Tjeldbergodden Rensefisk AS tek viktige steg mot berekraftig fôrproduksjon med mikroalgar
Tjeldbergodden Rensefisk AS er eit landbasert oppdrettsanlegg i Tjeldbergodden Biopark. I eit kvalifiseringsprosjekt støtta av den regionale forskingsfinansieringa i fylkeskommunen har verksemda undersøkt moglegheitene for å utnytte sidestraumar frå oppdrettsnæringa. Med bistand frå SINTEF Ocean er det vurdert om mikroalgar kan dyrkast som fôrråvare basert på næringsstoff frå avløpsvatn og fiskeslam.

Analysane viste at næringsstoff kan ekstraherast frå fiskeslam i avløpsvatnet og gje effektiv algevekst. Éin særskild mikroalge vart identifisert som spesielt lovande for dyrking på fiskeslam. Biomassen som vart produsert hadde eit høgt innhald av lipid, aminosyrer og omega-3-fettsyra EPA, noko som gjer henne godt eigna som fôrråvare. Prosjektet har gitt eit solid kunnskapsgrunnlag for vidare forsking på dyrking av mikroalgar i sidestraumar frå landbaserte oppdrettsanlegg.
Arbeidet vert no ført vidare i eit Grønn Plattform-prosjekt på Tjeldbergodden, finansiert av Noregs forskingsråd. Målet er å dyrke mikroalgar i større industriell skala basert på utnytting av sidestraumar som fiskeslam, avløpsvatn, spillvarme og CO₂. Ved å skape nye, verdifulle og sirkulære fôrråvarer støttar prosjekta opp om det nasjonale samfunnsoppdraget for berekraftig fôr.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 18. april 2026, kl. 10.56 CEST