Kor kan bedrifter få hjelp?
Fylkeskommunane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane har gjennom FORREGION-satsinga engasjert kompetansemeklarar innan sine satsingsområde. Kompetansemeklarar diskuterer prosjektidéar og moglegheiter med bedrifter og kan kople bedrifta med relevante forskarar. Kompetansemeklarar jobbar både med enkeltbedrifter, gjennom samlingar og i nettverk. Kompetansemeklarane kan også arrangere møte der bedrifter og forskarar diskuterer behov og idéar for forsking. Kompetansemeklarane kan hjelpe bedriftene å finne moglege finansieringsordningar for sine prosjekt.

Hordaland
Hordaland fylkeskommune skal gjennom prosjektet MobiFORSK bidra til å mobilisere til forskingsbasert innovasjon i bedriftene. Målet er at Hordaland får fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø.
MobiFORSK har to tematiske satsingsområde:
- Berekraftig vekst innanfor bioøkonomien
- Teknologiutvikling gjennom bransjekryssande koplingar - å bidra til at eksisterande teknologi og kompetanse i regionen vert nytta på nye og smarte måtar
Her er kontaktinformasjon til kompetansemeklarane og prosjektleiar:
Rogaland
Rogaland fylkeskommune skal gjennom prosjektet VRI Rogaland støtte innovasjon og bidra til å auke forskingsinnsatsen i næringslivet i fylket.
VRI Rogaland har to temaområde:
- Bioøkonomi
- Teknologi med framtid
Her er kontaktinformasjon til kompetansemeklarane og prosjektleiar:
Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane fylkeskommune skal gjennom prosjektet VRI Sogn og Fjordane bidra til auka innovasjon og verdiskaping i regional næringsliv, ved å stimulere til auka samhandling mellom FoU-institusjonar, bedrifter og regionale styringsmakter.
Temasatsingar i VRI Sogn og Fjordane:
- Mat og reiseliv
- Teknologi og IKT
- Energi
Her er kontaktinformasjon til kompetansemeklarane og prosjektleia: