Ny forskings- og innovasjonsstrategi for Møre og Romsdal

Fylkestinget har vedtatt ny strategi for forsking og innovasjon for perioden 2021 - 2024.

Frå forordet i strategien: 

"Møre og Romsdal er inne i ei tid prega av omstilling og innovasjon. For å møte
utfordringane vi står overfor, må vi evne å utvikle og ta i bruk kunnskap og nye løysingar som tener næringslivet og samfunnet vårt. Strategien for forsking og innovasjon skal gi retning for dette arbeidet.

Forskings- og innovasjonsstrategien er utforma med bruk av metodikken
«Smart Spesialisering». Den vektlegg samspel og involvering av aktørar frå næringslivet, kommunane, forskingsmiljøa og verkemiddelapparatet. Saman skal ein avdekke særskilte kunnskaps- og konkurransefortrinn i regionen, og
korleis ein kan realisere desse. Basert på felles innsikt og aktivt samspel mellom aktørane, skal vi saman gjere Møre og Romsdal til ein attraktiv region for folk og bedrifter.

Møre og Romsdal er det største eksportfylket i landet, målt i eksportinntekter per sysselsett, og det fjerde største eksportfylket totalt. Regionen er eit levande laboratorium for produkt og løysingar knytt til havrommet. Denne posisjonen må vi bygge vidare på.

Digitalisering og berekraft er sterke drivarar for innovasjon i både privat og offentleg sektor. Store delar av næringslivet opplever at marknadane endrar seg på ein slik måte at grunnleggande omstillingar er nødvendig. Det handlar om innovasjon og skaping av nye arbeidsplassar, i både eksisterande og nye verksemder.

Også offentleg sektor må tilpasse seg endringane i samfunnet og nye rammevilkår. Kommunane og andre delar av offentleg sektor, har stor
innkjøpsmakt. Denne makta kan brukast til å etterspør og utvikle innovative og berekraftige varer og tenester til nytte for offentlege verksemder, næringslivet og samfunnet. Implementering av strategien vil skje gjennom fylkeskommunen sitt handlingsprogram. Her vil det kvart år bli utforma relevante tiltak gjennom det regionale partnarskapet og samarbeidsavtalen mellom fylkeskommunen, Innovasjon Norge, Forskningsrådet og Siva."

Her kan du lese strategien

Framside fylkesstrategi for forsking og innovasjon

Meldinger ved utskriftstidspunkt 26. april 2024, kl. 18:26 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.