Støtte til biomarine innovasjonsprosjekt

Møre og Romsdal fylkeskommune gir 7 mill. kroner i støtte til tre forskingsbaserte innovasjonsprosjekt.

Mikroalgar. Foto: SINTEF

Prosjektmidlane kjem frå Marint verdiskapings- og miljøsikringsfond, og er retta mot det biomarine næringslivet i Møre og Romsdal. 

Produksjon av mikroalgar frå CO₂ og spillvarme

Tjeldbergodden Utvikling AS, Aure, får 2 mill. kroner i støtte. Skal saman med bedriftspartnarar i geografisk nærleik sjå på moglegheita for å produsere næringsrike mikroalgar basert på CO₂‑rik fabrikkrøyk og spillvarme frå metanolfabrikken. Mikroalgar tek opp CO₂ og omformar det til viktige næringsstoff. I staden for at desse ressursane går tapt og belastar klimaet, kan dei nyttast i produksjon av marine, lågtrofiske organismar, som igjen eignar seg til fiskefôr. 

Norsk skate som ny ressurs i høgverdiprodukt

SINTEF Nordvest, Ålesund, får 2,5 mill. kroner i støtte. Skal utvikle ei berekraftig verdikjede for norsk skate saman med fleire fiskeribedrifter. Skate er ein lite utnytta bifangst frå lineflåten. Prosjektet skal undersøkje korleis råstoffet kan nyttast til mat, kosttilskot, kosmetikk og andre høgverdiprodukt. Slik kan nye forretningsområde bli utvikla, samstundes som ein bidreg til betre ressursutnytting og auka matsikkerheit.

Ny vaksineplattform for oppdrettsfisk basert på mikroalgar

Arctic Algae AS, Ørsta, får 2,5 mill. kr i støtte. Skal utvikle ei skalerbar og dyrevelferdsvenleg vaksineplattform basert på mikroalgar. Ein genetisk modifisert modellalge blir dyrka under optimaliserte forhold utan å øydeleggje antigenet. Gjennom fôringsforsøk skal ein teste immunrespons og sjukdomsvern. Dersom konseptet blir validert, vil ein gå vidare med vurdering av regelverk og det kommersielle marknadspotensialet.

Bidreg til eit meir berekraftig næringsliv

Dei tre prosjekta har fokus på berekraftig fôr, sjømat, sirkulærøkonomi og styrkt forsyningstryggleik. Dette er viktige satsingsområde i Møre og Romsdal, og i tråd med nasjonale og internasjonale samfunnsoppdrag. Løysingane kan skape nye verdikjeder og teknologi med potensial for auka og berekraftig verdiskaping i næringslivet.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 31. januar 2026, kl. 14.22 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.