Regional kvalifiseringsstøtte/forprosjekt

Frist for sluttrapportering er ein månad etter godkjent sluttdato. Sluttdato står i tilsegnsbrevet frå RFF Vestland, sendt til prosjektansvarleg organisasjon/bedrift, dersom ikkje anna frist er godkjend seinare.


Når du skal avslutte prosjektet er det fleire ting du skal gjere:

  1. Fylle ut rekneskapsrapportskjema (bruk skjema og rettleiing)
  2. Lage ein kort populærvitskapleg artikkel (bruk rettleiinga)
  3. Resulatrapportere frå prosjektet gjennom å svare på ein spørjeundersøkjing: Klikk her for å kome til rapporteringslenke i SurveyXact
  4. Sende inn rekneskapsrapport og populærvitskapleg rapport på e-post eller vanleg post (sjå under)
    Tittel på sendinga skal vere "(prosjektnummer) (prosjektnamn) - sluttrapport"

Du kan sende inn rekneskapsrapport og populærvitskapleg artikkel på ein av  tre måtar:

  1. E-post til sekretariatet: forsking@vlfk.no
  2. Digital (sikker) post til organisasjonsnummer 821311632 (Vestland fylkeskommune), til dømes gjennom eDialog 
  3. Vanleg post til Regionalt forskingsfond Vestland, Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen

Prosjektansvarleg må sjølve vurdere sendemåte.

Tittel på sendinga skal vera "(prosjektnummer) (prosjektnamn) + sluttrapport eller årleg rapport"

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 17:33 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.