Gjennomført

FORREGION Vestland - forprosjekt 2022

Bedrifter som vil søkje om støtte til forprosjekt FORREGION må først etablere kontakt med ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland.

Utlysinga for 2024 vil bli oppdatert ved månadsskifte januar/februar 2024. 

Formål

Formålet er å støtte oppstart av FoU-prosjekt i bedrifter med liten eller ingen forskingserfaring. Prosjektideen må rette seg inn mot å løyse ei innovasjonsutfordring for bedrifta. Forprosjektet skal vere eit innleiande arbeide og vise plan for vidare forsking ved hjelp av andre finansieringsordningar.  

Ein av kompetansemeklarane i FORREGION Vestland må vere kopla på i prosessen med å utvikle søknaden.  

Om utlysningen

Ideen bak prosjektet må vere ein innovasjon som kan bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland fylke.

Følgjande tema er aktuelle for denne utlysinga:

  • A) Berekraftig og eksportretta industriutvikling samt havøkonomi
  • B) Sirkulær økonomi - berekraftig ressursforvaltning
  • C) Bioøkonomi "blå" og" grøn" - produksjon av mat og berekraftig bruk av biologiske ressursar
  • D) "Grøn" gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien

Punkta over er nærmare omtala i Temaplan forsking for Vestland fylke. Søknaden må få fram korleis prosjektet kan bidra bidra med ny kunnskap som både er viktig for bedrifta og samfunnet elles.

Det må kome klart fram i søknaden kva kunnskapsutfordringar som skal løysast ved forsking for å nå innovasjonen bedrifta ønskjer seg. 

Ramme for støtte

Bedrifter i Vestland fylke kan søkje om støtte på mellom kr. 100 000 og kr. 200 000,- til eit forprosjekt. minst 70 prosent av støtta skal gå til å finansiere innsatsen til forskingspartnaren. Bedrifta må stille med minst 30 prosent eigenfinansiering av samla prosjektkostnader. Eigenfinansieringa må vere i form av lønnsutbetalte midlar eller eit kontantbidrag.

Hvem kan søke?

Dei som kan søkje er bedrifter med liten eller ingen forskingserfaring. Bedrifter kan ikke søkje dersom dei i løpet av siste fem åra har vore prosjektansvarleg i hovudprosjekt finansiert av Forskningsrådet, Regionale forskningsfond (RFF) eller EUs forskingsprogram.

Bedrifter som søker må ha adresse og/eller vesentleg aktivitet  i Vestland fylke.

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg

Det er bedrifter som søkjer og står som prosjektansvarleg i søknadsskjemaet. Administrativt ansvarleg i søknadsskjema er den personen som har fullmakt til å representere og forplikte bedrifta. Dersom prosjektet er eit samarbeid mellom fleire bedrifter, skal prosjektansvarleg bedrift sende inn søknaden på vegne av alle samarbeidspartnarane.

Det vert oppmoda til mangfald og god kjønnsbalanse i prosjektorganiseringa.

Krav til prosjektleiar

Prosjektleiar er fagleg ansvarleg og må ha kompetanse på temaområdet i søknaden og/eller prosjektleiarkompetanse. 

Krav til FoU-leverandørar

Bedrifta må samarbeide med ein godkjend forskingsorganisasjonen om denne søknaden. Forskingsorganisasjone som deltek i prosjektet skal registrerast som FoU-leverandør i søknadsskjemaet. Vi bruker Forskningsrådet si liste over godkjende forskingsorganisasjonar. Berre organisasjonar som står på denne lista, kan vere norske FoU-leverandørar.

Utanlandske offentlege universitet og institutt kan også være FoU-leverandør. I prosjektsøknaden må utanlandsk FoU-leverandørar sin fagleg kompetanse på relevante fagområde i prosjektet vere godt skildra og dokumentert.

Hva kan du søke om støtte til?

Du kan søkje om støtte til å dekke faktiske kostnader som er nødvendig for å gjennomføre prosjektet.

