Gjennomført

VIKTIG MELDING OM ENDRING I SØKNADSFRIST. Siste moglege innsending er 1. desember kl. 13.00 (ikkje midnatt). Årsak er systemoppdatering, som gjer at "Mitt nettsted" vert tatt ned den dagen.

OPPDATERING 30.11. LØYSING PÅ PROBLEM MED Å LASTE OPP PROSJEKTSKILDING PÅ 11 SIDER: DU MÅ DU OPPRETTE SØKNAD PÅ NYTT - SOM KOPI AV EKSISTERANDE SØKNAD - OG PÅ NYTT LASTE INN VEDLEGG OG SVARE PÅ SPØRSMÅL OM STATSSTØTTE (DERSOM DET ER AKTUELT).

Formål

Regionale samarbeidsprosjekt skal utvikle ny kunnskap og bygge forskingskompetanse som kommunal sektor og/eller næringslivet i Vestland treng for å møte sentrale utfordringar og stimulere til innovasjon og berekraftig verdiskaping i Vestland.

Tema er klimaomstilling og grønt skifte og samfunnstryggleik og beredskap.

Viktige datoer

15. okt 2020

Utlysinga open for søknad

03. nov 2020

Digital prosjektverkstad

Informasjon og påmelding her.

01. des 2020

Siste frist for søknad

01. mar 2021

Tidligste tillatte prosjektstart

01. sep 2021

Seneste tillatte prosjektstart

01. sep 2024

Seneste tillatte prosjektslutt

Viktige datoer

Om utlysningen

RFF Vestland lyser ut inntil 12 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland.

Utlyst sum gjeld for tre utlysingar, og alle søknader til utlysingane vil konkurrere om dei same midlane: 

  • Regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet (2021)
  • Regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor (2021)
  • Regionale samarbeidsprosjekt for forskingsorganisasjonar (2021)

Dei tre utlysingane har same tema:

  • Klimaomstilling og grønt skifte
  • Samfunnstryggleik og beredskap

Denne utlysinga gjeld regionale samarbeidsprosjekt der forskingsorganisasjonar må samarbeid med aktørar i næringsliv og/eller kommunal sektor.  

RFF Vestland tildeler ikkje statsstøtte til føretak i denne utlysinga. 

Utlysinga er open for løpande søknadsinnsending – fram til kl. 13.00 1. desember 2020. Av tekniske grunnar er det ikkje er mogleg å endre på ein  søknad som alt er levert, slik det er ved utlysingar med fast søknadsfrsit. Har du behov for å endre på innsendt søknad, må du trekke den og deretter opprette ein ny søknad. Sist innsendt søknad blir behandla.

Hvem kan søke?

  • Godkjende forskingsorganisasjonar lokalisert i Vestland
  • Prosjektansvarleg (søkjar) må ha to eller fleire samarbeidspartnarar frå næringsliv og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor, der minst ein må vere lokalisert i  Vestland

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg

  • Søknaden skal vere forankra i FoU-organisasjonen si leiing og i eigne strategiar. Dette må kome tydeleg fram i søknaden.
  • Prosjektansvarleg må sikre finansiering av prosjektet (utover støtte frå RFF Vestland)

Krav til prosjektleiar

  • Prosjektleiar må ha godkjent doktorgrad eller tilsvarande før søknadsfristen. 
  • Prosjektleiar kan ikkje også vere  administrativt ansvarleg for prosjektet.

Krav til samarbeidspartnarare

  • Prosjektet skal ha to eller fleire samarbeidspartnarar frå næringsliv og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor (som ikkje er forskingsorganisasjonar). Minst ein av desse må være lokalisert i Vestland.
  • Det må kome fram i søknaden at prosjektet er strategisk forankra hos alle samarbeidspartnarane.
  • Prosjektet skal ha ei styrings- eller referansegruppe med representasjon frå samarbeidspartnarane.
  • Samarbeidspartnarar skal vere aktivt i minst ei arbeidspakke.
  • Samarbeidspartnarar skal vidare delta aktivt i planlegging av prosjektet, samt oppfølging og spreiing av resultata frå prosjektet for å sikre at ny kunnskap vert tatt i bruk.
  • Samarbeidspartnarar skal bidra til å dekke prosjektkostnader
  • Prosjektet skal ikkje være oppdragsforskning for enkeltaktører i næringsliv eller kommunal/fylkeskommunal sektor.
  • Utanlandske bedrifter kan delta som samarbeidspartnarar i prosjektet, men deira kostnader skal ikkje verte ført inn i budsjettabellane og tel ikkje som eigendel i prosjektet.

