Gjennomført

Regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor (2021)

VIKTIG MELDING OM ENDRING I SØKNADSFRIST. Siste moglege innsending er 1. desember kl. 13.00 (ikkje midnatt). Årsak er systemoppdatering, som gjer at "Mitt nettsted" vert tatt ned den dagen.

Viktige datoer

15. okt. 2020

Open for søknad

3. nov. 2020

Digital prosjektverkstad

Informasjon og påmelding her.

1. des. 2020

Siste frist for søknad

1. mars 2021

Tidligste tillatte prosjektstart

1. sep. 2021

Seneste tillatte prosjektstart

1. sep. 2024

Seneste tillatte prosjektslutt

Viktige datoer

Formål

Eit innovasjonsprosjekt i kommunal sektor skal bidra til at kommunal sektor innoverer tenester, infrastruktur og forvaltning på ein systematisk og effektiv måte. Prosjektet skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for den kommunale verksemda og inngå i verksemda sine planer for utvikling. Tema er klimaomstilling og grønt skifte og samfunnstryggleik og beredskap. Prosjektet skal gi bidrag til innovasjon og berekraftig verdiskaping i Vestland. 

Om utlysningen

RFF Vestland lyser ut inntil 12 millionar kroner i FoU-støtte til prosjekt som kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland.

Utlyst sum gjeld for tre utlysingar, og alle søknader til utlysingane vil konkurrere om dei same midlane:  

  • Regionale innovasjonsprosjekt i næringslivet (2021)
  • Regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor (2021)
  • Regionale samarbeidsprosjekt for forskingsorganisasjonar (2021)

Alle utlysingane har same tema:

  • Klimaomstilling og grønt skifte
  • Samfunnstryggleik og beredskap

Denne utlysinga gjeld regionale innovasjonsprosjekt i kommunal sektor.

Utlysinga er open for løpande søknadsinnsending – fram til kl. 13.00 den 1. desember 2020. Av tekniske grunnar er det ikkje er mogleg å endre på ein søknad som alt er levert, slik det er ved utlysing som har fast søknadsfrist. Har du behov for å endre på innsendt søknad må du trekke den og derette opprette ein ny søknad. Sist innsendt søknad blir behandla.

Hvem kan søke?

Kommunar i Vestland og Vestland fylkeskommune

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg

  • Prosjektansvarleg må være ein kommunal organisasjon i Vestland, inkludert fylkeskommunen og interkommunale samarbeidsorganisasjonar/verksemder
  • Prosjektansvarleg må vere registrert med organisasjonsnummer
  • Prosjektansvarleg må sikre finansiering av prosjektet utover støtte frå RFF Vestland

Krav til samarbeid og roller i prosjektet

Minst ein annan kommune i Vestland og ein godkjend forskingsorganisasjon må delta i prosjektet. 

Prosjekta skal ta utgangspunkt i behov og utfordringar for dei kommunale verksemdene og inngå i verksemdene sine planer for utvikling.

Forventningar om anna samarbeid
RFF Vestland oppmodar også til samarbeid med andre offentlege verksemder, næringsliv, interesseorganisasjonar og andre aktørar som er relevante for prosjektet.

Oppfordrar til brukarmedverking
Brukarmedverking og brukarkunnskap er i mange samanhengar viktig for å lukkast i innovasjonsarbeidet. I prosjekt der det er relevant, bør ein legge opp til brukarmedverking, og brukarperspektivet bør vere tydeleg.

Hva kan du søke om støtte til?

  • RFF Vestland gir minimum 1 000 000 kroner og maksimum 3 000 000 kroner i støttebeløp per prosjekt.
  • RFF Vestland kan dekke inntil 70% av de godkjende kostnader i  prosjektet. Støtte vert gitt etter statsstøtteregelverket, der det er relevant.

RFF Vestland støtter FoU-aktivitetar i prosjektet. I prosjektskildringa skal du også skildre andre aktivitetar og tiltak som er nødvendige for å realisere innovasjonen, men vi finansierer ikkje kostnader til dette. 

Sett prosjektbudsjettet opp etter Forskningsrådet sine retningsliner.

Bryt prosjektbudsjettet ned på følgjande kostnadstypar:

  • Personal- og indirekte kostnader er kostnader hos prosjektansvarleg institusjon og andre prosjektutførande samarbeidspartnarar i offentleg sektor, i næringslivet og i forskingsorganisasjonar i Noreg.
  • Innkjøp av FoU-tenester,  som er kostnader ved  å engasjere FoU-leverandørar til å utføre FoU-oppgåver i prosjektet.
  • Utstyr er drifts- og avskrivingskostnader for vitskapeleg utstyr som prosjektet er avhengig av å nytte.
  • Andre prosjektkostnader, som er kostnader til annan aktivitet som er nødvendig for å gjennomføre FoU-aktivitetane.

