Gjennomført

VIKTIG MELDING OM ENDRING I SØKNADSFRIST. Siste moglege innsending er 1. desember kl. 13.00 (ikkje midnatt). Årsak er systemoppdatering, som gjer at "Mitt nettsted" vert tatt ned den dagen.

Formål

Innovasjonsprosjektet skal gi eit vesentleg bidrag til fornying og berekraftig verdiskaping for bedriftene som deltek i prosjektet, og gi samfunnsøkonomiske gevinstar. 

Tema er klimaomstilling og grønt skifte og samfunnstryggleik og beredskap.

Viktige datoer

15. okt 2020

Open for søknad

03. nov 2020

Digital prosjektverkstad

Informasjon og påmelding her.

01. des 2020

Siste frist for søknad

01. mar 2021

Tidligste tillatte prosjektstart

01. sep 2021

Seneste tillatte prosjektstart

01. sep 2024

Seneste tillatte prosjektslutt

Viktige datoer

Om utlysningen

RFF Vestland lyser ut inntil 12 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland.

Utlyst sum gjeld for tre utlysingar, og alle søknader til utlysingane vil konkurrere om dei same midlane:  

  • Regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet 2021
  • Regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor 2021
  • Regionale samarbeidsprosjekt 2021

Alle utlysingane har same tema:

  • Klimaomstilling og grønt skifte
  • Samfunnstryggleik og beredskap

Denne utlysinga gjeld regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet.

Utlysinga er open for løpande søknadsinnsending – fram til kl. 13.00 den 1. desember 2020. Av tekniske grunner er det ikkje er mogleg å endre på søknad som alt er levert, slik det er ved utlysingar som har fast søknadsfrist. Har du behov for å endre på innsendt søknad, må du trekke den og derette opprette ein ny søknad. Sist innsendt søknad blir behandla.

Bedrifter vert tildelt støtte i etter den såkalla gruppeunntaksforordninga (Kommisjonsforordning 651/2014 av 17. juni 2014) artikkel 25. I tillegg må dei  generelle vilkåra i forordninga kapittel I vere oppfylt. Reglane finn du her

 

Hvem kan søke?

  • Bedrifter og samanslutningar av bedrifter (t.d. bedriftsnettverk og klynger) i Vestland fylke, inkludert kommunale bedrifter som driv industriell eller forretningsmessig verksemd

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg

  • Prosjektansvarleg må være ei bedrift i Vestland registrert med organisasjonsnummer
  • Prosjektansvarleg må sikre finansiering av prosjektet utover støtte frå RFF Vestland

Krav til samarbeid og roller i prosjektet

  • Prosjektansvarleg bedrift må samarbeid med minst ei anna bedrift i Vestland. Dersom stor bedrift søkjer, er det krav til aktiv deltaking frå minst ei SMB-bedrift i Vestland (Definisjon av bedrift og størrelse følgjer EU sitt regelverk, sjå forklaring på Skattefunn si nettside) 
  • Prosjektansvarleg må dokumentere relevant forskingskompetanse i eigen organisasjon eller gjennom innkjøp frå ein FoU- leverandør. 
  • Alle prosjektpartnarar (utanom Prosjektansvarleg bedrift) og alle FoU-leverandørar må vere registrert under "Samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar" i søknadsskjemaet. Du kan lese meir om samarbeidspartnarar og FoU-leverandørar her.
  • FoU-leverandøren(ane) har ansvar for å utføre FoU-aktivitetar på oppdrag frå bedriftene (verksemdene) i prosjektet. FoU-leverandøren i prosjektet vil ikkje kunne krevje rettar til prosjektresultat.
  • Andre internasjonale og offentlege aktørar kan delta i prosjektet, men utan støtte frå RFF Vestland.
  • Ein prosjektpartnar skal definerast som "finansierande og utførande" (bedriftspartner som går inn med eigeninnsats) eller som "utførande" (fullfinansiert FoU-organisasjon eller bedrift som er FoU-leverandør inn i prosjektet).
  • Prosjektansvarleg  eller ein samarbeidspartnar kan ikkje ha eit bindande forhold til ein FoU-leverandør i prosjektet, for eksempel i konsernrelasjon.
  • Bedrifter (prosjektansvarleg og samarbeidspartnarar) i prosjektet har bindande forhold til kvarandre, vert rekna som ein og same støttemottakar etter statsstøtteregelverket.

