Gjennomført

Regionale forprosjekt RFF Vestland 2023

Det er no 2 millionar kroner tilgjengeleg i denne utlysinga. Søknader levert seinast 10. oktober får styrebehandling og vedtak innan utgangen av november. Send gjerne inn tidlegare, då sekretariatet vil melde tilbake om eventuelle formelle feil som søkar vil kunne rette opp før 10. oktober.

Formål

Forprosjektet skal vere eit innleiande forskingsarbeid. Forprosjektet skal medverke til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt), som støtter opp om innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland. 

Om utlysningen

RFF Vestland lyser ut inntil 2 nye millionar kroner til forprosjekt i 2023. 

Søknader til behandling i 2023 må vert sendt innan 10. oktober. 

Det er ikkje er mogleg å endre på ein søknad som alt er levert, slik det er ved utlysing som har fast søknadsfrist. Har du behov for å endre på innsendt søknad må du trekke den og deretter opprette ein ny søknad. Sist innsendt søknad vil bli behandla. 

Bedrifter og kommunar kan søkje om kvalifisering til innovasjonsprosjekt. 
Forskingsorganisasjonar kan søkje om kvalifisering til samarbeidsprosjekt. 

Eit forprosjekt skal: 

  • leie fram til ein søknad om hovudprosjekt (Innovasjonsprosjekt i næringslivet eller kommunal sektor, samarbeidsprosjekt eller tilsvarande søknadstypar i Horisont Europa) 
  • løyse forskingsutfordringar som er kritiske for å etablere og/eller gjennomføre eit hovudprosjekt 
  • ha klart definerte forskingsspørsmål
  • ta utgangspunkt i kunnskaps- og forskingsfronten 

Støtte kan ikkje nyttast til: 

  • kartlegging av forskingslitteratur 
  • marknadsundersøkingar og marknadsføring 
  • etablering av nettverk og klynger 
  • å skrive ein hovudprosjektsøknad 

Tips til søknadsprosessen 

Bruk gjerne Forskingsrådet sitt verktøy prosjektkanvas i planlegging av prosjektet.  Her kan du lese om prosjektkanvas og andre tips til søknadsprosessen. 

Hvem kan søke?

Bedrifter, kommunar og godkjende forskingsorganisasjonar lokalisert i Vestland fylke

Hvem kan delta i prosjektet?

Krav til prosjektansvarleg søkjar

Prosjektansvarleg må vere anten:

  • Ein bedrift eller samanslutning av bedrifter lokalisert i Vestland som er registrert i det norske foretaksregisteret. Kommunale føretak som driv verksemd av industriell eller forretningsmessig karakter kan også søkje.
  • Ein kommunal organisasjon i Vestland, inkludert fylkeskommunen og interkommunale samarbeidsorganisasjonar/verksemder
  • Ein godkjend forskingsorganisasjon lokalisert i Vestland

Bedrifter og kommunar kan søkje om støtte til forprosjekt som gir kvalifisering til innovasjonsprosjekt i Regionalt forskingsfond, Forskingsrådet – eller tilsvarande i Horisont Europa.
Godkjende forskingsorganisasjonar kan søkje om støtte til forprosjekt  som gir kvalifisering til samarbeidsprosjekt i Regionalt forskingsfond, Forskingsrådet – eller tilsvarande i Horisont Europa.

Søknaden skal vere forankra i søkjarorganisasjonen/verksemda si leiing og eigne strategiar. Dette må kome tydeleg fram i søknaden.

Søkjar må sikre finansiering av prosjektet ut over støtte frå RFF Vestland og vil være prosjektansvarleg ved kontraktsinngåing med RFF Vestland.

I tillegg kan fleire aktørar i og utanfor Vestland delta i prosjektet som samarbeidspartnar, FoU-leverandør m.v.

