Regional kvalifiseringsstøtte for kommunar (2019)

Opprett søknad

Siste mulege dato for innsending av søknad i 2019 er 21. august.
Det er ikkje muleg å sende inn fleire versjonar av søknaden. Dersom du vil gjere endringar etter at søknad er sendt inn, må du opprette og sende inn ein ny søknad. Sist innsendt søknad vil verte behandla.

Formål

Kvalifiseringsprosjekta skal vere eit innleiande forskingsarbeide som bidreg til å utvikle forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) hos kommunar og deira samarbeidspartar. FoU-prosjekta skal støtte opp under innovasjon i kommunal sektor.

Viktige datoer

26 sep 2019

Styret vedtek kva prosjekt som får støtte

26 sep 2019

Tidligste tillatte prosjektstart

Viktige datoer

Om utlysningen

Løpande utlysing av regional kvalifiseringsstøtte (forprosjekt) for 2019 med siste søknadsfrist 21. august. Kommunar og fylkeskommunar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane kan søkje om inntil kr. 500.000 i inntil eitt år.

Hvem kan søke?

Dei som kan søke er ein organisasjon innan kommunal sektor som samarbeider med forskingsinstitusjon/ar i eller utanfor fondsregionen. Kommmunal sektor er ein kommune, fylkeskommune eller ein samanslutning av slike.
Prosjektansvarleg organisasjon/eining må vere lokalisert i fondsregionen (Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane) og vere registrert med organisasjonsnummer.

Hvem kan delta i prosjektet?

Forskingsorganisasjonar, andre kommunar og offentlege aktørar, bedrifter, frivillige oganisasjonar som har ei rolle i prosjektet.

Hva kan du søke om støtte til?

Kvalifiseringsprosjekta skal vere eit innleiande forskingsarbeide som bidreg til å utvikle forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) hos kommunar og deira samarbeidspartar. FoU-prosjekta skal støtte opp under innovasjon i kommunal sektor.

I søknaden må det kome fram:

  • Kva aktivitet som skal gjennomførast i kvalifseringsprosjektet og korleis dette skal søke svar på kritiske kunnskapsspørsmål som må vere avklart før eit større FoU-prosjekt
  • Kva som er måla med det større FoU-prosjektet som er planlagt, og korleis ein tenkjer at dette kan bidra til innovasjon og verdiskaping i kommunal sektor og på Vestlandet.
  • Definerte kunnskapsbehov, forskingsspørsmål og metodiske utfordringar ein skal arbeide med i kvalifiseringsprosjektet.
  • At ein har satt seg inn i aktuell forsking innan relevante fagfelt.
  • Kor ein planlegg å søkje om midlar til eit større FoU-prosjekt etter at kvalifiseringsprosjektet er gjennomført (til dømes Regionale forskingsfond, Forskingsrådet, EU eller liknande).

Kvalifiseringstøtte kan ikkje verte nytta til:

  • reine litteraturstudium
  • marknadsundersøkingar og marknadsføring
  • å etablere nettverk, klynger eller konsortium
  • større utstyrsinnkjøp
Opprett søknad

Aktuelle temaer for denne utlysningen

Utlysinga er tematisk open. Kommunar og fylkeskommunar definerer sjølve kva dei ønskjer forsking på, knytt til eigne ansvars- og tenesteområde.

Innovasjon er vurdert som avgjerande for å kunne oppretthalde god kvalitet på offentlige tenester i møtet med auka forventningar i befolkninga, demografisk utvikling, pressa budsjettrammer og globalisering.

Kommunar og fylkeskommunar er tenesteprodusentar og legg til rette for berekraftig samfunnsutvikling. Kommunal sektor står slik i første rekke til å møte nokre av dei mest krevjande samfunnsutfordringane i dag.

Kommunal sektor er sjølv i endring. Kommunereforma vil til dømes kunne gi endra rammer for kommunane sitt arbeid, nye utfordringar og nye kunnskapsbehov. Det er dessuten auka krav til samspel mellom tenesteområde og mellom offentleg, privat og frivillig sektor.

Norske kommunar har mykje til felles, men også ein del som skil dei frå kvarandre. Den vestnorske geografien, busettings- og næringsstrukturen set også ramma for mulegheiter og utfordringar i kommunale ansvarsområde. Regionale skilnader kan difor representere særlege utfordringar det er viktig å møte ved hjelp av forsking.

  • Prosjekta skal vere forankra i kommunale mål, strategiar og kommunalt leiarskap i søkjarkommunen/ane og involvere den kommunale organisasjonen.
  • Det kommunale engasjementet skal vere synleg i budsjettet (kostnader, finansiering)
  • Spreiing av resultat til andre kommunar og andre relevante aktørar vert vektlagt

Fornyelse og innovasjon i offentlig sektor

Krav til utforming

Søknaden og obligatoriske vedlegg

  • Søknaden er innan formål og rammer for utlysinga
  • Søknaden er sendt inn som eSøknad på "Mitt nettsted". (Når ein opprettar søknad vert ein automatisk kopla dit. Du finn søknadsskjema der når utlysinga er aktiv.)
  • Obligatorisk vedlegg 1: Prosjektbeskriving etter oppgitt mal og format (5 sider)
  • Obligatorisk vedlegg 2: CV med publikasjonsliste for prosjektleiar og sentrale FoU-medarbeidarar (maks 4 sider per CV)
  • Obligatorisk vedlegg 3 - berre for bedrifter: Partnaropplysningar for alle bedriftspartnarar i prosjektet etter oppgitt mal:
  • Manglande obligatoriske vedlegg kan føre til at søknaden ikkje blir vurdert.
  • Andre vedlegg er ikkje tillate og vil ikkje verte tatt med i søknadsvurderinga.
  • Vi ønskjer primært at søknader skal skrivast på norsk.

