Bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal 2020-2023

Bakgrunn og formål

Bakgrunn for ordninga

Regionale forskingsfond (RFF) vart oppretta i 2010. For å gi fylkeskommunane løyvings- og forvaltningsrett til fonda har Kunnskapsdepartementet stilt krav om at det må utarbeidast regionale FoU-strategiar. Saman med dette bestillingsbrevet vil FoU-strategiane til Møre og Romsdal danne grunnlaget for fondsstyret sine årlege handlingsplanar. Gjennom handlingsplanane skal fondsstyret tilpasse ambisjonsnivået ut frå tilgjengelege fondsmiddel både når det gjeld prioritering av innsatsområde og søknadstypar.

Talet på regionale forskingsfond i Noreg er frå 2020 endra frå 7 til 11. Møre og Romsdal utgjer ein eigen fondsregion.

Formålet med regionale forskingsfond

Kunnskapsdepartementet sine retningslinjer for regionale forskingsfond er frå 01.01.2020 erstatta av «Forskrift om dei regionale forskingsfonda", §2, der det er fastsett følgjande formål: Tilskotsordninga skal styrkje forskingsevna til regionen gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats.

Vidare skal dei regionale forskingsfonda:

a) Styrke forsking for regional innovasjon og regional utvikling gjennom å

1. finansiere forskingsprosjekt av god kvalitet
2. medverke til at bedrifter og offentlege verksemder aukar kompetansen, innovasjonsevna, verdiskaping og konkurransekraft ved å initiere forsking og ta i bruk resultat frå FoU.
3. stimulere til eit tettare samarbeid mellom FoU-institusjonar og styrkje koplingane til næringsliv og offentleg sektor

b) Auke FoU-innsatsen gjennom å

1. mobilisere og kvalifisere bedrifter og offentlege verksemder til å delta i nasjonal og internasjonal forsking
2. støtte FoU-prosjekter initiert av næringsliv, frivillig sektor og offentlege verksemder inkludert universitet, høgskular og andre forskingsmiljø

c) Bidra til auka forskingskvalitet og til utvikling av gode og konkurransedyktige FoU-miljø gjennom å

1. støtte langsiktig, grunnleggande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø
2. knyte institusjonane sin FoU-kompetanse til andre regionale FoU-aktivitetar og sjå desse i samanheng
3. stimulere til fleir- og tverrfagleg samarbeid i forskingsprosjekt

d) Arbeide for tett samspel mellom aktivitetar i regionane og relasjonane deira til andre nasjonale og internasjonale forskingsprogram og forskingsaktivitetar

Meldinger ved utskriftstidspunkt 27. april 2024, kl. 03:59 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.