Rapportering frå kvalifiseringsprosjekt

Frist for rapportering står i tilsegnsbrevet frå RFF Vestlandet, sendt til prosjektansvarleg organisasjon/bedrift.

Her kan du lasta ned obligatoriske skjema og malar for sluttrapportering:

Inntil anna er bestemd, skal kvalifiseringsprosjekta sende inn sluttrapporteringa på ein av desse tre måtane:

  1. E-post til sekretariatet: forsking@hfk.no
  2. Digital (sikker) post til organisasjonsnummer 938626362 (Hordaland fylkeskommune)
  3. Vanleg post til Regionalt forskingsfond Vestlandet, Hordaland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen

Prosjektansvarleg må sjølv vurdera sendemåte. Tittel på sendinga skal vera "Sluttrapport til RFF Vestlandet frå (prosjektnummer) (prosjektnamn)"

Rapportering frå hovudprosjekt

Rapportering frå Regionale bedriftsprosjekt, Regionale offentlege prosjekt og Regionale forskarprosjekt er regulert i kontrakten.

Framdriftsrapportering:
Frist for årleg framdriftsrapport er 20. januar året etter. Det vil si at 20. januar 2020 er frist for å rapportere for 2019. Framdriftsrapportering vil skje gjennom ein online spørjeundersøking (SurveyExact). Av tekniske årsaker vil berre prosjektleiar vil få e-post med link til undersøkinga. Lenken kan verte vidaresendt til andre som skal bidra til rapporten.

Rekneskapsrapportering:
Frist for årleg rekneskapsrapportering er 1. mars året etter. E-post med melding om rapportering vil bli sendt ut og malar vert gjort tilgjengeleg på "Mitt nettsted" på Forskingsrådet si nettside. Bestilling om rapportering går til administrativt ansvarleg for prosjektet, med kopi til prosjektleiar. Berre administrativt ansvarleg vil kunne sende inn rapporten.

Her kan du sjå:
- mal for rekneskapsrapport for 2018
- rettleiing til rekneskapsrapport for 2018 

Sluttrapportering:
Frist er 1 månad etter prosjektslutt (eldre prosjekt kan ha andre fristar).
Vi sender ut to bestillingar - ein på rekneskapsrapportering og populævitnskapleg artikkel til administrativt ansvarleg gjennom "Mitt nettsted" og ein for resultatrapportering til prosjektleiar gjennom SurveyExact.

Merk at mal for sluttrekneskapsrapport er den same som for årleg rekneskapsrapport.


Kontakt sekretariatet på forsking@hfk.no, dersom du har spørsmål om rapportering.