Regionalt hovudprosjekt

Hovudprosjekt er regionale innovasjonsprosjekt (for bedrifter og kommunar) og samarbeidsprosjekt (for forskingsorganisasjonar). Frist for rapportering står i kontrakten som er inngått mellom RFF Vestland/et og prosjektansvarleg organisasjon/bedrift.

ÅRLEG RAPPORTERING:

20. januar er frist for framdriftsrapport (spørjeundersøking i SurveyXact) og 1. mars er frist for årleg rekneskapsrapport. Du vil få påminning om desse fristane.

Slikt rapporterer du:

  1. Svar på ein spørjeundersøkjing: Klikk her for å kome til rapporteringslenke i surveySact
  2. Fylle ut rekneskapsrapportskjema (bruk skjema og les rettleiinga)


SLUTTRAPPORTERING:

Frist er 1 månad etter godkjend sluttdato. Når du skal avslutte prosjektet er det fleire ting du må gjere:

  1. Fylle ut rekneskapsrapportskjema (bruk skjema og les rettleiinga)
  2. Lage ein kort populærvitskapleg artikkel (bruk rettleiinga)
  3. Resulatrapportere frå prosjektet gjennom å svare på ein spørjeundersøkjing: Klikk her for å kome til rapporteringslenke i SurveyXact 
  4. Sende inn rekneskapsrapport og populærvitskapleg rapport på e-post eller vanleg post (sjå under)


Du kan sende inn rekneskapsrapport og populærvitskapleg artikkel på ein av tre måtar:

  1. E-post til sekretariatet: forsking@vlfk.no
  2. Digital (sikker) post til organisasjonsnummer 821311632 (Vestland fylkeskommune), til dømes gjennom eDialog 
  3. Vanleg post til Regionalt forskingsfond Vestland, Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen

Prosjektansvarleg må sjølve vurdere sendemåte.

Tittel på sendinga skal vere "(prosjektnummer) (prosjektnamn) + sluttrapport eller årleg rapport"

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. april 2024, kl. 14:50 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.