Regional kvalifiseringsstøtte for bedrifter (2019)

Berre vedlegg som er lista opp i denne utlysinga er obligatoriske. Ikkje legg ved andre vedlegg.

Siste mulege dato for innsending av søknad i 2019 er 21. august.
Det er ikkje muleg å sende inn fleire versjonar av søknaden. Dersom du vil gjere endringar etter at søknad er sendt inn, må du opprette og sende inn ein ny søknad. Sist innsendt søknad vil verte behandla.

Formål

Kvalifiseringsprosjekta skal vere eit innleiande forskingsarbeide som bidreg til å utvikle forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) hos søkarbedrifta og deira samarbeidspartar. FoU-prosjekta skal støtte opp under innovasjon i bedrifter.

Viktige datoar

26 sep 2019

Styret vedtek kva prosjekt som får støtte

26 sep 2019

Tidligste tillatte prosjektstart

Viktige datoar

Om utlysningen

Løpande utlysing av regional kvalifiseringsstøtte (forprosjekt) for 2019 med siste søknadsfrist 21. august. Små- og mellomstore bedrifter (SMB) og store bedrifter som samarbeider med SMB bedrifter kan søke om inntil kr. 500 000 i inntil eitt år. Søkjar må ha adresse i fondsregionen (Hordaland, Rogaland eller Sogn og Fjordane.)

Hvem kan søke?

Dei som kan søke er små og mellomstore bedrifter (SMB), store bedrifter som samarbeider med SMB-bedrifter eller samanslutning av bedrifter i fondsregionen, der SMB-bedrifter er med.

  • Prosjektansvarleg bedrift må vere lokalisert i fondsregionen (Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane) og vere registrert med organisasjonsnummer.
  • Utlysinga retter seg særleg mot små og mellomstore bedrifter (SMB).
  • Dersom store bedrifter søkjer, må dei ha prosjektsamarbeide med ei eller fleire SMB-bedrifter i regionen
  • Prosjektansvarleg kan óg vere samanslutningar, til dømes foreining, organisasjon eller samskipnad av bedrifter. Det er krav til organisasjonsnummer.
  • Definisjon av bedrift og storleik følgjer EU sitt regelverk.
  • Søkjar må dokumentere at dei har knytt til seg personar med forskingskompetanse og erfaring med forskingsarbeide og/eller at dei samarbeider med forskingsinstitusjon/ar i eller utanfor fondsregionen.

Hvem kan delta i prosjektet?

Andre bedrifter, forskingsinstitusjonar, andre aktørar - uavhengig av geografi, som har ei definert rolle i prosjektet.

Hva kan du søke om støtte til?

Kvalifiseringsprosjekta skal vere eit innleiande forskingsarbeide som bidreg til å utvikle forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt) hos søkarbedrifta og deira samarbeidspartar. FoU-prosjekta skal støtte opp under innovasjon i bedrifter.

I søknaden må det kome fram:

  • Kva aktivitet som skal gjennomførast i kvalifseringsprosjektet og korleis dette skal søke svar på kritiske kunnskapsspørsmål som må vere avklart før eit større FoU-prosjekt
  • Kva som er måla med det større FoU-prosjektet som er planlagt, og korleis ein tenkjer at dette kan bidra til innovasjon, verdiskaping og berekraft i bedrifta og på Vestlandet.
  • Definerte kunnskapsbehov, forskingsspørsmål og metodiske utfordringar ein skal arbeide med i kvalifiseringsprosjektet.
  • At ein har satt seg inn i aktuell forsking innan relevante fagfelt.
  • Kor ein planlegg å søkje om midlar til eit større FoU-prosjekt etter at kvalifiseringsprosjektet er gjennomført (til dømes Regionale forskingsfond, Forskingsrådet, EU eller liknande).

Kvalifiseringstøtte kan ikkje verte nytta til:

  • reine litteraturstudium
  • marknadsundersøkingar og marknadsføring
  • å etablere nettverk, klynger eller konsortium
  • større utstyrsinnkjøp

Aktuelle temaer for denne utlysningen

Fondet ønskjer å stimulere til klima- og miljøvenlege løysingar, industrialisering og vidareforedling av naturgitte og stadbundne råvarer frå regionen. Søknader skal vise korleis FoU-prosjektet vil kunne bidra til verdiskaping, berekraftig næringsliv, nye arbeidsplassar eller å trygge eksisterande arbeidsplassar på Vestlandet.

