Ny undersøking viser svært positive effektar av regionale forskingsmidlar

Heile 60 prosent av dei som har gjennomført forskingsprosjekt med støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet, meiner prosjekta i stor eller avgjerande grad har medverka positivt til utviklinga av deira bedrift eller kommune.

Sidan starten i 2010, har Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) løyvd om lag 300 millionar kroner til 121 større forskings- og utviklingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor. Ei fersk undersøking blant dei som har avslutta prosjekta sine, viser at effekten har vore særs god.
 
Så godt som alle (95 %) meiner prosjekta har medverka positivt til utviklinga av deira bedrift eller kommune. Heile 60 % meiner dei gjennomførte FoU-prosjekta har hatt stor (40 %) eller avgjerande (20 %) innverknad.

- Dette er sterke tal og ei tilbakemelding om at RFF Vestlandet er ein viktig katalysator for forskingsdriven innovasjon i landsdelen, seier Jenny Følling, styreleiar for RFF Vestlandet.

- Prosjekta vi støttar, har tydeleg positiv effekt for eit stort fleirtal av dei som får midlar. Eg trur dei gode resultata i stor grad speglar nærleiken mellom fondet og brukarane og den tette oppfølginga av støttemottakarane. Vi kjenner godt både utfordringar og føremonar i næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet. Dette gjev oss eit godt grunnlag for å støtte relevante verksemder i landsdelen, og vi treffer godt med utlysingane våre. Denne undersøkinga er eit argument for å styrke regionaliseringa av norsk forskings- og innovasjonspolitikk, seier Følling, som også er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

I kva grad har FoU-prosjektet støtta av RFF Vestlandet medverka positivt til utviklinga av di bedrift eller din kommune? (N=40)

I avgjerande grad

20 %

I stor grad

40 %

I nokon grad

35 %

I liten grad

3 %

Ikkje i det heile

3 %

Ikkje sikker

0 %

Auka verdiskaping for både bedrifter og kommunar
Av bedriftene som har gjennomført FoU-prosjekt med støtte frå RFF Vestlandet, meinte 32 % at prosjektet i stor eller avgjerande grad har medverka til verdiskaping i form av auka omsetnad eller reduserte kostnader. 57 % av bedriftene rapporterte at prosjekta i nokon grad hadde bidrege til auka verdiskaping. Det var berre ei bedrift – 4 % – som ikkje i det heile opplevde at prosjektet bidrog til auka verdiskaping.

I kva grad har FoU-prosjektet medverka til verdiskaping for bedrifta i form av auka omsetnad
og/eller reduserte kostnader? (N=28)

I avgjerande grad

11 %

I stor grad

21 %

I nokon grad

57 %

I liten grad

0 %

Ikkje i det heile

4 %

Ikkje sikker

7 %

Nøyaktig halvparten av kommunane i undersøkinga meinte at FoU-prosjekta i stor grad hadde medverka til verdiskaping i form av betre tenester og/eller reduserte kostnader. 33 % meinte prosjekta hadde bidrege i nokon grad til verdiskaping. Berre 17 % svarte at prosjekta i liten grad hadde medverka til verdiskaping, medan ingen av respondentane meinte prosjekta hadde vore utan verdi for kommunen.

I kva grad har FoU-prosjektet medverka til verdiskaping for kommunen i form av betre tenester og/eller reduserte kostnader? (N=12)

I avgjerande grad

0 %

I stor grad

50 %

I nokon grad

33 %

I liten grad

17 %

Ikkje i det heile

0 %

Ikkje sikker

0 %

Ny kunnskap, auka kompetanse og fleire arbeidsplassar
I tillegg til auka verdiskaping, har forskingsprosjekta støtta av RFF Vestlandet også gitt mange andre positive effektar for dei som har fått midlar. Mellom anna meiner 75 % at FoU-prosjekta har gitt auka kunnskap på område som er viktige for verksemda, medan 63 % opplever at prosjekta har resultert i auka kompetanse.

Andre positive resultat er nye samarbeidspartnarar (48 %), tilgang til regionale nettverk eller klynger (35 %), meir systematiske arbeidsmetodar (28 %) og tilgang til nasjonale (23 %) eller internasjonale nettverk (20 %). Det er også verdt å merke seg at 18 % rapporterer at FoU-prosjekta har medverka til fleire arbeidsplassar.

Har FoU-prosjektet på andre måtar medverka positivt til verksemda? (N=40)

Auka kunnskap på relevante område for verksemda

75 %

Auka kompetanse i verksemda

63 %

Nye samarbeidspartnarar

48 %

Tilgang på regionale nettverk eller klynger

35 %

Meir systematiske arbeidsmetodar

28 %

Tilgang til nasjonale nettverk

23 %

Tilgang til internasjonale nettverk

20 %

Fleire arbeidsplassar

18 %

Anna

3 %

Mobiliserer til vidare forsking
Svært mange av dei som har fullført FoU-prosjekt med midlar frå RFF Vestlandet, har gått vidare med ny forsking. Heile 43 % av respondentane er prosjekteigarar i nye forskingsprosjekt med ekstern finansiering, medan 35 % har sett i gong nye FoU-prosjekt finansiert med eigne midlar. Så mange som 63 % er med i nye prosjekt leia av forskingsinstitusjonar, medan 15 % har deltatt i eller leia FoU-prosjekt finansiert med EU-midlar.

- Dette er svært gode tal som viser at vi lukkast godt med å mobilisere kommunar og bedrifter til å ta i bruk forsking i større grad. Vi ønskjer at støtte frå oss skal bli både ein spore til å halde fram med forskingsdriven innovasjon og eit springbrett til å søkje forskingsmidlar frå nasjonale og internasjonale ordningar, seier Følling.

Har verksemda vore involvert i FoU-prosjekt etter at prosjektet støtta av RFF Vestlandet vart avslutta? På kva måte? (N=40)

Deltatt i prosjekt leia av forskingsinstitusjon (universitet, høgskule, forskingsinstitutt) i Noreg

63 %

Har styrka samarbeidet med forskingsinstitusjonar (universitet, høgskule, forskingsinstitutt) i Noreg, men ikkje samarbeidd om konkrete FoU-prosjekt

48 %

Planlegg å involvere verksemda i FoU-prosjekt seinare

45 %

Er prosjekteigar i nye FoU-prosjekt med ekstern finansiering

43 %

Satt i gang nye FoU-prosjekt finansiert med eigne midlar

35 %

Deltatt i søknad om finansiering, men har ikkje fått støtte til prosjektet

33 %

Deltatt i prosjekt leia av andre bedrifter eller kommunar

23 %

Kort om undersøkinga
Spørjeundersøkinga er gjort av RFF Vestlandet våren 2019 og omfattar bedrifter og kommunar som har fullført forskings- og utviklingsprosjekt med støtte frå fondet. Dei fleste av prosjekta er gjennomførte i perioden 2010-2016; av kommunar, fylkeskommunar og bedrifter innanfor ulike fag- og næringsområde som er sentrale for Vestlandet. Undersøkinga fokuserer på kva effekt forskingsprosjekta har hatt for verksemdene. Verksemder som har gjennomført fleire FoU-prosjekt med støtte frå fondet, har berre svart ein gong. Nokre få prosjekt med forskingsinstitusjonar som ansvarlege søkjarar, er utelatne. Av 57 verksemder som fekk undersøkinga tilsendt, svarte 40; 28 bedrifter og 12 kommunar. Det utgjer ein svarprosent på 70.