Følgjande kostander kan inngå i prosjektet:

  • personal- og indirekte kostnader hos bedrifta
  • innkjøp av FoU-tenester
  • andre driftskostnader

Du finner detaljert og viktig informasjon på Forskingsrådet si nettside om kva budsjettet skal innehalde.

Alle kostnader skal førast utan mva. Deltakarane i prosjektet betaler mva for alle kostnader på vanleg måte, men fører desse i eit eige mva register med refusjon frå staten etter gledande reglar. Særleg ordning for bedrifter som ikkje er ført med registrering i Merverdiavgiftsregisteret.

Utrekning av støtte

Bedrifta kan få dekka mellom kr. 100 000 og 200 000 kr kroner og inntil 70 % av godkjende prosjektkostnader. Minimum søkt beløp er 100 000 kroner.

Minst 70 % av støttebeløpet må nyttast til innkjøp av FoU frå godkjend forskingsorganisasjon. 

Graden av støtte til prosjektkostnader i bedrifta er avhengig av innhald og type FoU-aktivitet i prosjektet, slik desse er definert i Gruppeunntaksforordning artikkel 25. Merk at all aktivitet må vere definert som industriell forsking eller eksperimentell utvikling. Om bedriftene bak søknaden er store, mellomstore eller små påverkar også støttegraden. 

Eksempel på tabell for støtteberekning:

Type bedrift/type aktivitet

Industriell forsking

Eksperimentell utvikling

Små bedrifter

70 %

45 %

Mellomstore bedrifter

60 %

35 %

Store bedrifter

50 %

25 %

For innvilga søknader vil støtta bli endeleg fastlagt i tilsegna.

Eigenfinansiering

Eigenfinansieringa kan vere kontantar og/eller lønsutbetalte timar. Timar vert ført som "personal- og indirekte kostander", og må  reknast ut på bakgrunn av reelle og reknskapsførte utgifter. For å finne rett timesats må du bruke Forskingsrådet si rettleiing for utrekning av personal- og indirekte kostnader for næringsliv, offentlig sektor og andre søkjarar.

Andre relevante driftskostnader bedriftene betaler sjølve kan også inngå som del av eigeninnsatsen. Slike kostander må vere tydelig omtala i søknaden.

Prosjektansvarleg og eventuelle andre partnarar som bidreg med eigeninnsats i form av eiga lønna arbeid må være oppdatert med innbetaling av arbeidsgivaravgift og skattetrekk.

Støtte kan ikkje nyttast til

  • skriving av søknader til nasjonale og regionale programmer
  • kjøp av utstyr
  • marknadsundersøkingar og marknadsføring
  • å etablere nettverk, klynger eller konsortium
  • kartlegging av forskingslitteratur

Rapportering og utbetaling

All rapportering og oppmoding om utbetaling skal skje via www.regionalforvaltning.no. Her må administrativt ansvarleg for prosjektet opprette eller nytte eksisterande brukarkonto - sjå brukarstøtte for regionalforvaltning.no. 

Utbetaling av støtte skjer etter at sluttrapportering er sendt inn og godkjend. Prosjektansvarleg bedrift kan oppmode om ei delutbetaling i prosjektperioden. 

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

Søknaden rette seg inn mot eit eller fleire av følgjande tema:

A) Berekraftig og eksportretta industriutvikling samt havøkonomi

B) Sirkulær økonomi – berekraftig ressursforvaltning

C) Bioøkonomi «blå» og» grøn» - produksjon av mat og berekraftig bruk av biologiske ressursar

D) "Grøn» gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien

Temaplan forsking for Vestland fylke 2022 – 2027 gir meir informasjon om innhaldet i dei fire temaa.

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

Søknaden vert sendt inn elektronisk via Forskningsrådet sin søkjeportal «Mitt nettsted».

Du kan lagre og endre på søknaden mens du arbeidar med han. Når søknaden er sendt inn, kan du ikkje endre han. Det er likevel mogleg å opprette ein ny søknad, f.eks. som kopi av den du har sendt inn – og på den måten sende inn ein ny versjon. FORREGION Vestland behandlar sist inkomme versjon av søknaden.

