Vil gjere det betre for ku, kalv og mjølkeprodusentar

NORSØK på Tingvoll ønskjer å utvikle smart teknologi for å effektivisere mjølkeproduksjonen og samtidig betre velferda for ku og kalv. Prosjektet får støtte frå Regionale forskingsfond Møre og Romsdal.

I dagens kufjøs er det vanleg at kalven blir skilt frå mora og plassert i binge med det same han er fødd. Mange er kritiske til slik tidleg avvenning og meiner at det ikkje er foreinleg med god dyrevelferd. Dette vil NORSØK gjere noko med. -Vi vil undersøke om ikkje dyras naturlege åtferdsmønster kan utnyttast i staden for kompliserte og dyre styringssystem, seier prosjektansvarleg i NORSØK, Turid Strøm.

Enkel løysing for alle fjøs 

Målet er å få på plass eit velferdssystem for ku og kalv som kan takast i bruk i alle fjøs og alle mjølkesystem, til minst mogleg investering og ombygging.
-Vi vil teste ut om vi kan etablere soner i fjøset som er så attraktive at kalvane vil opphalde seg der mesteparten av tida, men samtidig kunne gå til mora for å die. Etter 35 dagar vil kalvane bli skilt frå kyrne, slik at dei ikkje lenger kan die, men likevel ha ein form for kontakt.

Måling og observasjon

For å finne ut om dette er ein farbar veg, skal ein undervegs måle både tilvekst hos kalvane, mjølkeleveranse, mjølkekvalitet og fôrforbruk. Åtferdsobservasjonar og videoovervaking av dyra skal vise om dette gjev meir naturleg åtferd og betre dyrevelferd. -Dersom vi greier å utvikle mindre arbeidskrevande driftsopplegg, samtidig som vi betrar dyrevelferden, vil dette auke konkurransekrafta i mjølkeproduksjonen og bidra til eit betre omdømme i næringa. Vi trur også dette kan bidra til å oppretthalde eller auke talet på mjølkeprodusentar i regionen, seier Strøm.

Prosjektet er eit samarbeid mellom NORSØK, Landbruk Nordvest, bønder i Møre og Romsdal og Fjøssystemer AS. 

RFF Møre og Romsdal støttar prosjektet med 700 000 kroner. Her er ei oversikt over alle prosjekta som fekk kvalifiseringsstøtte frå RFF-støtte ved forrige tildeling. 

 

Meldinger ved utskriftstidspunkt 16. april 2024, 12:18 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.