Ny tildeling av kvalifiseringsstøtte for 2019

Tre bedriftar og fire kommunar har fått innvilga kvalifiseringsstøtte. Mange spanande tema.

Styret for RFF Vestlandet vedtok på styremøte 12. april å gi kvalifiseringsstøtte på til saman 2 995 000 kroner til sju nye prosjekt.

Dette er midlar som skal bidra til utvikling av gode forskings- og innovasjonsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte – anten frå RFF Vestlandet eller frå andre relevante ordningar.

Vi minnar samstundes om at vi får nye nettsider. Dei som ønskjer å søke innan neste frist for kvalifiseringsstøtte (21. mai), kan jobbe med søknaden allereie no, men kan ikkje opprette søknadsskjema før 15. mai. Les meir om dette her.

Her er prosjekta som får støtte*:

Prosjektnr. Prosjektnamn Prosjektansvarleg Støtte  1000 x
299574 Automatisert kvalitetsforbedring av krabbe - forundersøkelser fysiske betingelser for tilpasning av teknologi MS SOLUTIONS AS 500
299707 Tenner hele livet - også for de som mottar hjemmetjenester Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester i Hordaland – Bergen kommune 500
299709 Microbial community profiling – a tool for tracking bacterial pollution at sea IVAR IKS 100
299712 Innovativ madrassteknologi i helse -og omsorgstjenesten SOLA KOMMUNE TJENESTEOMRÅDE LEVEKÅR 395
299713 Conversion of H2 and CO2 to high quality protein for use in aquaculture feed BIOSENTRUM AS 500
299721 Resonant inductive power distribution system ALTERED POWER AS 500
299726 Monitoring water by next-generation tool for GES goal in Rogaland RANDABERG KOMMUNE RÅDMANN OG STAB 500
Sum     2 995

* Nokre vedtak kan verte gitt med spesielle atterhald.

Alle som søkte om kvalifiseringsstøtte innan 4. mars vil få brev med vedtak og vurdering av søknadene.

Dette var andre tildeling av kvalifiseringsstøtte for 2019. Det er framleis muleg å søkje om støtte i år. Søknader motteke innan 21. mai vil verte behandla på styremøtet 25. juni.