Tang og tare gir raskare vekst i insektproduksjon brukt til fôr

I eit kvalifiseringsprosjekt støtta av fylkeskommunen i Møre og Romsdal, har Møreforsking i samarbeid med bedrifta Norinsect funne at biprodukt frå tang og tare kan bli ein ressurs i framtidas fôrproduksjon. Norge har store mengder tang og tare som i dag er lite nytta, og dette kan bli ein viktig del av ei meir berekraftig matproduksjon.

Melorm. Foto: Norinsect AS

I kvalifiseringprosjektet er det undersøkt korleis makroalgar (tang og tare) kan brukast som fôrtilskot til gule mjølormar, som er ei lovande proteinkjelde til både husdyr og oppdrettsfisk. Mjølormar som fekk tilført moderate mengder med moste makroalgar i fôret, auka vekta med 50 prosent samanlikna med kontrollgrupper utan slikt tilskot. Dette tyder at produksjonen av insektprotein kan bli både meir effektiv og meir lønnsam.

Bruk av tang og tare i fôr går heller ikkje utover kvalitet eller tryggleik. Sjølv om proteininnhaldet vart noko redusert, auka feittinnhaldet. Nivåa av uønskte stoff var godt under grenseverdiane for dyrefôr.

Bruken av lokale råvarer som tang og tare kan redusere behovet for importerte fôrressursar, og bidra til ei meir sirkulær og miljøvennleg verdikjede. I prosjektet vart det òg utvikla metodar for korleis slike råvarer kan nyttast i insektoppdrett, noko som legg grunnlaget for vidare utvikling og kommersialisering.

Resultata frå kvalifiseringsprosjektet viser at dette kan vere eit første steg mot ei meir berekraftig og robust mat- og fôrproduksjon. Møreforsking og Norinsect vil no arbeide vidare med å identifisere vekstfremjande komponentar i makroalgar som ytterlegare kan forbetre veksten til mjølormar. Målet er å utvikle ein konkurransedyktig og berekraftig norsk insektindustri.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 20. mai 2026, kl. 22.41 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.