Satsingsområde

Regionale forskingsfond skal styrke regionene si forskingsevne gjennom tilskott til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats. Regionalt forskingsfond Vestland sine prioriteringar er gitt av fylkepolitikarane. Styret skal i møte 21. april 2020 bestemme nærare prioriteringar og utlysing av forskingsmidlar i 2020.

Det politiske bestillingsbrevet gis desse prioriteringane:

RFF Vestland skal vere ein sentral drivar for innovasjon ved å mobilisere til og finansiere forskingsprosjekt av god kvalitet innanfor prioriterte innsatsområde:

• Berekraftig verdiskaping i næringsliv og offentleg sektor
• Gode klima- og miljøløysingar
• Evne til innovasjon og omstilling

Prioriterte forskingstema
RFF Vestland skal med utgangspunkt i sentrale utfordringar og prioriterte innsatsområde for Vestlandet mobilisere til og finansiere forsking innan desse tema:

• Ny teknologi og prosessar som medverkar til klimaomstilling og til eit grønt skifte.
• Berekraftig matproduksjon, bioøkonomi og sirkulær økonomi
• Reiseliv som styrkar lokalsamfunna og gir lågt klimaavtrykk
• Kommunal tenesteproduksjon og samfunnsutvikling
• Drivkrefter for utvikling og innovasjon i Vestland fylke.

Finansiere brukarstyrt forsking med innovasjonspotensiale
RFF Vestlandet skal arbeide for at forsking fondet finansierer gir ny kunnskap med potensiale for innovasjon i bedrifter og i offentleg sektor.

RFF Vestland skal som hovudsak lyse ut midlar med bedrifter og kommunar som målgruppe, men kan også, jfr pkt c i forskrifta om RFF, opne opp for at forskings- og utdanningsinstitusjonar kan stå som prosjektansvarleg søkjar

RFF Vestlandet skal vurdere om det er grunnlag for å etablere særlege programsatsingar innan utvalde temaområde. Eit verktøy vil vere å aktivt kople aktørar med ulik funksjon innan særleg prioriterte verdikjeder, utviklingsområde eller samfunnsoppdrag.

Det vert føresett at fondsstyret er merksam på balansen mellom offentlege- og bedriftsprosjekt.

Mobilisere til forsking og samhandling med andre verkemiddel

RFF Vestland skal legge vekt på å samordne aktivitetar i fylket og med nasjonale og internasjonale forskingsprogram- og aktivitetar. Fondet skal koordinere aktiviteten sin inn mot fylkeskommunen sine utviklingsmidlar og Innovasjon Noreg sine støttemidlar.

I 2020 har Vestland fylkeskommune to prosjekt i Forskingsrådet sitt FORREGION-program (MobiFORSK og VRI4), der ein arbeider med mobilisering til meir forsking i bedrifter. Verkemidlane er kompetansemekling (kople bedrifter med relevante forskarar), nettverksmøte og forprosjekt. Arbeidet med mobilisering til forsking og finansiering av forsking må vere godt koordinert.


RFF Vestland skal ha spesiell merksemd på å bidra til mobilisering av bedrifter og kommunar til deltaking i Horisont Europa.

Fondet må til ei kvar tid vurdere sine utlysingar i høve til Noreg forskingsråd sine satsingar og utlysingar, slik at fondet står fram mest mogeleg komplementært til desse

 

BESTILLINGSBREVET