Bestillingsbrev til Regionalt forskningsfond Møre og Romsdal 2020-2023

Føringar for RFF Møre og Romsdal

Søknadstypar

RFF Møre og Romsdal skal som hovudregel lyse ut midlar til kvalifiseringsprosjekt og hovudprosjekt. Ved utlysing av hovudprosjekt skal ein sørge for dialog med aktuelle aktørar for å identifisere behov innanfor for dei strategiske satsingsområda som det blir peika på i kapittel 3, Prioriterte satsingar 2020-2023.

I alle utlysingar frå RFF-Møre og Romsdal blir det stilt krav til at prosjekta er brukarstyrte eller at brukarane har ein reell medverknad i prosjekta.

  • Kvalifiseringsprosjekt

Prosjekta skal mobilisere til auka FoU-innsats og bidra til å styrke forsking for innovasjon i regionen. Gjennom eit aktivt samarbeid med FoU-miljø skal bedrifter og offentlege verksemder i regionen heve kompetansen, slik at dei kan kome i posisjon for å setje i verk større forskingsprosjekt.

Kvalifiseringsprosjekta skal ha eit tydeleg definert innovasjons- og forskingsinnhald, og kvalifisere til vidare støtte frå relevante ordningar regionalt, nasjonalt eller internasjonalt. Kvalifiseringsstøtte skal gis til prosjekt med klare intensjonar om vidareføring i hovudprosjekt. Dei skal adressere utfordringar som er kritiske for etablering og/eller gjennomføring av eit hovudprosjekt.
Kvalifiseringsprosjekt blir lyst ut løpande og det er ingen søknadsfrist. Søknadane blir behandla løpande eller så fort som det praktisk lèt seg gjere.

  • Hovudprosjekt

Prosjekta skal føre til innovasjon (verdiskapande fornying) hos private og/eller i kommunale verksemder. Prosjekta skal skilje seg frå prosjekt som kan få støtte i Forskingsrådet sine program. Fondet sine avgrensa midlar, tilseier at det vil ikkje vere mogleg å finansiere mange hovudprosjekt innanfor dagens rammer. Gjennom vektlegging av kvalifiseringsstøtte og mobiliseringsstiltak, kan 
fondet drive kunnskapsoppbygging i bedrifter/klynger og kommunar slik at desse kan komme i posisjon for nasjonale program. Hovudtyngda skal ligge på kvalifiseringsprosjekt, men det kan òg vere aktuelt å lyse ut midlar til hovudprosjekt.

Samhandling med andre verkemiddel

FORREGION-MobPro som er eit felles program mellom Forskingsrådet og fylkeskommunen for å mobilisere til forskingsbasert innovasjon i bedrifter og kommunar i tidlege fasar, blir samkøyrd med RFF Møre og Romsdal. Dei to ordningane blir administrerte av same sekretariat i fylkeskommunen. MobPro sine verkemiddel, kompetansemekling, personmobilitet og forprosjekt, blir brukt som mobiliserande aktivitetar i forkant av kvalifiserings- og hovudprosjekt når dette er føremålstenleg.

RFF Møre og Romsdal skal vere utfyllande i høve til andre verkemiddel og samarbeide nært med andre verkemiddelaktørar som Innovasjon Norge, Forskingsrådet og Horisont 2020 (Horisont Europa frå 2021). Fondet sine prioriteringar skal stå fram som mest mogleg komplementære til desse aktørane sine ordningar. Samtidig må det vurderast spissare tematiske utlysingar i RFF i tråd med
behova i regionen. Dette vil i tillegg redusere arbeidsmengda i sekretariat og styret, og avslagsprosenten på innkomne søknader.

I ein situasjon der støtteverdige prosjekt får avslag pga. avgrensa middlar, skal RFF Møre og Romsdal arbeide for å gi råd til søkjar om andre finansieringsmuligheiter. Gjennom auka samhandling med andre verkemiddel, vil det vera mogleg å setja i gang fleire regionale FoU-prosjekt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 07:16 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.