Satsingsområde
Regionale forskingsfond skal styrke forsking for regional innovasjon og utvikling ved å stø opp under dei prioriterte innsatsområda i regionen og mobilisere til auka FoU-innsats. Regionalt forskingsfond Vestlandet satsar spesielt på forskingsstøtta innovasjon i næringsliv og kommunaal sektor. Vi lyser ut midlar til kvalifiseringsprosjekt og større forskingsprosjekt og jobbar aktivt for å få fleire bedrifter og kommunar til å nytte forsking i si verksemd. Merk at prioriteringane kan verte endra i samband med regionreformen frå 2020.
Forskingstema prioritert i Handlingsplan for 2019
Med utgangspunkt i sentrale utfordringar og prioriterte innsatsområde for Vestlandet lyser RFF Vestlandet i 2019 ut midlar til forsking innan desse tema:
- Innovasjon basert på teknologi og kompetanse innan havnæringar og energinæringar
- Innovasjon innan berekraftig matproduksjon og bioøkonomi
- Innovasjon i kommunal sektor
Generelt mottar fondet søknad frå bedrifter, bedriftskonsortium og kommunal sektor lokalisert i fondsregionen. Nokre utlysingar kan ha andre målgrupper.
Status for utlysingar av forskingmidlar
Berre bedrifter og kommunar kan søkje på utlysingane i 2019.
13. februar 2019 var frist for innsending av større søknadar.
Utlysingane av regional kvalifiseringsstøtte er open så lenge det er midlar igjen.
Varighet
Regionale forskingsfond er ikkje tidsavgrensa.
Det er venta at prioriteringane vil vert endra frå 2020, på grunn av regionreformen. Det kjem ny bestilling frå fylkesting(a) og kanskje endring i kva fylke som er del av fondsregion.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 23. november 2026, kl. 12.46 CET
Viktig varsel
Frå 1. januar 2020 blir RFF Vestlandet delt i RFF Vestland og RFF Rogaland.
RFF Vestland har nå fått ny nettside.
Prosjekt med tilhøyre i Rogaland vil inntil vidare finne den viktigaste informasjonen om rapportering her på nettsida til "gamle" RFF Vestlandet.
VI HAR NYE E-POSTAR: Kontakt RFF Vestland på forsking@vlfk.no og RFF Rogaland på forskning@rogfk.no