Føresetnader for tildeling av støtte

Støtte til forskingsorganisasjonar som er samarbeidspartnarar i prosjektet, går til deira ikkje-økonomiske aktivitet. Dette er etter ESA sine retningsliner for offentleg støtte til forsking, utvikling og innovasjon. Rekneskapsmessig skilje mellom økonomisk og ikkje-økonomisk aktivitet må vere på plass.

Eit føretak er ein aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varer og/eller tenester i ein marknad. Støtte til føretak utgjer statsstøtte. Når eit føretak skal få dekka deler av sine prosjektkostnader, som samarbeidspartnar i FoU-prosjektet, må dette skje etter Gruppeunntaksforordninga, art. 25 (Kommisjonsforordning (EU) nr. 651/2014).

Statsstøtteregelverket sett klare grenser for støttegraden til føretak avhengig av storleik på føretaket samt type aktivitet i prosjektet. Det er ein føresetnad at forskinga vert gjennomført i faktisk samarbeid mellom alle partnarane slik dette er definert i statsstøtteregelverket:

"Samarbeid mellom minst to uavhengige parter for å utveksle kunnskap eller teknologi eller for å nå et felles mål på grunnlag av arbeidsdeling, der partene i fellesskap definerer omfanget av samarbeidsprosjektet, bidrar til dets gjennomføring og deler risikoer og resultater. En eller flere parter kan bære alle kostnadene for prosjektet og dermed frita andre parter for finansiell risiko. Oppdragsforskning og yting av forskningstjenester anses ikke som en form for samarbeid."

  • Dersom søknaden vert innvilga støtte, må prosjektansvarleg inngå avtale med alle samarbeidspartnarane.
  • Forskingsresultata skal verte gjort tilgjengelege ved deling og publisering i tråd med policy for open forsking.
  • Prosjektet skal ha plan for løpande formidling gjennom prosjektperioden.

Forskningsartikler og forskningsdata

Prosjektansvarleg verksemd avgjer kva arkivløysingar som skal verte nytta for lagring av forskingsdata i prosjektet.

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

RFF Vestland ønskjer velkomen søknader som dekker eitt eller begge  temaområda i utlysinga:

Klimaomstilling og grønt skifte

Klimaomstilling omfattar både klimagassreduksjon og klimatilpassing. Det grøne skiftet handlar om omstilling til eit samfunn der utvikling og vekst skjer innafor tolegrensa til naturen. Sirkulærøkonomi, fornybare ressursar og bioøkonomi er sentrale stikkord her.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som vert tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som er bransjekryssande og tek utgangspunkt i særlege vestnorske utfordringar og potensial.

Samfunnstryggleik og beredskap

Temaområdet omfattar eit vidt spekter av fag- og ansvarsområde. Tema handlar om å ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet og forebygge ulykker, kriser og andre uønskte hendingar. Dessutan handlar det om effektiv ulykkes- og krisehandtering.

Forskings- og utviklingsaktivitetane skal leie fram til nye eller vesentleg betre produkt, tenester, prosessar, organisasjons- og styringsformer som vert tatt i bruk for å oppnå verdiskaping og berekraftig utvikling. Innovasjon kan skje i alle bransjar og samfunnsområde.

RFF Vestland vil prioritere prosjekt som bidrar til å styrke samhandling mellom fleire nivå og ansvarsområde.

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

  • Søknaden må vere sendt inn via «Mitt nettsted» (sjå «Opprett søknad»).
  • Søknaden og alle vedlegg skal vere på norsk eller engelsk.
  • Søknaden skal være innafor formål og rammer for utlysinga og søknadstypen.
  • Prosjektansvarleg og samarbeidspartnar(ar) skal finansiere minst 30% av totale prosjektkostnader i form av eigeninnsats eller kontantbidrag. Ubetalt eigeninnsats vert ikkje godkjend.
  • Prosjektskildringa skal følgje ein fast mal og du må fylle ut alle punkta.
  • Alle obligatoriske vedlegg skal vere lagt ved i PDF-format

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjektskildring på maksimalt 10 sider. Bruk mal i utlysinga.  
  • Partnaropplysingar for alle samarbeidspartnarane, inkludert prosjektansvarleg kommunal organisasjon  (Last opp som vedleggtype "Partnaropplysingar").
  • CV på inntil 4 sider kvar for prosjektleiar og andre sentrale prosjektmedarbeidarar (til dømes ansvarlege for arbeidspakkane i prosjektet). (Last opp som vedleggtype «CV»).

