Regionalt hovedprosjekt 2026
Last ned utlysningen
Last ned maler
Viktige datoer
3. des. 2026
Tidligste tillatte prosjektstart
Viktige datoer
Formål
Støtte forskingsbaserte innovasjonsprosjekt knytt til det marine næringslivet i Møre og Romsdal. Prosjekta skal gi tydelege bidrag til grøne industrielle løft gjennom meir berekraftig og/eller sirkulær utnytting av ressursar frå havet og havbruk. Dette kan vere i form av berekraftig fôr, nye matprodukt, ny teknologi og produksjonsmetodar, og betre forsyningstryggleik.
Om utlysningen
Denne utlysinga byggjer opp under Fylkesstrategien for forsking og innovasjon 2025–2028, og satsinga på den biomarine næringa. Målet med dei regionale hovudprosjekta er å bidra til kunnskapsbasert innovasjon i det havbaserte, biomarine næringslivet i Møre og Romsdal.
Prosjekta kan vere ei vidareføring av andre regionalt finansierte FoU-prosjekt, eller heilt nye initiativ. Hovudprosjekta kan òg vere eit førebuande steg til eit planlagt prosjekt med finansiering frå Forskingsrådet, fortrinnsvis gjennom ordningane IPN eller KSP, eller andre nasjonale og internasjonale verkemiddel.
Alle søknader til utlysinga vil konkurrere om den same potten.
Hvem kan søke?
Målgruppa for denne utlysinga er bedrifter og bedriftsnettverk lokalisert i Møre og Romsdal. Søkar må samarbeide med minst eitt godkjent FoU-miljø. FoU-institusjonar frå regionen kan òg søkje dersom det skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter.
Hvem kan delta i prosjektet?
Bedrifter, bedriftsnettverk og forskingsinstitusjonar som er geografisk lokalisert i Møre og Romsdal. Når ei stor verksemd søkjer (over 250 tilsette og over 50 mill Euro i omsetning og 43 mill i balanse), er det krav om samarbeid med minst ei SMB-verksemd i Møre og Romsdal. I prosjektet kan det samarbeidast med universitet, høgskular og FoU-institusjonar både innanfor og utanfor regionen. Bedrifter utanfor regionen kan delta i prosjektet, men vil ikkje få økonomisk støtte frå ordninga.
Hva kan du søke om støtte til?
Kostnader som gir grunnlag for støtte er relevante prosjektkostnader som personalkostnader, kjøp av FoU-tenester og andre relevante kostnader.
Det er krav om minimum 50 prosent eigeninnsats i prosjektet. Det er ikkje høve til å føre opp totalkostnader ved kjøp av utstyr – berre avskrivingskostnader for naudsynt forskingsutstyr i prosjektperioden kan førast opp. Sjå meir informasjon om kva budsjettet skal innehalde.
Tilskot vert tildelt i samsvar med gjeldande EØS-regelverk for statsstøtte, sjå artikkel 25 (Støtte til forskings- og utviklingsprosjekt).
Aktuelle temaområder for denne utlysningen
Hovudprosjekta i RFF Møre og Romsdal skal høyre til minst to av dei følgjande tema:
- Sirkulær utnytting av ressursar frå havet eller frå havbruk
- Biomarin kunnskapsutvikling som gir ny teknologi, produksjonsmetodar eller produkt i kombinasjon med redusert klimaavtrykk
- Berekraftig fôr, sjømat og ingrediensar
- Betre beredskap, forsyningstryggleik og meir robuste marine verdikjeder
Forskingsbaserte innovasjonar vil spele ei nøkkelrolle for å utnytte ressursane betre i verdikjedene. Tilstrekkeleg forskingskapasitet og infrastruktur knytt til det stadig meir kunnskapsbaserte næringslivet i regionen er naudsynt.