Søknader må vidare rette seg inn mot eit av desse deltema:

Innovasjon basert på teknologi og kompetanse innan havnæringar og energinæringar

Forskinga skal gjelde klima- og miljøvenlege innovasjonar innan:
- Havnæringar
- Energinæringar
- Andre næringar, når ein nyttar teknologi og/eller kompetanse frå havnæringar eller  energinæringar
Fondet vil innan dette temaområdet også stimulere til teknoloigiutvikling basert på digitale forretningsmodellar. 

Innovasjon innan berekraftig matproduksjon og bioøkonomi

Forskinga skal gjelde innovasjonar innen berekraftig matproduksjon og bioøkonomi. 
Fondet vil innan dette temaområdet også stimulere til teknoloigiutvikling basert på digitale forretningsmodellar. 

Bransjer og næringer

Krav til utforming

Søknaden og obligatoriske vedlegg

  • Søknaden er innan formål og rammer for utlysinga
  • Søknaden er sendt inn som eSøknad på "Mitt nettsted". (Når ein opprettar søknad vert ein automatisk kopla dit. Du finn søknadsskjema der når utlysinga er aktiv.)
  • Obligatorisk vedlegg 1: Prosjektbeskriving etter oppgitt mal og format (5 sider)
  • Obligatorisk vedlegg 2: CV med publikasjonsliste for prosjektleiar og sentrale FoU-medarbeidarar (maks 4 sider per CV)
  • Obligatorisk vedlegg 3: Partnaropplysningar for søkjar og alle bedriftspartnarane etter oppgitt mal: Her er malen DOCX - 89 KB -
    NB. Alle partnarane skal også førast opp i søknadsskjemaet.
  • Andre vedlegg er ikkje tillate og vil ikkje verte tatt med i søknadsvurderinga. Manglande obligatoriske vedlegg kan føre til at søknaden ikkje blir vurdert.
  • Vi ønskjer primært at søknader skal skrivast på norsk.

Kostnader og finansiering

  • Prosjektperiode på inntil 12 månader
  • Støttebeløp på inntil kr. 500.000
  • Kostnader som gir grunnlag for støtte er løns- og personalkostnader, kjøp av FoU-tenester, leige av utstyr og relevante driftskostnader. Innkjøp av utstyr vert i hovudsak ikkje dekka.
  • RFF Vestlandet støtter inntil 50% av godkjende kostnadar i prosjektet.
    Øvre grense for støtte til kvar bedriftspartnar er også 50%.
    Støtte vert gitt etter kategorien "Forundersøking" i statsstøtteregelverket.
  • Utrekning av eigenfinansiert innsats i prosjektet skal følgje Forskingsrådet sine reglar. Dette gjeld særleg berekning av timekostnad for eigne tilsette, men også andre utgifter som kostnad knytt til bruk av eige utstyr etc.
  • Berre kostnader ført i eige prosjektrekneskap og i rekneskapen til søkjarbedrifta kan vere grunnlag for støtte frå RFF Vestlandet. All timekostnad for eigar eller tilsette i ei bedrift må vere utbetalt som løn. Ikkje lønna lønna timar for eigar eller tilsette i ei bedrift kan ikkje reknast som eigeninnsats i prosjekta. Fordeling av kostnader mellom bedrifter som samarbeider i prosjektet vert dokumentert med faktura der også eigeninnsats går fram.
  • Kostnadar betalt av andre enn bedrifter kan ikkje verte inkludert i bedriftene sin eigeninnsats.
  • Universitet, høgskular og forskingsinstitutt er leverandør av FoU-tenester. Dei skal fakturerer alle sine kostnadar til bedriftene i prosjektet.

Ufullstendige eller mangelfulle søknadar vil kunne verte avslått utan fagleg vurdering.

