Lansering av nye FORREGION Vestland 2024

Vi lanserer ny versjon av FORREGION Vestland med fleire midlar til næringsretta forsking. Velkomen til opent informasjonsmøte.

Illustrasjon: Martin Losvik

Tid: Torsdag 08. februar kl. 12.30 - 13.30

 Digitalt på teams

Meld deg på ved å sende e post til forsking@vlfk.no innan onsdag 07. februar så sender vi deg lenke til møtet

Ettersom Regionale forskingsfond er avvikla vil FORREGION Vestland styrke satsinga på næringsretta forsking med 6 millionar kroner til FoU – forprosjekt, ordninga «forskar til låns» , hospitering i forskingsmiljø og støtte til FoU-møte . Målgruppe for ordninga er bedrifter som ikkje tidlegare har vore ansvarleg for større forskingsprosjekt. Det er krav om samarbeide med FoU-organisasjon.

Tilbodet om kompetansemekling er også forsterka som ei gratis rådgiving for bedrifter.

På lanseringsmøte blir det informasjon om støtteordningane og korleis de kan søkje. Det blir også ope for spørsmål og kommentarar.

Vestland har eit næringsliv med sterk oljeavhengigheit. Vi har ein maritim tradisjon og mykje kompetanse innan heile feltet av havnæringar. Vi har eit landbruk særleg utsett for klimaendringar. Vi har sterke industritradisjonar der det er potensial og behov for meir berekraftig omstilling.

Prosjekt med støtte frå FORREGION må bidra til berekraftig verdiskaping, grøn konkurransekraft eller klimaomstilling i Vestland fylke.

Vi treng ny kunnskap for å løyse utfordringane vi står ovanfor.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. juni 2024, kl. 06.46 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.