Om RFF Møre og Romsdal

RFF Møre og Romsdal er eit ordning for å styrke forskingsevna i Møre og Romsdal gjennom tilskot til forskingsprosjekt og mobilisering til auka FOU-innsats. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som forvaltar ordninga.

Satsingsområde for RFF Møre og Romsdal i perioden 2020 - 2023: 

  • Berekraft og det grøne skiftet – prosjekt retta mot berekraftig
    ressursutnytting, nye produkt og prosessar som minimerer klimaavtrykket
    samtidig som det skaper nye forretningsmoglegheiter. 
  • Mogleggjerande teknologiar – prosjekt der utvikling og bruk av digitalisering
    og nye teknologiar kjem til praktisk og kommersiell nytte i arbeids- og
    næringslivet.
  • Havrommet – prosjekt som bidrar til innovasjon, kunnskapsutvikling og
    styrka konkurransekraft i maritime og marine næringar.
  • Innovasjon i offentleg sektor – prosjekt som bidrar til innovasjon,
    kunnskapsutvikling og betre tenesteyting i kommunal sektor gjennom
    samarbeid med FoU-miljø, næringsliv og andre offentlege aktørar.
  • Samspel over bransje- og sektorgrenser – prosjekt som stimulerer til
    kunnskapsdeling og innovasjon på tvers av bransjar og mellom offentleg og
    privat sektor
  • Styrke forskingsmiljøa – prosjekt som bidrar til auka kunnskapsutvikling,
    forskingskapasitet og –infrastruktur på dei områda som arbeids- og
    næringslivet etterspør.