Kjenneteikn til prosjektet

  • Prosjekta tar utgangspunkt i konkrete utfordringar og behov i nærings- og samfunnsliv i Vestland fylke.
  • Prosjektet tar vidare utgangspunkt i ein unik innovasjonsidé hos ein eller fleire bedrifter som samarbeider i prosjektet. Dei forventa resultata kan være verdiskapande i form av eit nytt produkt, ei ny teneste, ein ny produksjonsprosess, eller ei ny måte å levere produkt og tenester på. Innovasjon i denne samanhengen kan også være i form av vesentlege forbetringar eller nye eigenskapar ved eksisterande produkt, tenester eller prosessar hos bedrifta(ene).
  • Bedrifta(ene i prosjektet har behov for ny kunnskap eller ny teknologi for å kunne lukkast med innovasjonen. Kunnskapen og teknologien vert utvikla gjennom FoU-aktivitet med bruk av anerkjent metodikk. FoU-aktivitetane må være industriell forsking eller eksperimentell utvikling som definert i statsstøtteregelverket

 

Hva kan du søke om støtte til?

  • RFF Vestland gir minimum 1 000 000 kroner og maksimum 3 000 000 kroner i støttebeløp per prosjekt.
  • RFF Vestland kan dekke inntil 70% av godkjende kostnader i prosjektet. Støtte vert gitt etter statsstøtteregelverket.

RFF Vestland støtter kostnader knytt til FoU-aktivitetar i prosjektet. Vi gir ikkje støtte til drift eller tiltak for å nytte FoU-resultata, slik som beskyttelse av immaterielle rettar, marknadsundersøkingar og marknadsføring, uttesting og ferdigstilling av nye produkt og tenester. Slike kostnader kan ikkje vere med i prosjektbudsjettet.

Sett prosjektbudsjettet opp etter Forskningsrådet sine retningsliner.

Bryt prosjektbudsjettet ned på følgjande kostnadstypar:

  • Personal- og indirekte kostnader er kostnader knytt til bedriftene si eigenutført FoU i prosjektet.  
  • Innkjøp av FoU-tenester er kostnader knytt til å engasjere FoU-leverandørar.
  • Utstyr er drifts- og avskrivningskostnader for vitenskapelig utstyr som prosjektet er avhengig av å nytte.
  • Andre prosjektkostnader er kostnader til annan aktivitet som er nødvendig for å gjennomføre FoU-aktivitetane (for eksempel reiser).

Føresetnader for tildeling av støtte

  • Eit føretak er einkvar aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad. Støtte til føretak er å rekne som statsstøtte. Når eit føretak får dekka deler av sine prosjektkostnader i eit FoU-prosjekt, må dette skje etter Gruppeunntaksforordninga, art. 25 (Kommisjonsforordning (EU) nr. 651/2014).
  • Anna offentleg støtte til aktivitet som inngår i prosjektet vil kunne påverke omfanget av støtte frå RFF Vestland.
  • Forskingsresultata skal verte gjort tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
  • Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.

 

Forskningsartikler og forskningsdata

Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal verte nytta for lagring av forskingsdata i prosjektet.

Tips til søknadsprosessen

Eit godt planlagt prosjekt resulterar vanlegvis i ein godt formulert søknad. Les våre tips til ein god søknadsprosess.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

RFF Vestland ønskjer velkomen søknader som dekker eitt eller begge  temaområda i utlysinga:

Klimaomstilling og grønt skifte

Klimaomstilling omfattar både klimagassreduksjon og klimatilpassing. Det grøne skiftet handlar om omstilling til eit samfunn der utvikling og vekst skjer innafor tolegrensa til naturen. Sirkulærøkonomi, fornybare ressursar og bioøkonomi er sentrale stikkord her.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som vert tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som er bransjekryssande og tek utgangspunkt i særlege vestnorske utfordringar og potensial.

Samfunnstryggleik og beredskap

Temaområdet omfattar eit vidt spekter av fag- og ansvarsområde. Tema handlar om å ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet og forebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dessutan handlar det om effektiv ulykkes- og krisehandtering.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som vert tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som bidrar til å styrke samhandling mellom fleire nivå og ansvarsområde.