Kostnader og finansiering

  • Prosjektperiode på inntil 12 månader
  • Støttebeløp på inntil kr. 500.000
  • Kostnader som gir grunnlag for støtte er løns- og personalkostnader, kjøp av FoU-tenester, leige av utstyr og relevante driftskostnader. Innkjøp av utstyr vert i hovudsak ikkje dekka.
  • RFF Vestlandet støtter inntil 50% av godkjende kostnadar i prosjektet.
  • Dersom aktørar som driv økonomisk verksemd/bedrifter er partnar i prosjektet, 50% øvre for kvar av desse partnarane Støtte vert gitt etter kategorien "Forundersøking" i statsstøtteregelverket.
  • Utrekning av eigenfinansiert innsats i prosjektet skal følgje Forskingsrådet sine reglar. Dette gjeld særleg berekning timekostnad for eigne tilsette (personal- og indirekte kostnader)..
  • Berre rekneskapsførte utgifter, herunder innberette løm, vert lagt til grunn for godkjenning av prosjektkostnader. Ulønna timar kan ikkje verte rekna som eigeninnsats i prosjektet. 

Ufullstendige eller mangelfulle søknadar vil kunne verte avslått utan fagleg vurdering.

Vurderingskriterier

Fagpanelet vurderer desse kriteria:

Innovasjonen og verdiskapingspotensiale (kvalifiseringsprosjekt)

Kor godt er innovasjonen/den nye løysinga forklart?
Kor ny/betydelig er innovasjonen/den nye løysinga?
For bedriftssøknadar: Er det sannsynliggjort verdiskapingspotensial for deltakande bedriften/er og for Vestlandet?
For offentlege søknadar: Er det sannsynliggjort verdiskapingspotensial og nytte for deltakande kommunar, kommunal sektor og for Vestlandet?

Forskingsinnhald - potensiale for ny kunnskap (Kvalifiseringsprosjekt)

Vurder desse punkta:
- I kva grad kunnskapsbehov er synleggjort
- I kva grad kunnskap om fagfeltet synleggjort, f.eks. gjennom relevante referansar?
- I kva grad det er definert gode forskingsspørsmål
- I kva grad prosjektet vil kunne bringe fram ny kunnskap

Prosjektkvalitet (Kvalifseringsprosjekt)

I kva grad prosjektet framstår som gjennomførbart ut frå desse punkta:
- Løysingsforslag og FoU-metode
- Prosjektgjennomføringsplan, inkl. milepåler og leveansar
- budsjett og ressursinnsats, herunder finansiering

Gjennomføringsevne (Kvalifiseringsprosjekt)

I kva grad samarbeidspartnarane samla sett vil kunne gjennomføre kvalifiseringsprosjektet på best muleg måte ut frå desse punkta:
- Fagleg leiing
- Organisering og administrativ leiing
- Samarbeidskonstellasjonar (samansetning, rollefordeling og kompetanse)

Opplegg for vidare forsking (Kvalifiseringsprosjekt)

Vurder desse punkta:
- I kva grad det er skissert vidareføring som forskingsprosjekt.
- Kor godt kjem det fram kva finansieringsordningar ein planlegg å søke for hovudprosjektet.
- Kor strategisk viktig vidareføring er for dei involverte partane
- Har forskingsprosjektet betyding for andre enn dei involverte

Samla vurdering frå fagekspertar/panel (RFFVEST Kvalifisering)

Samla vurdering frå fagekspertar/panelet basert på dei kriteria som fagekspertane/panelet er bedt om å vurdere.

Sekretariatet vurderer spesielt:

  • Regional relevans
  • Etikk
  • Miljøkonsekvensar
  • Addisjonalitet (tilleggsverdi av eventuell støtte til prosjektet

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for fondsstyret vurderer om søknadane fyller krava i utlysinga. Søknadar som ikkje fyller krava kan verte avviste administrativt på formelt grunnlag. Søkjar vil få informasjon om dette så snart som råd, slik at formelle feil kan rettast opp og søknaden eventuelt kan sendast inn på nytt.

Søknader som fyller krava går vidare til fagpanel/ekspertvurdering. RFF Vestlandet nyttar eksterne ekspertar til fagleg vurdering av søknadene. Ekspertane gir si vurdering til sekretariatet, som deretter gjer sluttvurderinga av søknadene.

Sekretariatet lager så ei innstilling til fondsstyret, som fattar vedtak i styremøte. Frist for innlevering knytt til behandling i kvart styremøte er omtalt under.

Fondet tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlige virkemiddelaktørar når det er relevant for søknadsbehandlinga.

Sjekkliste for søknader

Når du sender inn søknad på "Mitt nettsted" må du sjølve passe på at alle krav i utlysinga er oppfylt og obligatoriske vedlegg er med. Gå gjennom denne sjekklista for å sikre at søknaden oppfyller dei formelle krava og kan verte fagvurdert.

Har du lest utlysinga nøye og kontrollert at tema og innretting av søknaden er i tråd med utlysinga?  
Har du fylt inn alle punkt i søknadsskjemaet?  
Har du nytta obligatorisk mal for prosjektsbeskriving? Har du svart på alle spørsmåla i malen?  
Har du lagt ved CV for sentrale FoU-medarbeidarer i prosjektet?  
Har du fylt ut partnarskjema for bedrifter som deltek i prosjektet?  
Har du sjekka søknadsbeløpet i høve til regelverk for støtte?  

seniorrådgivar

Randi Lotsberg

seniorrådgivar

Turi Kvame Lorentzen

Jone Engelsvold

Jone Engelsvold