Bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal 2020-2023

Fondsstyret

Fondsstyret

Fylkeskommunen utpeikar fondsstyret, og vedtek i kvar valperiode eit bestillingsbrev som styret skal arbeide etter. Fondsstyret er ansvarleg for at RFF Møre og Romsdal arbeider i tråd med formålet med ordninga og måla som er fastsette i bestillingsbrevet.

Fondsstyret skal:

  • sørge for at det blir utarbeidd ein overordna handlingsplan (to til fire års varigheit) som blir rullert årleg, i tråd med bestillingsbrevet frå fylkeskommunen. Handlingsplanen skal prioritere bruken av fondsmidlane med omsyn til tematikk, målgrupper og vektlegging av dei ulike søknadstypane.
  • utarbeide årleg budsjett
  • sørge for at føresetnadene for offentlege tilskot til prosjekt blir overhaldne
  • følgje opp prosjekt som er starta opp, med spesielt fokus på prosjekt der det er risiko for eller meldt om vesentlege avvik
  • behandle sluttrapportar frå prosjekta
  • utarbeide ein årsrapport om verksemda i fondsstyret som skal sendast til Kunnskapsdepartementet og til Norges forskingsråd etter behandling i fylkeskommunen jf. § 4 i forskrifta
  • utarbeide ei løyvingsoversikt som viser bruken i fondsstyret av tildelte midlar
  • sørge for at det blir informert om fondet og formidling av forskingsresultata frå prosjekta som har fått støtte frå fondet, medrekna: skape merksemd om og interesse for fondet blant aktuelle målgrupper/søkarar
  • sørge for god kontakt, koordinering med verkemiddelapparatet elles

Ut over dette blir ansvaret skildra i forskriftene og i det årlege tilskotsbrevet frå Kunnskapsdepartementet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 04:13 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.