Hva kan du søke om støtte til?

RFF Vestland gir minimum 1 000 000 kroner og maksimum 3 000 000 i støttebeløp per prosjekt.

  • RFF Vestland kan dekke inntil 90 % av godkjende kostnader i prosjektet.
  • Samarbeidspartnarane frå næringslivet og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor skal dekke minst 10% av totale prosjektkostnader i form av eigeninnsats og/eller kontantbidrag.
  • Støtten skal brukes til å dekke de faktiske kostnadene i prosjektet.

Føresetnader for tildeling av støtte 

  • RFF Vestland si støtte skal i sin heilheit gå til forskingsorganisasjon(ane) si ikkje-økonomiske aktivitet i form av uavhengig forsking. Rekneskapsmessig skilje mellom den økonomiske og ikkje-økonomiske aktiviteten til forskingsorganisasjonen må vere på plass.
  • Det vert ikkje tildelt statsstøtte i denne utlysinga
  • Dersom prosjektet får støtte, skal prosjektansvarleg  etablere samarbeidsavtaler med alle samarbeidspartnarane i prosjektet. Samarbeidsavtalene skal
  • regulere gjensidige rettigheiter og pliktar
  • sikre at ingen samarbeidande bedrifter mottar indirekte støtte frå forskingsorganisasjon(ane) i prosjektet
  • innehalde vilkår som sikrar at ESA sine retningsliner for offentleg støtte til FoUoI pkt. 28 er overhaldt.
  • Forskingsresultata skal verte gjot tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
  • Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.

Forskningsartikler og forskningsdata

Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal verte nytta for lagring av forskingsdata i prosjektet.

Tips til søknadsprosessen

Eit godt planlagt prosjekt resulterar vanlegvis i ein godt formulert søknad. Les våre tips til ein god søknadsprosess.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

RFF Vestland ønskjer velkomen søknader som dekker eitt eller begge  temaområda i utlysinga:

Klimaomstilling og grønt skifte

Klimaomstilling omfattar både klimagassreduksjon og klimatilpassing. Det grøne skiftet handlar om omstilling til eit samfunn der utvikling og vekst skjer innafor tolegrensa til naturen. Sirkulærøkonomi, fornybare ressursar og bioøkonomi er sentrale stikkord her.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som vert tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som er bransjekryssande og tek utgangspunkt i særlege vestnorske utfordringar og potensial.

Samfunnstryggleik og beredskap

Temaområdet omfattar eit vidt spekter av fag- og ansvarsområde. Tema handlar om å ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet og forebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dessutan handlar det om effektiv ulykkes- og krisehandtering.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som vert tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som bidrar til å styrke samhandling mellom fleire nivå og ansvarsområde.

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

  • Søknaden må vere sendt inn via «Mitt nettsted» (sjå «Opprett søknad»).
  • Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
  • Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
  • Krav til prosjektansvarleg forskingsorganisasjon og prosjektleiar må vere oppfylt
  • Krav til samarbeidspartnarane må vere oppfylt
  • Prosjektskildringa skal følgje ein fast mal og du må fylle ut alle punkta.
    (Merk at malen er på engelsk, men søknaden kan skrivast på norsk.)
  • Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved i PDF-format

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maksimalt 11 sider. Bruk mal i utlysinga.
    (Merk at malen er på engelsk, men søknaden kan skrivast på norsk.)
  • CV på inntil 4 sider kvar for prosjektleiar og andre sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet) – på norsk eller engelsk
  • Intensjonsbrev frå alle samarbeidspartnarane. Intensjonsbrevet skal innehalde ei grunngjeving for kvifor prosjektet er viktig for partnarane samt skildre planlagt bidrag inn i prosjektet. (Maksimalt 1 side.)

Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.

Andre vedlegg enn dei obligatoriske vil ikkje bli vurdert.

Ufullstendige eller mangelfulle søknader vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.

