Ny kunnskap kan gi betre reinsing om bord på bløggefartøy

Korleis kan prosessvatn frå bløggefartøy handterast betre og meir miljøvennleg? Det har vore eit sentralt spørsmål i eit FoU-prosjekt i bedrifta FSV Rederi AS. No ligg resultata føre, og dei gir viktig kunnskap for vidare utvikling av reinseteknologi om bord i slike fartøy.

FSV Scotia. Foto: FSV Group

Gjennom etI prosjekt som har fått støtte frå MobPro-ordninga til fylkeskommunen, er ulike typar prosessvatn frå bløggefartøy kartlagde og analyserte. Feltarbeidet blei gjennomført under kommersiell drift om bord på båten FSV Scotia i Skottland i samarbeid med SINTEF Nordvest.

Resultata viser at vasstraumane om bord varierer mykje både i mengd og innhald. Prosjektet har mellom anna dokumentert høg organisk og partikulær belastning i enkelte av vasstraumane. Samstundes viser analysane at filtrering kan vere ein aktuell del av ei framtidig reinsingsløysing. Mikrobiologiske funn peikar òg på behovet for desinfeksjon før vatnet blir sleppt ut.

Kunnskapen frå prosjektet gir eit grunnlag for å utvikle løysingar som både er effektive og praktisk gjennomførbare om bord på fartøy. Neste steg er å undersøke variasjonane i prosessvatnet nærare og teste aktuelle reinseteknologiar under realistiske forhold. Målet på lengre sikt er å bidra til gode løysingar for handtering av prosessvatn som kan møte framtidige miljøkrav og samstundes fungere i den daglege drifta på fartøya.

MobPro i Møre og Romsdal er ein del av det statlege FORREGION-programmet, som skal mobilisere bedrifter til å ta i bruk forskingsbasert innovasjon.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 9. oktober 2026, kl. 12.44 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.