Det er ikkje teknisk kontroll på innhald i vedlegga du laster opp, så pass på å laste opp korrekt fil på riktig vedleggtype.

Andre vedlegg enn dei obligatoriske vil ikkje bli vurdert.

Ufullstendige eller mangelfulle søknader vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.

Forskning og innovasjon | IP-Offentlig sektor

I hvilken grad representerer prosjektet en ambisiøs innovasjon som understøttes av relevante FoU-aktiviteter?

• I hvilken grad representerer innovasjonen noe nytt?
• I hvilken grad vil innovasjonen bidra til å løse en utfordring og/eller møte et erkjent behov?
• I hvilken grad har prosjektet potensial for å frembringe ny kunnskap som gir grunnlag for innovasjon?
• I hvilken grad er FoU-aktivitetene nødvendige for å lykkes med innovasjonen?
• I hvilken grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I hvilken grad benytter prosjektet relevante og anerkjente FoU-metoder?

Virkninger og effekter | IP-Offentlig sektor

I hvilken grad legger prosjektet til rette for verdiskaping i de offentlige virksomhetene, og også grunnlag for nytte for andre deler av offentlig sektor?

Verdiskaping og utnyttelse av resultater
• I hvilken grad er potensielle virkninger og effekter tydelig formulert og troverdige?
• I hvilken grad vil prosjektets resultater gi grunnlag for verdiskaping hos søker og partnere i offentlig sektor?
• I hvilken grad er plan for realisering av innovasjonen relevant og dekkende, herunder risikovurderinger, planer og ressursbehov, partnere, forankring og roller?

Formidling, deling, spredning og andre samfunnseffekter
• I hvilken grad er formidling og kommunikasjonsaktiviteter tydelig formulert og rettet mot relevante målgrupper?
• I hvilken grad er potensialet for deling og spredning gjennom formidling, samarbeid og nettverk tydelig formulert og sannsynliggjort?
• I hvilken grad kan prosjektet gi andre positive samfunnseffekter, for eksempel
– i form av utnyttelse av resultater hos andre deler av offentlig sektor, næringsliv og andre aktører
– ved at innovasjonen bidrar til FNs bærekraftmål eller til å løse andre viktige samfunnsutfordringer?

Gjennomføring | IP-Offentlig sektor

I hvilken grad gir prosjektplanen et godt grunnlag for å få gjennomført FoU-aktivitetene og for å få nyttiggjort resultatene?

Kvalitet på prosjektets organisering og ledelse
• I hvilken grad er arbeidsplanen velegnet, inkludert om ressursene til de forskjellige arbeidspakkene er tilstrekkelig og i tråd med den enkelte arbeidspakkes mål, tidsplan og leveranser?
• I hvilken grad er samarbeidspartnerne de rette til å gjennomføre FoU-aktivitetene og med en tydelig og relevant fordeling av budsjett, roller og ansvar?
• I hvilken grad er ledelse og styring i prosjektet organisert på en egnet måte?

Kvalitet på prosjektleder og prosjektgruppe
• I hvilken grad har prosjektleder relevant kompetanse og erfaring for å lede et FoU-prosjekt rettet mot innovasjon og verdiskaping i offentlig sektor?
• I hvilken grad har prosjektgruppen den nødvendige kompetansen og ekspertisen for å gjennomføre prosjektet på en effektiv måte?

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

I tillegg vil det bli lagt vekt på Formidling og kommunikasjon, Forskingsetikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor dei mål og rammer som er gitt i utlysinga.

Søknader utan formelle feil vert vurdert av eit ekspertpanel i Forskningsrådet, med normalt tre fagekspertar.  Ekspertpanelet vurderer og gir ein samla karakter for kvart av kriteria Forsking og innovasjon, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering frå fageksperten/panelet.

Sekretariatet for RFF Vestland  vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret. Styret fattar vedtak om støtte 25. februar 2021.  

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlege aktørar (som Innovasjon Noreg og Forskningsrådet) der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Utover dette, vert alle søknader behandla etter Lov om offentlighet § 26, fjerde avsnitt.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 25. april 2024, kl. 18:31 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.