12,5 millionar til forsking på nye klimaløysingar og det grøne skiftet

Betre utnytting av restråstoff frå lakseproduksjon, digitalt berekraftsbarometer til forvalting av bygg og klimabudsjett for lokale og regionale klimamål. Dette er noko av det som skal forskast på med støtte frå Regionalt forskingsfond Vestland

Til saman gir fondet støtte til fem nye prosjekt i regi av bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i Vestland. Forskinga skal få fram nye løysingar på klimautfordringar og det grøne skiftet. Fondet set også i gong fem nye forprosjekt på viktige tema for næringslivet i Vestland.

Regionalt forskingsfond Vestland (RFF Vestland) inviterte i haust bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i fylket til å søkje om støtte til fleirårige forskingsprosjekt. Styret behandla alle søknadene den 25. februar.

- Vi er svært nøgde med søknadane som har kome inn og ikkje minst dei prosjekta som no får pengar til å sette i gong, seier Jon Askeland, styreleiar for forskingsfondet og fylkesordførar i Vestland.

Betre utnytting av restråstoff frå oppdrettslaks

Eit av prosjekta som får støtte, er Biomega AS som har bioraffineri på Sotra i Øygarden kommune. Selskapet får 2,1 millionar kroner i støtte til eit prosjekt for å nytte større del av restråstoff frå produksjon av oppdrettslaks til matkonsum i staden for til dyrefôr. Biomega AS hentar fersk råstoff frå fleire leverandørar i Vestland til sin produksjon av lakseolje og hydrolyserte lakseprotein. Prosjektet handlar om å identifisere beste metode for å ivareta kjøling av råstoff, konservering av råstoff og bruk av rett antioksidant til råstoffet.

Selskapet skal samarbeide med to råstoffleverandørar og forskingsinstituttet NOFIMA.

- Biomega AS har lenge vore ein drivar innan sitt fagområde og nyttar forsking som verktøy i sitt utviklingsarbeid. Det er gledeleg at fondet kan finansiere meir forsking som kan bidra til auka  berekraft i lakseproduksjonen og sirkulærøkonomien i fylket vårt, seier Askeland. 

Kontaktperson i Biomega: Bjørn Liaset, 958 69 568

Digitalt berekraftsbarometer til forvalting av bygg

Eigedomsteknologiklynga Proptech Innovation jobbar for auka innovasjon og verdiskaping innanfor bygg-, anlegg- og eigendomsbransjen. Dei får 1,5 millionar i støtte til eit forskingsprosjekt som skal vidareutvikle eit digitalt berekraftsbarometer for eksisterande bygg. Berekraftig forvaltning av bygg kan bli mykje betre gjennom mellom anna bruk av sensorikk, automatisering av klimastyring og brukarorienterte grep. Forskingsprosjektet skal resultere i modellar for analyse av bygg og anbefaling om kva tiltak som kan gi best effekt. Proptech-klynga har 83 medlem og samarbeider i prosjektet med forskarar frå  NORCE.

- Eg blir glad når ein av våre nyare bedriftsklynger tek aktivt tak i dei store utfordringane som ikkje kan løysast av ei bedrift åleine, og samstundes søkjer ny kunnskap gjennom samarbeid med forskarar. Meir berekraftig byggforvalting vil gje viktige bidrag til å redusere  klimaavtrykket i urbane miljø, seier Askeland. 

Kontaktperson i Proptech Innovation: Stig Frode Opsvik, 917 15 470

Skal utvikle verktøy for klimatilpassing av bygg og infrastruktur             

Osterøy kommune tek leiarskap i eit prosjekt som får 3 millionar i støtte.  Kommunane treng verktøy for å kartlegge kor sårbare dei er for uunngåelege konsekvensar av klimaendringar og ekstremvêr. Prosjektet skal utvikle indikatorar for klimatilpassing av bygg og infrastruktur i kommunar. Indikatorane skal mellom anna seie noko om økonomisk kost-nytte av ulike klimatiltak. Ambisjonen er at kommunane skal få verktøy til å kartlegge sårbarheit, og utvikle mål, strategiar og handlingsplanar.

Fitjar, Kinn, Kvam, Luster, Lærdal, Sogndal, Voss og Trondheim kommune deltek i prosjektet, saman med Vestland fylkeskommune.  Sintef og Vestlandsforsking er forskingspartnarar.

- Forskinga kan legge til rette for at kommunane i større grad kan løyse regionale og lokale utfordringar med klimatilpassing. Verktøya som vert utvikla i prosjektet, vil tilpassast vestnorske utfordringar, men dei vil også vere relevante for alle kommunar, seier Askeland.

Kontaktperson i Osterøy kommune: Viviann Kjøpstad, 481 07 097

Klimabudsjett 2.0

Vestlandsforsking og Universitetet i Bergen får 3 millionar. Prosjektet skal utvikle eit nytt verktøy for klimabudsjettering. Dette skal hjelpe kommunane til å sette lokale og regionale klimamål i tråd med dei internasjonale klimaforpliktingane. Vestland fylkeskommune og Sogndal kommune er med i prosjektet. Forskarane vil jobbe tett med lokale aktørar som folkevalde, kommuneadministrasjon, innbyggarar og næringsliv for å finne fram til tiltak som er retta mot forbruk og produksjon. Målet er at verktøya som vert utvikla i prosjektet skal vere opent tilgjengelege, og at fleire fylke og kommunar i Noreg kan ta det i bruk.

- Gjennom prosjektet kan vi i Vestland bygge opp viktig kompetanse og styrke kommunane sitt leiarskap i naudsynt klimaomstilling og tilpassing. Vi har mykje vêr i fylket vårt. Prosjektet vil kunne gi ny kunnskap som andre kommunar i Noreg vil ha svært god nytte av, seier Askeland. 

Kontaktperson i Vestlandsforsking: Hans Jakob Walnum, 958 99 032

Universitet og høgskular kan få sentral rolle i berekraftig næringsutvikling

Universitet og høgskuler spelar allereie i dag ein viktig rolle for næringsutvikling i fylket. Høgskulen på Vestlandet får nær 3 millionar for å finne ut korleis universitet og høgskular kan spele ei sterkare rolle i utviklinga av smart og berekraftig næringsutvikling i Vestland, gjennom deira forsking- utdannings- og innovasjonsaktivtetar. Sentralt i prosjektet er utvikling av strategiar for berekraftig smart spesialisering, som skal styrke samarbeid mellom forsking, industri og næringsliv, Vestland fylkeskommune og andre i eit breitt partnarskap.  

- Det er særs positivt å få fram meir kunnskap om universitets- og høgskulesektoren si rolle i arbeidet med berekraftig næringsutvikling. Meir samarbeid må til om vi skal nå dei felles måla våre om grønt skifte, null utslepp og ei berekraftig utvikling i fylket, seier Askeland.

Kontaktperson på Høgskulen på Vestlandet: Øystein Stavø Høvig, 909 24 936

Kontaktpersonar i Regionalt forskingsfond Vestland:

Meldinger ved utskriftstidspunkt 19. april 2024, kl. 16:36 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.