Ny regional støtteordning til forskningsbasert innovasjon i marin næring
KON-utvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å styrke satsinga på marin innovasjon og sirkulærøkonomi med ei ekstra løyving på 5 millionar kroner frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond.
Midlane er øyremerkte litt større forskingsbaserte, marine innovasjonsprosjekt i bedrifter og bedriftsgrupperingar. Det kan søkjast om frå 1 til 5 millionar kroner i støtte til kvart prosjekt. Utlysinga byggjer opp under Fylkesstrategien for forsking og innovasjon 2025–2028, og satsinga på den biomarine næringa.
Prosjekta skal gi tydelege bidrag til sirkulær og biomarin utnytting av ressursar frå havet og frå havbruk. Dette kan vere i form av berekraftig fôr, nye matprodukt, ny teknologi og produksjonsmetodar, og betre forsyningstryggleik.
Prosjektmidlane blir lyst ut som regionale (hovud)prosjekt med dei same vurderingskriteria og behandlingsrutinane som kvalifiseringsprosjekta. Søknadsfristar er 15. september og 3. november 2025.
Meldinger ved utskriftstidspunkt 4. september 2025, kl. 06.54 CEST