Utnyttar heile fisken med ny teknologi
Gjennom målretta satsing på berekraft og samarbeid med forskingsmiljø i fylket, tek fiskebåtrederiet Bluewild i Ålesund steg mot ei grønare framtid for fiskerinæringa. Med støtte frå Regionalt forskingsfond (RFF) Møre og Romsdal har dei utvikla og testa ein ny metode for å utnytte restråstoff frå kvitfisk – som innvollar, bein og lever – til produksjon av høgkvalitets fiskeolje.
Prosjektet, som er knytt til den nye båten «ECOfive», er eit godt døme på korleis konkret næringsretta forsking og teknologiutvikling kan bidra til sirkulære og energieffektive løysingar.
I samarbeid med SINTEF Nordvest har Bluewild undersøkt korleis ein kan nytte overskotsvarme frå drifta av båten til å behandle råstoffet ved låg temperatur. I staden for å sleppe varme rett ut i lufta, vert den no brukt som energikjelde i produksjonen av fiskeolje.
Laboratorieforsøk har vist at enzymbehandling gir spesielt gode resultat, både når det gjeld oljeutbytte og reduksjon av miljøgifter. Metoden kan tilpassast for bruk om bord, og legg til rette for at ein kan ta vare på så mykje som 90 prosent av heile fisken, noko som representerer eit stort potensial for verdiskaping og ressursutnytting.
– I næringa vår er vi avhengige av å ha eit løypande utviklingsarbeid, og vi er utsette for mykje risiko. Med støtte frå RFF har vi moglegheit til å setje i gang med slike prosjekt. Resultata her viser at dette er noko vi kan jobbe vidare med, seier Helge Kittilsen, styreleiar i Bluewild.
Kittilsen roser SINTEF i Ålesund for arbeidet dei har gjort i dette kvalifiseringsprosjektet, og forklarer tankegangen bak det tekniske grepet:
– Ein fiskebåt brukar mykje energi for å lage straum og framdrift. Straumen blir òg brukt til å drifte vinsjar og fryseri. Alt dette produserer overskotsvarme. Så vi tenkte: Kva om vi kan bruke den varma i staden for å berre sleppe den ut?
– Vi ønskjer å separere olja frå andre stoff og protein. Vi er på jakt etter fiskefettet. I samarbeid med SINTEF er det blitt utvikla ein måte å utnytte opp mot 90 prosent av heile fisken, slik at ein får separert ut fiskefeittet og teke ut oljer og protein ved hjelp av overskotsvarme frå båten. Ein prototype er no utvikla på land, som kan monterast om bord i båten etter kvart, fortel han.
Kittilsen meiner dette treff godt med føremålet til RFF:
– Her skapast og utnyttast teknologi som har eit skaleringspotensiale. Vi bruker lokale leverandørar. Det er rikeleg med rett kompetanse på dette området her i fylket. Sjømatbransjen skal vere dynamisk, men bankane er redde for risiko, og derfor er det godt med hjelp til finansiering av slike prosjekt. RFF opplevast som relativt lett å ha med å gjere.
Øyvind Herse i Regional forskingsfinansiering Møre og Romsdal forklarer:
– Kvalifiseringsprosjekta er forprosjekt som skal kvalifisere ein bedrifta til å ta i bruk meir forsking i neste fase av innovasjonsprosessen. Det er bedrifta sjølv som søkjer og er ansvarleg for prosjekta, men vi gir støtte til å leie inn eit forskarmiljø.
Herse peikar på at denne typen samarbeid blir viktigare framover:
– Arbeidslivet vert stadig meir komplisert, nye løysingar krev auka kunnskap og for å få det må vi forske. Det blir ein god synergi ut av slike prosjekt. Bedrifta koplast inn i eit forskarmiljø som igjen får jobbe med ei lokal bedrift. Dette blir vinn-vinn for begge partar.
Han håper fleire bedrifter vil nytte seg av ordninga:
– Vi behandlar søknadane raskt og hjelper også til i søknadsprosessen. Alle prosjekta vi gir støtte til har tydelege spor av berekraft og grøn omstilling i seg.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 7. juni 2025, kl. 02.17 CEST