er relevante for FNs bærekraftsmål eller har potensiale for å bidra til å møte andre viktige samfunnsutfordringer, både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad de potensielle virkningene og effektene er tydelig formulert og troverdige.

Kommunikasjon og utnyttelse
• Kvaliteten på, og omfanget av, kommunikasjons- og involveringsaktiviteter rettet mot relevante interessenter/brukere.
• I hvilken grad samarbeidspartnerne er involvert i arbeidet med å ta i bruk prosjektets resultater.

Gjennomføring | KSP

Kvalitet på prosjektleder og prosjektgruppe
• I hvilken grad prosjektleder har relevant kompetanse og erfaring og har vist evne til å utføre forskning av høy kvalitet (sett i forhold til hans/hennes karrierestadium).
• I hvilken grad prosjektdeltakerne utfyller hverandre, og i hvilken grad prosjektgruppen innehar den nødvendige kompetansen for å gjennomføre prosjektet på en effektiv måte.

Kvaliteten på prosjektets organisering og ledelse
• I hvilken grad prosjektets organisering er effektiv, inkludert i hvilken grad ressursene til de forskjellige arbeidspakkene er tilstrekkelig og i samsvar med prosjektets mål og leveranser.
• I hvilken grad oppgavene i prosjektet er fordelt på en måte som sikrer at alle prosjektdeltakere har en tydelig rolle og tilstrekkelig med ressurser til å fylle denne rollen.
• I hvilken grad ledelse og styring i prosjektet er organisert på en egnet måte.
• I hvilken grad samarbeidspartnerne bidrar i styringen og gjennomføringen av prosjektet.

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

Regional relevans | Samarbeidsprosjekt

• I kva grad vil prosjektet bidra til å løyse utfordringar for kommunal sektor og/eller næringslivet som er spesielt viktige i Vestland fylke?
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?

I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.

Søknader utan formelle feil vert vurdert av eit ekspertpanel i Forskningsrådet, med normalt tre fagekspertar. Ekspertpanelet vurderer og gir ein samla karakter for kvart av kriteria Forskingskvalitet, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering frå fageksperten/panelet. 

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte mot slutten av januar 2022. (Informasjon om dato kjem seinare.) 

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Utover dette, vert alle søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 13:38 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.