Kva kan du søke finansiering til?
Du kan søke finansiering til prosjekt som bidrar til å løyse utfordringar og behov som næringslivet og kommunane i Møre og Romsdal har. Prosjekta skal føre til innovasjon, ny kunnskap, gi nytteverdi i kommunal sektor og styrke forretningsmoglegheitene for bedriftene.
Kvalifiseringsprosjekt
Dette er prosjekt som normalt pågår inntil 12 månader.
Det kan søkast om inntil 700 000 kroner i støtte.
Det er krav om minimum 30% eigenfinansiering fra prosjektpartnarne i form av timar eller pengar.
Det skal vere ein klar intensjon om vidareføring til hovudprosjekt. Prosjektet skal ha eit tydeleg forskingsinnhald, og det vil bli lagt vekt på innovasjonshøgden i prosjektet.
Behandlingstid: om lag 2-4 månader.
Hovudprosjekt
Dette er prosjekt som normalt går over 2-3 år.
Prosjektet skal stimulere til innovasjon (verdiskapande fornying) i bedrifter eller kommunale verksemder i Møre og Romsdal.
Hovudprosjekt kan gjerne bygge på eit kvalifiseringsprosjekt og er som regel mindre i omfang enn prosjekt som kan få støtte frå Forskingsrådet.
Hovudprosjekt blir normalt lyst ut 1 gong per år.
Mobiliseringsprosjekt (MobPro)
MobPro er ei ordning for bedrifter og kommunar med liten eller ingen erfaring med forsking og utvikling.
Du kan søke forprosjektmidlar på inntil 200 000 kroner til kjøp av tjenester frå eit forskingsmiljø.
Forprosjektet må vere om "mogleggjerande teknologi" eller "berekraftig og smarte løysingar", og det må ha eit tydeleg innovasjons- og forskingsinnhald.
Det er Forskingsrådet og Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga. Les meir på fylkeskommunens nettsider.