Kva skjer med regionale forskingsfond på Vestlandet etter regionreforma?

Frå 2020 får kvart fylke sitt regionale forskingsfond. Fonda skal som tidlegare bidra til å styrke regionane si evne til forsking og auke FoU-innsats. Det vil ta tid før prioriteringar og utlysingar for dei i nye fonda i Vestland og Rogaland kjem på plass.

Regionalt forskingsfond (RFF) Vestlandet er eit av sju regionale forskingsfond og er eit samarbeid mellom dei tre fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Fondet har i hovudsak  finansiert forskingsprosjekt og innleiande forskingsarbeid i bedrifter og kommunar. Saman med andre aktørar har fondet aktivt jobba for at bedrifter og kommunar skal samarbeide med forskingsinstitusjonar og ta i bruk forsking i sitt utviklings- og innovasjonsarbeid.

I 2020 vert det endringar som følgje av regionreforma. Kunnskapsdepartementet har sendt forskrift for Regionale forskingsfond til høyring.  Det overordna målet er i hovudsak vidareførte: Tilskotsordninga skal styrke regionane si evne til forsking gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats.

Kvart fylke skal få sitt eige fond og det vert opp til kvart fylke korleis dei ønskjer å styre og forvalte fondsmidlane. Forskrifta presiserer at bruken av tilskotsmidlane skal være forankra i regionale mål og strategiar. Det skal sikre at prioriteringane til fylkeskommunane er kopla til regionale forskingsbehov  – slik fylkeskommunane sjølve definerer dei.

Forskingsrådet si rolle som samarbeidspart og kvalitetssikrar ligg fast. Det er rom for felles utlysingar av forskingsmidlar og anna type samarbeid på tvers av fylka. Samla årleg tilskott til ordninga og fordelinga mellom fylkeskommunane vert fastlagt i statsbudsjettet.

Prioriteringane for dei nye fonda er ikkje klare

Fylkestinga vil som tidlegare bestemme overordna mål og prioriteringar for kvart fond.

Rogaland fylkeskommune held fram som sjølvstendig fylkeskommune.

Ein samla regional planstrategi (utviklingsplan) for det nye fylket Vestland kjem ikkje på plass før hausten 2020. Det betyr at mål og prioriteringar for Regionalt forskingsfond Vestland for 2020 må bygge på eksisterande planar og politiske dokument.

Nye nettsider og nyhendebrev

Både RFF Rogaland og RFF Vestland vil få eigne nettsider og nyhendebrev. Meir informasjon om dette kjem seinare. Dersom du i 2020 ikkje finn dei nye nettsidene, kan du gå via felles nettside for regionale forskingsfond.

Inga hovudutlysing i februar 2020

Det vert ikkje utlysing av hovudprosjekt (bedriftsprosjekt/kommunale prosjekt) i februar 2020. Det vert arbeidd med å til ei første utlysing av støtte til hovudprosjekt med søknadsfrist i september 2020 og prosjektoppstart frå 2021. Det er mogeleg, men ikkje vedteke om fonda i Rogaland og Vestland vil lyse ut kvalifiseringsstøtte/forprosjekt i løpet av fyrste halvår 2020.

I boksane finn du informasjon om:

  • Kor bedrifter kan få hjelp til å kome i gang med forsking
  • Kor komunar kan få hjelp til å kome i gang med forsking
  • Kva som skjer med dei aktive prosjekta når vi opprettar to nye fond