 

Krav til samarbeid i prosjektet:

Krav til søknader frå bedrifter:
- Prosjektansvarleg må dokumentere relevant forskingskompetanse i partnarskapen eller gjennom innkjøp frå ein FoU-leverandør.
- dersom stor bedrift søkjer, er det krav til faktisk samarbeid med ein SMB-bedrift i Vestland fylke. Definisjon av bedrift og storleik følgjer EU sitt regelverk, sjå forklaring på Skattefunn si nettside.

Krav til søknader frå kommunar/fylkeskommunen:
- søkjar må ha faktisk samarbeid med minst ein annan kommune i Vestland fylke eller med Vestland fylkeskommune, i tillegg til ein godkjend forskingsorganisasjon. (Forskingsorganisasjonen kan vere lokalisert utanfor Vestland.)
- I prosjekt der det er relevant, bør ein legge opp til brukarmedverking, og brukarperspektivet bør vere tydeleg.

Krav til søknader frå godkjende forskingsorganisasjonar:
- må ha eit faktisk og formelt samarbeid med to eller fleire samarbeidspartnarar frå næringsliv og/eller kommunal sektor, der minst ein er lokalisert i Vestland.

- Det må kome fram i søknaden at prosjektet er strategisk forankra hos alle samarbeidspartnarane, og korleis dei deltek aktivt i prosjektet. Søknaden skal vise til kunnskaps- og innovasjonsbehov i næringsliv eller kommunal sektor i Vestland.

- Prosjektet skal ha ei styrings- eller referansegruppe med representasjon frå samarbeidspartnarane.

Kva betyr faktisk samarbeid?

En samarbeidspartnar skal gjennomføre FoU-prosjektet i faktisk samarbeid med prosjektansvarleg og andre eventuelle samarbeidspartnarar. Eit slikt samarbeid er kjenneteikna av at partane utvekslar kunnskap eller teknologi for å nå eit felles mål på grunnlag av arbeidsdeling i prosjektet. Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarane definerer i fellesskap omfanget av prosjektet, bidrar til gjennomføring av prosjektet og deler risiko og resultat. Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarane skal avtale fordeling av rettigheiter og pliktar knytt til prosjektgjennomføring og prosjektresultat i ein samarbeidsavtale. (Dersom prosjektet får støtte. Det er ikkje krav til å legge slik avtale ved søknaden.)

Hva kan du søke om støtte til?

Du kan søke om:

  • Tilskot på mellom kr. 200 000 til 500 000 per prosjekt.
  • Bedriftar og kommunar: inntil 70 % støtte av samla godkjende prosjektkostnader til aktivitetar definert som industriell forsking og/eller eksperimentell utvikling innan ramma for statsstøtteregelverket. Prosjektansvarleg og samarbeidspartnar(ar) skal finansiere minst 30 % av totale prosjektkostnader i form av eigeninnsats eller kontantbidrag.
  • Forskingsorganisasjonar: inntil 90 % støtte av samla godkjende prosjektkostnader. Samarbeidspartnarane frå næringslivet og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor må finansiere eigne kostnader og desse må utgjere minst 10 % av dei samla kostnadene i prosjektet, i form av eigeninnsats eller kontantbidrag. RFF Vestland si finansiering skal berre gå til forskingsorganisasjonane sin ikkje-økonomisk aktivitet i form av uavhengig forsking og vert derfor ikkje definert som statsstøtte. Vi føreset at nødvendig reknskapsmessig skilje mellom den økonomiske og ikkje-økonomiske aktiviteten til forskingsorganisasjonane er på plass.

Føresetnader for støtte

  • Prosjektet kan ikkje føre kostnadar tidlegare enn dato for vedtak om støtte. 
  • Berre utgifter som blir reknskapsført hos prosjektansvarleg, herunder inberetta lønn, blir lagt til grunn for godkjenning av prosjektkostnader. Budsjettering skal følgje Forskningsrådet sin reglar.
  • Bedriftar vil verte tildelt støtte etter den såkalla gruppeunntaksforordninga (Kommisjonsforordning 651/2014 av 17. juni 2014) artikkel 25. I tillegg må dei generelle vilkåra i forordninga kapittel I vere oppfylt. Reglane finn du her.
  • Det vert ikkje gitt statsstøtte i forprosjekt til samarbeidsprosjekt.
  • Regionale forskingsfond nyttar Forskingsrådet sine Generelle vilkår for FoU-prosjekt ved tilsegn om støtte. 