Fylkeskommunen skal stimulere til utvikling av relevant og praksisnær kunnskap i forsking og utdanning som kan kome til nytte for næringslivet i regionen. Det handlar òg om å orientere seg mot den nasjonale og internasjonale teknologi- og kunnskapsfronten. Slik skal posisjonen til Møre og Romsdal som ein konkurransedyktig eksportregion styrkast.
Klima og miljø
Mat og bioressurser
Muliggjørende teknologier
Hav
Praktiske opplysninger
Krav til utforming
- Søknaden skal vere innanfor søknadstypen og føremålet med utlysinga.
- Prosjektet skal ha eit tydeleg forskingsinnhald.
- Ansvarleg søkar må vere lokalisert i Møre og Romsdal.
- Prosjektansvarleg og samarbeidspartnarar skal finansiere minst 50 % av prosjektkostnadene. Dette kan vere eigeninnsats og/eller kontantar. Ubetalt eigeninnsats blir ikkje godkjend.
- Prosjektet må vere organisert som eit samarbeid mellom minst ei regional bedrift og eitt godkjent FoU-miljø.
- Samarbeidspartane skal vere aktivt involverte i prosjektet, og aktiviteten deira skal synleggjerast i budsjettet og i prosjektbeskrivinga.
Prosjektbeskrivelse
- Må følgje malen, og alle punkt skal besvarast.
- Maksimalt 7 sider, inkludert referansar.
- Kan leverast på norsk eller engelsk.
- Sideformat: A4, med 2 cm marg, 11 pkt skrift og enkel linjeavstand.
- Ufullstendige prosjektbeskrivingar og søknader utan obligatoriske vedlegg vil bli avvist.
Forskning og innovasjon | IP-Næringsliv
• I hvilken grad innovasjonen representerer noe nytt.
• I hvilken grad innovasjonen retter seg mot tydelige behov eller nye markedsmuligheter for prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere i prosjektet.
• I hvilken grad prosjektet bygger på relevant og oppdatert kunnskap.
• I hvilken grad prosjektet benytter relevante og anerkjente FoU-metoder.
• I hvilken grad FoU-aktivitetene er ambisiøse og nødvendige for å lykkes med innovasjonen.
• I hvilken grad prosjektet tar hensyn til forskningsetiske problemstillinger og/eller kjønnsperspektivet i forskningen.
Virkninger og effekter | IP-Næringsliv
• I hvilken grad prosjektet bidrar inn mot FNs bærekraftsmål.
• I hvilken grad prosjektet kan gi positive eksterne effekter for næringslivet, offentlig sektor og samfunnet generelt.
• I hvilken grad prosjektet vil gi betydelige bedriftsøkonomiske gevinster for prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere.
• I hvilken grad planen for implementering av FoU-resultatene og realisering av gevinster er relevant og dekkende.
Gjennomføring | IP-Næringsliv
• I hvilken grad prosjektet har solide og gjennomarbeidede mål, arbeidspakker, milepæler, ressursinnsats og relevante risikovurderinger.
• I hvilken grad prosjektet vil ha tilgang til nødvendig FoU-kompetanse og tilstrekkelig kapasitet til å gjennomføre FoU-oppgavene.
• I hvilken grad prosjektleder har egnet kompetanse og erfaring for å lede FoU- prosjektet.
• I hvilken grad prosjektet har en egnet prosjektorganisering med tydelig og relevant fordeling av budsjett, roller og ansvar.
• I hvilken grad prosjektet fremstår som strategisk forankret hos prosjektansvarlig og bedriftene som er samarbeidspartnere.
• I hvilken grad budsjettet er realistisk.
Relevans for utlysningens tema
• I hvilken grad prosjektet tilfredsstiller eventuelle andre prioriteringer i utlysningsteksten.
Behandlingsprosedyre
Prosjekta blir vurderte av regionale fagpanel og administrasjonen i fylkeskommunen. Vedtak blir fatta av Kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Last ned maler
Meldinger ved utskriftstidspunkt 10. juni 2026, kl. 19.21 CEST