Skal lyse ut 21 millionar til forsking

Regionalt forskingsfond Vestland skal lyse ut 21 millionar til forsking i 2021. Bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i Vestland kan søkje. Søknadsfrist for hovudprosjekt er allereie 1. desember i år. Her vert det invitert til å søkje på tema klimaomstilling og grønt skifte og samfunnstryggleik og beredskap.

Styret for Regionalt forskingsfond Vestland har vedteke handlingsplan for 2021. 21 millionar skal lysast ut til forsking. Det er sett av inntil 9 millionar til forprosjekt og inntil 12 millionar til hovudprosjekt.

Midlane skal stimulere til at kommunal sektor og næringsliv tek i bruk forsking i sine innovasjonsaktivitetar.

Prosjekta skal ta utgangspunkt i konkrete behov og utfordringar i næringsliv og/eller kommunal/fylkeskommunal sektor i Vestland fylke.

Bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i Vestland kan søkje.  

Hovudprosjektutlysinga har søknadsfrist 1. desember 2021. Forprosjektutlysinga vil ha løpande søknadsinnsending, med vedtak fire gonger i året.

Her er meir informasjon om dei to utlysingane:

 

HOVUDPROSJEKTUTLYSINGA

Tema for utlysinga:

  • Klimaomstilling og grønt skifte
  • Samfunnstryggleik og beredskap

Søknader kan kombinere dei to temaa.

Kven kan søkje og kva kan du søkje om:

Bedrifter og kommunar i Vestland kan søkje om innovasjonsprosjekt. Støttegrad er inntil 70%, i tråd med statsstøtteregelverket.

Godkjende forskingsorganisasjonar i Vestland kan søkje om samarbeidsprosjekt med bedrifter og/eller kommunal sektor. Støttegrad inntil 90%. Samarbeidspartnarar som ikkje er forskingsorganisasjonar må finansiere eigne kostnader og deira kostnader må utgjere minst 10% av dei samla kostnadane i prosjektet.

Samla støtte per prosjekt er 1 – 3 millionar i inntil 3 år.

Krav til samarbeide, open publisering og formidling

Det skal vere krav om at minst to bedrifter i Vestland deltek i bedriftssøknadene. Store bedrifter må samarbeide med minst ein SMB-bedrift i fylket.

Minst to kommunar i Vestland må delta i dei offentlege søknadene, i tillegg til ein godkjend forskingsorganisasjon.  

Godkjende forskingsorganisasjonar kan søkje om samarbeidsprosjekt dersom dei har eit reelt samarbeid med to eller fleire partnarar frå næringsliv og/eller  kommunal sektor, der minst ein må vere lokalisert i  Vestland

Det vil vere krav til løpande formidling gjennom prosjektperioden og til open publisering.

Når er utlysinga klar?

KORRIGERING: Det tek litt tid før vi få publisert utlysingane, men dei skjer seinast 9. oktober. 

FORPROSJEKTUTLYSINGA

Fondet vil vidareføre ordninga med forprosjekt, med nokre justeringar i høve til 2020-utlysinga.

Forprosjektutlysinga vert brei tematisk og vil har løpande søknadsinnsending, men fire fristar for å nå behandling i neste styremøte.

Forprosjekta skal leie fram til ein søknad om hovudprosjekt (Innovasjonsprosjekt i bedrift/næringsliv eller kommunal sektor eller Kompetanse- og samarbeidsprosjekt) i Regionalt forskingsfond Vestland, Forskingsrådet, Horisont Europa med vidare.

Bedrifter, kommunar/fylkeskommune og forskingsorganisasjonar i Vestland kan søkje om innan alle tema i bestillingsbrevet frå fylkestinget:

  • Ny teknologi og prosessar som medverkar til klimaomstilling og til eit grønt skifte.
  • Berekraftig matproduksjon, bioøkonomi og sirkulær økonomi
  • Reiseliv som styrkar lokalsamfunna og gir lågt klimaavtrykk
  • Kommunal tenesteproduksjon og samfunnsutvikling
  • Drivkrefter for utvikling og innovasjon i Vestland fylke

Bedrifter og kommunal sektor kan søkje om forprosjekt til innovasjonsprosjekt, medan forskingsorganisasjonar kan søkje om forprosjekt til kompetanse- og samarbeidsprosjekt.

Støtteramme er mellom 200. 000 og 500.000 i inntil 1 år. Også her er hovudregelen samarbeid.

Støttegrad er som i hovudutlysinga (sjå over).

Utlysinga vil bli lagt ut i desember 2020.