Vurderingskriterier

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.

Søknader utan formelle feil vert vurdert av eit ekspertpanel i Forskningsrådet, med normalt tre fagekspertar.  Sekretariatet for RFF Vestland  vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret,  som fattar vedtak i slutten av februar 2021.  

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Utover dette, vert alle søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.

Forskningskvalitet | KSP

I hvilken grad prosjektet er ambisiøst, nyskapende og flytter forskningsfronten
• Vitenskapelig kreativitet og originalitet.
• I hvilken grad hypoteser og problemstillinger er nyskapende og dristige.
• I hvilken grad prosjektet har potensial for å frembringe ny kunnskap som flytter forskningsfronten, inkludert vesentlig utvikling/fornyelse av teori, metoder, eksperimenter eller empirisk kunnskap.

Kvaliteten på prosjektets FoU-aktiviteter
• Kvaliteten på problemstillingene, hypotesene og prosjektets mål, og i hvilken grad de er klart og tydelig beskrevet.
• I hvilken grad den teoretiske tilnærmingen, forskningsdesignet og metodevalget er troverdig og velegnet, og tverrfaglige innfallsvinkler er tilstrekkelig vurdert.
• I hvilken grad prosjektet tar hensyn til samfunnsansvar, etiske problemstillinger og kjønnsdimensjonen i forskningen på en tilfredsstillende måte.
• I hvilken grad prosjektet forholder seg til brukeres/interessenters kunnskap på en tilfredsstillende måte.

Virkninger og effekter | KSP

Potensielle virkninger og effekter av den foreslåtte forskningen
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater kan bidra til å møte viktige vitenskapelige utfordringer, både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater kan svare på viktige utfordringer i sektoren(e), både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad kompetanseutviklingen og prosjektets planlagte resultater vil gi grunnlag for verdiskaping i norsk næringsliv og/eller offentlig sektor.
• I hvilken grad prosjektets planlagte resultater er relevante for FNs bærekraftsmål eller har potensiale for å bidra til å møte andre viktige samfunnsutfordringer, både nå og i fremtiden.
• I hvilken grad de potensielle virkningene og effektene er tydelig formulert og troverdige.

Kommunikasjon og utnyttelse
• Kvaliteten på, og omfanget av, kommunikasjons- og involveringsaktiviteter rettet mot relevante interessenter/brukere.
• I hvilken grad samarbeidspartnerne er involvert i arbeidet med å ta i bruk prosjektets resultater.

Gjennomføring | KSP

Kvalitet på prosjektleder og prosjektgruppe
• I hvilken grad prosjektleder har relevant kompetanse og erfaring og har vist evne til å utføre forskning av høy kvalitet (sett i forhold til hans/hennes karrierestadium).
• I hvilken grad prosjektdeltakerne utfyller hverandre, og i hvilken grad prosjektgruppen innehar den nødvendige kompetansen for å gjennomføre prosjektet på en effektiv måte.

Kvaliteten på prosjektets organisering og ledelse
• I hvilken grad prosjektets organisering er effektiv, inkludert i hvilken grad ressursene til de forskjellige arbeidspakkene er tilstrekkelig og i samsvar med prosjektets mål og leveranser.
• I hvilken grad oppgavene i prosjektet er fordelt på en måte som sikrer at alle prosjektdeltakere har en tydelig rolle og tilstrekkelig med ressurser til å fylle denne rollen.
• I hvilken grad ledelse og styring i prosjektet er organisert på en egnet måte.
• I hvilken grad samarbeidspartnerne bidrar i styringen og gjennomføringen av prosjektet.

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

Regional relevans | Samarbeidsprosjekt

• I kva grad vil prosjektet bidra til å løyse utfordringar for kommunal sektor og/eller næringslivet som er spesielt viktige i Vestland fylke?
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?

I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.

Søknader utan formelle feil vert vurdert av eit ekspertpanel i Forskningsrådet, med normalt tre fagekspertar. Ekspertpanelet vurderer og gir ein samla karakter for kvart av kriteria Forskingskvalitet, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering frå fageksperten/panelet. 

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte 25. februar 2021.  

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Utover dette, vert alle søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. mai 2022, 11.37 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.