Regionale forskingsfond Vestland er tilbake med ny utlysing
Vestland fylkeskommune re-startar Regionalt forskingsfond Vestland (RFF Vestland) med to nye utlysingar. Formålet med utlysingane er å finne løysingar som kan bidra til at oppdrettsnæringa reduserer problemet med lakselus gjennom auka kunnskap om påverknad på villaks og sjøaure.
Frå 2024 avslutta den statlege finansieringa av ordninga med regionale forskingsfond. No følgjer Vestland fylkeskommune etter fleire andre fylke som med eigne midlar nyttar RFF som verktøy til å få fram viktig kunnskap for innovasjon og regional utvikling.
Heilt frå oppstarten 2010 har RFF finansiert FoU prosjekt med verknad for viktige kunnskapsutfordringar i fylket vårt. Denne samankoplinga av regionalt prioriterte kunnskapsutfordringar og regionalt styrte forskingsmidlar har gitt RFF til ei heilt spesiell rolle i verktøykassa for regional innovasjon og utvikling.
No kan vi i Vestlande fylke på nytt ha glede av ei regional finansieringsordning for forsking og utvikling. Dette som eit viktig supplement til nasjonale og internasjonale ordningar som Forskingsrådet sine utlysingar og tilsvarande frå Horisont Europa.
Les meir om dei nye utlysingane her.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. juni 2025, kl. 03.10 CEST