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maks 5 sider. Bruk standard mal du kan laste ned nedst på denne sida. Vi vurderer berre prosjektskildringar som er skriven i denne malen. 
  • CV for prosjektleiar
  • Skjema for partnaropplysningar. Bedrifta som søkjer skal også fylle ut dette skjemaet. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida. Fou leverandørar treng ikkje fylle ut partnarskjema. 
  • Eigenerklæring for private bedrifter. Bruk standard mal som du kan laste ned nedst på sida.

Alle vedlegga skal være i PDF-format. Vær nøye med å laste opp riktig vedlegg, ettersom det ikkje er lagt inn tekniske avgrensingar på kva slags dokument det er mogleg å laste opp.

Søknader som ikkje oppfyller krava over vil kunne bli avvist utan fagleg vurdering.

Valgfrie vedlegg

  • CV for sentrale deltakarar i prosjektet

Andre vedlegg enn dei som er spesifisert ovanfor vil ikkje bli vurdert.

Øvrige vilkår

  • Du må budsjettere alle prosjektkostnader etter Forskningsrådet sine retningsliner for budsjettering.
  • Vi tildeler midlar etter gjeldande EØS-reglar for statsstøtte til bedrifter som deltek i prosjekter. Kommunaldepartementet har meldt ordninga med forprosjekt til ESA under forskrift om unntak fra notifikasjonsplikt for offentlig støtte § 1, jf.EØS-avtalen vedlegg XV nr. 1j (forordning (EU) nr. 651/2014).
  • I søknadsskjemaet må du informere om det er søkt støtte til same eller liknande prosjekt til andre offentlige støtteordningar.
  • Dersom prosjekt som har fått tilskott ikkje blir gjennomført eller har manglar ved rapportering, kan Vestland fylkeskommune krevje at utbetalt tilskott vert tilbakebetalt

Vurderingskriterier

Søknader vil bli vurdert etter desse kriteria:

  • Forsking og innovasjon
  • Verknader og effektar
  • Gjennomføring
  • Regional relevans og samfunnsnytte

I tillegg vil det bli gitt ei samla vurdering.

Meir informasjon om vurderingskriteria:

Forskning og innovasjon | FORREGION Vestland

Innovasjonsgrad
• I hvilken grad møter innovasjonsidéen i prosjektet et udekket behov?
• Hvor original og nyskapende er innovasjonen?
• I hvor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?

Relevans og kvalitet på FoU-aktivitetene
• I hvor stor grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene relevante og/eller av kritisk betydning for innovasjonen og som bidrag til forprosjektet?

Virkninger og effekter | FORREGION Vestland

Verdiskapingspotensial og gevinstmuligheter
• I hvilken grad er det potensial for at resultatene fra forprosjektet kan bidra til
– verdiskaping i norsk næringsliv og/eller offentlig sektor?
– å løse betydelige nåværende og fremtidige samfunnsutfordringer, også med henvisning til FNs bærekraftmål

Gjennomføring | FORREGION Vestland

Plan for forprosjektet:

Hvor god er
• Kvalitet på prosjektplanen med mål, arbeidspakker, milepæler, ressursinnsats og relevante risikovurderinger
• Kvalitet/kompetanse til prosjektleder og eventuell prosjektgruppe
• Organisering, med roller og ansvarsdeling, styring og strategisk forankring
• Budsjett og finansiering

Plan for utnyttelse av FoU-resultatene for innovasjonen:
• Hvor god og realistisk er bedriftens plan for videre utvikling av ideen når forprosjektet er gjennomført? (f.eks. i form av hovedprosjekt)

Prosjektideens relevans | FORREGION Vestland

• Hvor godt vil forprosjektet bidra til at bedriften får erfaring med å ta forskning i bruk i sitt innovasjonsarbeid?
• Hvor godt er forprosjektet i tråd med de regionale satsingsområdene?

Samlet vurdering | FORREGION Vestland

Behandlingsprosedyre

Forventa svar på søknaden

Vi har løpande mottak av søknader gjennom året. Svar på søknaden vil skje i løpet av 2-3 veker.

Prosjektstart og prosjektslutt

Prosjektet kan ikkje starte før du har fått svar på søknaden.

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 13:48 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.