Kan olje fra nordatlantiske fiskeartar gi sunnare hud?

Omega-3 produsenten Epax i Ålesund skal forske på om olje frå nordatlantiske fiskeartar kan beskytte hudcellene mot ytre miljøfaktorar som solstråling og luftforureining. Prosjektet får støtte frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal.

Forskar Jennifer Mildenberger i Møreforsking Ålesund arbeider med cellekultur

Forskar Jennifer Mildenberger i Møreforsking Ålesund arbeider med cellekultur. I prosjektet skal ho bruke hudceller og teste kva som skjer når dei blir behandla med fettsyrene frå makrellolje.

Mesteparten av omega 3 konsentrata som finst på marknaden, kjem frå ansjos fiska utanfor Sør-Amerika. Men faktisk inneheld den Nord-Atlantiske fisken også rikeleg med lange, einumetta fettsyrer som det ikkje har blitt forska på i like stor grad som omega-3.
-Greier vi å dokumentere positive effektar av olje frå nordatlantiske fiskeartar, vil dette prosjektet bidra til å opne for nye og spennande bruksområde. Prosjektet vil også bidra til auka kompetanse og sikre arbeidsplassar regionalt, seier Iren Stoknes i Epax.

Første steg til ein større studie

Møreforsking Ålesund er med som FoU-samarbeidspart. Studien skal gjennomførast som ein pilot med frivillige for å studere kva som skjer med huda etter inntak av fiskeolja. Denne pilotstudien skal vere ein forløpar til ein større klinisk studie.

-Dette er eit interessant prosjekt fordi det er forska lite på helseeffektane frå langkjeda einumetta fettsyrer i nordatlantisk pelagisk fiskeolje, seier forskerane Jennifer Mildenberger og Lisa Kolden Midtbø i Møreforsking Ålesund AS.

Prosjektet fekk 700 000 kroner i støtte frå RFF Møre og Romsdal. Sjå alle som fekk støtte ved sist tildeling

Les meir om fondets støtteordningar.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 02:45 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.