Bedrifter fekk tips om korleis utvikle FoU-prosjekt og skaffe finansiering

Kompetansemegling er ei ordning der ressurspersonar hjelper bedrifter med å utvikle og setje i gang FoU-prosjekt. Målet er å skape nye og forbetra teknologiar, produkt og tenester. Det er fylkeskommunen som koordinerer ordninga.

Kompetansemeklarane Katrine Hatrem Hast og Lisa Kolden Midtbø

Sju fagmiljø frå ulike innovasjonsselskap, næringshagane og forskingsmiljø utfører kompetansemeglinga som er ei gratis rettleiingsteneste.

Kompetansemeglarar i Vindel og Møreforsking arrangerte i starten av juni ein prosjektverkstad på Smøla. Nær 50 bedrifter på Nordmøre fekk informasjon og tips om korleis identifisere og setje i gang innovasjonsprosjekt, skaffe finansiering og knyte seg til eigna forskingsmiljø.

Les om kompetansemeklarordninga på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune

Meldinger ved utskriftstidspunkt 14. desember 2024, kl. 02.30 CET

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.