-Forsking er god investering i vekst og utvikling

Det seier FoU-sjef i Epax, Iren Stoknes, som saman med Terje Bach i NEAS representerer næringslivet i styret for det nye forskingsfondet i Møre og Romsdal.

1. januar 2020 vart Møre og Romsdal eige forskingsfond, RFF Møre og Romsdal. Ei av oppgåvene til fondet er å få fleire bedrifter og kommunar i Møre og Romsdal til å ta i bruk forsking for å fornye eller forbetre ei vare eller teneste.

Både Stoknes og Bach har erfaring frå forskingsmiljø og industri og ser at RFF er eit godt hjelpemiddel særleg for små og mellomstore bedrifter som vil komme i gang med forsking eller teste ut ein ide. -Forskinga er eit grunnlag for å kommersialisere forretningsideen. Inputen frå forsking er viktig for å få innsikt og set bedriftene i stand til å utvikle betre løysingar for brukarar og kundar. Gjennom FoU-aktivitet får ein også tilgang til større nettverk og nøkkelpersonar, seier Terje Bach.

Forsking er tiltrekker seg unge talent

Stoknes er godt kjent med RFF gjennom det «gamle» RFF Midt-Noreg. -Forsking er god investering i vekst og utvikling. Det gir interessante arbeidsplassar som tiltrekker seg unge talent. RFF gjer det også mogleg for større bedrifter å teste ut ein ny ide før det eventuelt går vidare til større forskningsprosjekter med større finansiell støtte, seier Stoknes.

Kva er dei største barrierane for å komme i gang, og suksesskriteriene for å lykkast med eit forskingsprosjekt, sett frå eit næringslivssynspunkt?

-Mangel på menneskelege ressursar er ofte den største barrieren. For å lukkast med eit forskingsprosjekt, må bedrifta ha tilsette med kompetanse og tid til å følgje opp prosjektet. Desse må være i stand til å videreutvikle ideane og ta det videre til kommersiell implementering, seier Stoknes.

-Vi lever også i ei tid der vi er heilt avhengige av å samarbeide og kople på kompetansen du sjølv ikkje har, seier Bach. -Du må ha eit økosystem i kvardagen og ein forretningsmodell som hjelper deg å nå målet ditt. Eit lite dytt frå forskingsmiljø kan hjelpe deg eit steg vidare.

Vil ufarleggjere forsking

Terje Bach peiker også på kultur og tradisjon. -Vi har ikkje tradisjon i norsk industri til å drive med forsking. Noko av det trur eg skuldast frykt for å gjere feil. Det er noko som sit i oss, og kan vere ei barriere. Vi må ufarleggjere forskinga og, bygge ein kultur som applauderer prøving og feiling. Eg trur at når sjefen ser verdien av å gjere noko som ikkje er innafor den firkanta boksen, er vi på riktig spor.

Meldinger ved utskriftstidspunkt 24. april 2024, kl. 16:27 CEST

Det ble ikke vist noen globale meldinger eller andre viktige meldinger da dette dokumentet ble skrevet ut.