Vurderingskriterier

Fagpanelet vurderer desse kriteria:

Innovasjonen og verdiskapingspotensiale (kvalifiseringsprosjekt)

Kor godt er innovasjonen/den nye løysinga forklart?
Kor ny/betydelig er innovasjonen/den nye løysinga?
For bedriftssøknadar: Er det sannsynliggjort verdiskapingspotensial for deltakande bedriften/er og for Vestlandet?
For offentlege søknadar: Er det sannsynliggjort verdiskapingspotensial og nytte for deltakande kommunar, kommunal sektor og for Vestlandet?

Forskingsinnhald - potensiale for ny kunnskap (Kvalifiseringsprosjekt)

Vurder desse punkta:
- I kva grad kunnskapsbehov er synleggjort
- I kva grad kunnskap om fagfeltet synleggjort, f.eks. gjennom relevante referansar?
- I kva grad det er definert gode forskingsspørsmål
- I kva grad prosjektet vil kunne bringe fram ny kunnskap

Prosjektkvalitet (Kvalifseringsprosjekt)

I kva grad prosjektet framstår som gjennomførbart ut frå desse punkta:
- Løysingsforslag og FoU-metode
- Prosjektgjennomføringsplan, inkl. milepåler og leveansar
- budsjett og ressursinnsats, herunder finansiering

Gjennomføringsevne (Kvalifiseringsprosjekt)

I kva grad samarbeidspartnarane samla sett vil kunne gjennomføre kvalifiseringsprosjektet på best muleg måte ut frå desse punkta:
- Fagleg leiing
- Organisering og administrativ leiing
- Samarbeidskonstellasjonar (samansetning, rollefordeling og kompetanse)

Opplegg for vidare forsking (Kvalifiseringsprosjekt)

Vurder desse punkta:
- I kva grad det er skissert vidareføring som forskingsprosjekt.
- Kor godt kjem det fram kva finansieringsordningar ein planlegg å søke for hovudprosjektet.
- Kor strategisk viktig vidareføring er for dei involverte partane
- Har forskingsprosjektet betyding for andre enn dei involverte

Samla vurdering frå fagekspertar/panel (RFFVEST Kvalifisering)

Samla vurdering frå fagekspertar/panelet basert på dei kriteria som fagekspertane/panelet er bedt om å vurdere.

Sekretariatet vurderer spesielt:

  • Regional relevans
  • Etikk
  • Miljøkonsekvensar
  • Addisjonalitet (tilleggsverdi av eventuell støtte til prosjektet)

Behandlingsprosedyre

Sekretariatet for fondsstyret vurderer om søknadane fyller krava i utlysinga. Søknadar som ikkje fyller krava kan verte avviste administrativt på formelt grunnlag. Søkjar vil få informasjon om dette så snart som råd, slik at formelle feil kan rettast opp og søknaden eventuelt kan sendast inn på nytt.

Søknader som fyller krava går vidare til fagpanel/ekspertvurdering. RFF Vestlandet nyttar eksterne ekspertar til fagleg vurdering av søknadene. Ekspertane gir si vurdering til sekretariatet, som deretter gjer sluttvurderinga av søknadene.

Sekretariatet lager så ei innstilling til fondsstyret, som fattar vedtak i styremøte. Frist for innlevering knytt til behandling i kvart styremøte er omtalt under.

Fondet tek seg retten til å diskutere søknaden med andre offentlige virkemiddelaktørar når det er relevant for søknadsbehandlinga.

Sjekkliste for søknader

Når du sender inn søknad på "Mitt nettsted" må du sjølve passe på at alle krav i utlysinga er oppfylt og obligatoriske vedlegg er med. Gå gjennom denne sjekklista for å sikre at søknaden oppfyller dei formelle krava og kan verte fagvurdert.

Har du lest utlysinga nøye og kontrollert at tema og innretting av søknaden er i tråd med utlysinga?  
Har du fylt inn alle punkt i søknadsskjemaet?  
Har du nytta obligatorisk mal for prosjektsbeskriving? Har du svart på alle spørsmåla i malen?  
Har du lagt ved CV for sentrale FoU-medarbeidarer, som syner at det er forskingskompetanse i prosjektet?  
Har du fylt ut partnarskjema for eigen bedrift og bedrifter som deltek i prosjektet?  
Har du sjekka søknadsbeløpet i høve til regelverk for støtte?  

Jone Engelsvold

Jone Engelsvold

seniorrådgivar

Turi Kvame Lorentzen

seniorrådgivar

Randi Lotsberg