Aktuelle temaområder for denne utlysningen

Bedriftar, kommunar og forskingsorganisasjonar kan søkje:

1. Meir forsking som bidrar til lønsame arbeidsplassar, grønt skifte, berekraftige produksjonsprosessar og ny klimavenleg eksportretta industriutvikling:

A. Berekraftig og eksportretta industriutvikling samt havøkonomi

B. Sirkulær økonomi – berekraftig ressursforvaltning

C. Bioøkonomi «blå» og» grøn» - produksjon av mat og berekraftig bruk av biologiske ressursar

D. «Grøn» gjenoppbygging av reiselivet etter pandemien

Temaplan forsking for Vestland fylke gir eit utdjuping av regionale forskingsbehov innan desse tema.

 

Kommunar og forskingsorganisasjonar kan søkje:

2. Ein offentleg sektor som saman med forskingsorganisasjonar utviklar og tek i bruk ny relevant kunnskap som kan styrke innovasjonskraft og tenestetilbodet:

E. Innovasjon i offentleg sektor – med vekt på kommunar og fylkeskommunar

F. Klimatilpassing – generell samfunnstryggleik og beredskap

Temaplan forsking for Vestland fylke gir eit utdjuping av regionale forskingsbehov innan desse tema.

_______

I søknadsskjemaet må du i tillegg krysse av for aktuelle temaområde innan "Regional utvikling":

Regional utvikling

Vareproduserende industriSkog og treLandbruk og matMiljø, klima og fornybar energiMaritimMarinHelse og velferdUtdanningReiseliv/opplevelser/kulturRegion- og stedsutviklingVarehandel og tjenesteytende sektor

Praktiske opplysninger

Krav til utforming

  • Søknaden må vere sendt inn via "Mitt nettsted" (sjå "Opprett søknad")
  • Søknaden må vere på nynorsk, bokmål eller engelsk
  • Søknaden må vere innanfor formål, tema og rammer spesifisert i utlysninga
  • Mal for prosjektskildring og partnaropplysningar i denne utlysninga skal nyttast 
  • Alle obligatoriske vedlegg er lagt ved i PDF-format
  • Søknaden skal gjere greie for kor det er aktuelt å søkje om støtte til vidare forsking. 
  • Søknaden skal skildre søkjar/verksemd sin kompetanse for å gjennomføre prosjektet 
  • Søknaden skal skildre korleis prosjektet inngår i verksemda sine planar og strategiar 

Obligatoriske vedlegg

  • Prosjekskildring for forprosjekt (bruk mal i utlysninga) (inntil 5 sider inkludert referansar) 
  • CV for prosjektleiar og CV for sentrale forskarar og prosjektmedarbeidarar (inntil 4 sider) (Det står i eSøknadsskjemaet om at "Mal for CV skal brukes" gjeld ikkje .)
  • Partnaropplysingar for bedrifter (bruk mal i utlysinga). Skal fyllast ut av prosjektansvarleg bedrift, deltakande bedrifter og andre føretak (aktørar som leverer varar og tenester i ein marknad).
  • Berre for søknader om forprosjekt til samarbeidsprosjekt: Intensjonsbrev frå alle registrerte samarbeidspartnarar. Intensjonsbrevet skal innehalde ei grunngjeving for kvifor prosjektet er viktig for partnarane samt skildre planalgt bidrag inn i prosjekt. (Maksimalt 1 side.)

Andre vedlegg vil ikkje bli vurdert.

Ufullstendige eller mangelfulle søknadar vil kunne bli avslått utan fagleg vurdering.

Vurderingskriterier

Eit fagpanel vurderer:

Forsking og innovasjon, Verknader og effektar, Gjennomføring og Samla vurdering frå fagekspertar/panel

Administasjonen vurderer:

Regional relevans 

I tilleg vil det bli lagt vekt på Etikk, Miljøkonsekvensar, Kjønnsbalanse i prosjektet og Kjønnsperspektiv i forskinga, der det er relevant.

