Prosjektendringar

RFF Vestland skal godkjenne alle vesentlege endringar i prosjekt med avtale eller tilsegn frå oss. Ta kontakt med oss om du er usikker.

Dersom det oppstår endringar i prosjektet som gjer at avtalt plan i kontrakten eller tilsegnsbrevet ikkje kan verte gjennomført, må vi ha beskjed om det.

Vi har ikkje laga eigne rutinar eller ber de nytte spesielle malar under koronakrisen, du tek kontakt med oss som vanleg.

Dersom det gjeld søknad om ny prosjektleiar, hugs å oppgi namn og kontaktinformasjon for ny person, ønska tidspunkt for endring og å legge ved CV.

Det er enklast å søkje om endringar på e-post.

Andre måtar er digital (sikker) post til organisasjonsnummer 821311632 (Vestland fylkeskommune) eller vanleg post til Regionalt forskingsfond Vestland, Vestland fylkeskommune, postboks 7900, 5020 Bergen