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

  • Søknaden må vere sendt inn via «Mitt nettsted» (sjå «Opprett søknad»).
  • Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
  • Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
  • Prosjektansvarleg og samarbeidspartnar(ar) skal finansiere minst 30% av totale prosjektkostnader i form av eigeninnsats eller kontantbidrag. Ubetalt eigeninnsats vert ikkje godkjend.
  • Prosjektskildringa skal følgje ein fast mal og du må fylle ut alle punkta.
  • Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved i PDF-format

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maksimalt 10 sider. Bruk mal i utlysinga.
  • Partnaropplysingar for søkjarbedrift (prosjektansvarleg) og for kvar av dei samarbeidande bedriftene (bedriftspartnarane). Bruk mal i utlysinga. (Last opp som vedleggtype "Partnaropplysingar".)
  • CV på inntil 4 sider for prosjektleiar og andre sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet).

Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.

Andre vedlegg enn dei obligatoriske vil ikkje bli vurdert.

Ufullstendige eller mangelfulle søknader vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.

Forskning og innovasjon | IP-Næringsliv

I hvilken grad representerer prosjektet en ambisiøs innovasjon som understøttes av relevante FoU-aktiviteter av god kvalitet?

• I hvilken grad representerer innovasjonen noe nytt?
• I hvilken grad retter innovasjonen seg mot tydelige behov eller nye markedsmuligheter for bedriftspartnerne i prosjektet?
• I hvilken grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I hvilken grad benytter prosjektet relevante og anerkjente FoU-metoder?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene nødvendige for å lykkes med innovasjonen?

Virkninger og effekter | IP-Næringsliv

I hvilken grad legger prosjektet til rette for betydelige gevinster for bedriftspartnerne, og også grunnlag for øvrige positive samfunnsmessige effekter?

• I hvilken grad vil prosjektet ha potensial for bærekraftig verdiskaping i Norge med betydelige bedriftsøkonomiske gevinster for bedriftspartnerne?
• I hvilken grad kan prosjektet gi positive eksterne effekter, for eksempel
– i form av kunnskapsspredning gjennom nettverk og publisering
– ved at resultater kan utnyttes i annet næringsliv, offentlig sektor eller samfunnet generelt
– ved at innovasjonen kan bidra til FNs bærekraftmål eller til å løse andre viktige samfunnsutfordringer?
• I hvilken grad er de potensielle virkningene og effektene av prosjektet tydelig formulert og godt sannsynliggjort?

Gjennomføring | IP-Næringsliv

I hvilken grad gir prosjektplanen et godt grunnlag for å få gjennomført FoU-aktivitetene og for å få realisert verdiskapingspotensialet?

• I hvilken grad har FoU-prosjektplanen solide og gjennomarbeidede mål, arbeidspakker, milepæler, ressursinnsats og relevante risikovurderinger?
• I hvilken grad vil prosjektet ha tilgang til nødvendig FoU-kompetanse og tilstrekkelig kapasitet til å gjennomføre FoU-oppgavene?
• I hvilken grad fremtrer prosjektet som strategisk forankret hos bedriftspartnerne og med en egnet prosjektorganisering?
• I hvilken grad har prosjektleder egnet kompetanse og erfaring for å lede et FoU- prosjekt rettet mot innovasjon og bærekraftig verdiskaping for bedrifter?
• I hvilken grad er planen for implementering av FoU-resultatene og realisering av gevinster relevant og dekkende, for eksempel når det gjelder spørsmål som:
– håndtering av IPR
– vurderinger av konkurranseforhold og markedsrisiko
– behov og planer for investeringer
– behov og planer for partnerskap for kommersialisering eller industrialisering
– behov for utvikling av forretningsmodeller?

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

Regional relevans | Næringsliv

• I kva grad vil prosjektet bidra til å løyse utfordringar for næringslivet som er spesielt viktige i Vestland fylke?
• I kva grad vil prosjektet bidra til berekraftig regional verdiskaping for andre enn dei involverte aktørane?
• I kva grad vil prosjektet bidra til kunnskapsoppbygging regionalt?

I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.

Søknader utan formelle feil vert vurdert av eit ekspertpanel i Forskningsrådet, med normalt tre fagekspertar. Ekspertpanelet vurderer og gir ein samla karakter for kvart av kriteria Forsking og innovasjon, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering frå fageksperten/panelet. 

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte 25. februar 2021.   

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Utover dette, vert alle søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. mai 2022, 12.10 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.