Forsking og innovasjon (Forprosjekt RFF Vestland)

• I kva grad representerer innovasjonen noko nytt?
• I kva grad er det gjort sannsynleg at innovasjonen vil realisere ei moglegheit, løyse ei utfordring og/eller møte eit erkjent behov?
• I kva grad har prosjektet potensial for å bringe fram ny kunnskap?
• I kva grad er FoU-aktivitetane nødvendige for å lukkast med innovasjonen?
• I kva grad bygger prosjektet på relevant og oppdatert kunnskap?
• I kva grad nyttar prosjektet relevante og anerkjente FoU-metodar?

Verknader og effektar (Forprosjekt RFF Vestland)

Verdiskaping
• I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil ha potensial for berekraftig verdiskaping (sysselsetting, miljø, konkurranseevne, kommunal tenesteyting med vidare)?
• I kva grad er det gjort sannsynleg økonomiske gevinstar for søkjar og eventuelle partnarar?

Regional betyding
• Er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bidra til å løyse samfunnsmessige utfordringar i Vestland?
• I kva grad har prosjektet tydeleg og truverdig berekraftprofil?

Regional kunnskapsoppbygging
•I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bidra til kunnskapsoppbygging i Vestland?

Vidareføring i hovudprosjekt
• I kva grad er det gjort sannsynleg at prosjektet vil bli vidareført i eit hovudprosjekt (finansieringskilde, forankring og potensielle partnarar)?

Gjennomføring (Forprosjekt RFF Vestland)

Kvalitet på organisering av prosjektet:
• I kva grad er det samanheng mellom mål, delmål og aktivitetar?
• I kva grad er arbeidsplanen og ressursane i tråd med mål, tidsplan og leveransar i arbeidspakkane?
• Er tidsplan og ressursbruk realistisk i forhold til planlagde aktivitetar?

Kvalitet på prosjektleiar og prosjektgruppe:
• I kva grad har prosjektleiar relevant kompetanse og erfaring for å leie eit FoU-prosjekt retta mot innovasjon og verdiskaping?
• I kva grad har prosjektgruppa den nødvendige kompetansen og ekspertisen for å gjennomføre prosjektet på ein effektiv måte?
• I kva grad er leiing og styring i prosjektet organisert på ei eigna måte?

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet

Samlet vurdering fra fageksperten/panelet er et uttrykk for en samlet vurdering basert på de hovedkriteriene som fageksperten/panelet er bedt om å vurdere.

Regional relevans (Forprosjekt RFF Vestland)

I kva grad er prosjektet i tråd med prioriteringar i utlysinga?
Kor stort er potensialet for at forskinga på sikt kan bidra til innovasjon og berekraftig verdiskaping i næringsliv og/eller kommunal sektor i Vestland?

Behandlingsprosedyre

Sekreteriatet for RFF Vestland vurderer om søknaden fyller formelle krav og er innanfor formål, tema og rammer for utlysninga. Søknader med formelle feil kan bli avvist utan vidare fagvurdering. Søknader utan formelle feil blir vurdert av eit regionalt fagpanel. sekretariatet for RFF Vestland vurderer søknaden vidare og lagar innstilling til styret.

Søknader motteke seinast 3. mai vil bli behandla i styremøte 20. juni.

RFF Vestland tek seg retten til å diskutere søknaden med andre i Vestland fylkeskommune og offentlege aktørar (som Innovasjon Norge og Forskingsrådet), der dette er relevant for søknadsbehandlinga. Utover dette, vert alle søknader behandla etter Lov om offentlegheit § 26, fjerde avsnitt.

Prosjektansvarleg søkjar vil få svar via digital post etter at vedtak er fatta i styremøta. Same dag eller dagen etter styremøta legg vi også ut oversikt på nettsida vår over kva prosjekt som får støtte.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. juni 2024, kl. 07.32 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.