Om RFF Vestlandet

Ny kunnskap driv Vestlandet framover! Regionalt forskingsfond Vestlandet støtter forskingsprosjekt som gir ny kunnskap, utnytter vestnorske fortrinn og bidrar til å løyse utfordringar for bedrifter og kommunar på Vestlandet.

Regionale forskingsfond skal styrke forsking for regional innovasjon og utvikling ved å stø opp under dei prioriterte innsatsområda i regionen og mobilisere til auka FoU-innsats.

Regionalt forskingsfond (RFF) Vestlandet er eit av sju regionale forskingsfond i Noreg og omfattar dei tre fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Ordninga er finansiert av Kunnskapsdepartementet, og fonda samarbeider tett med Noregs forskingsråd

RFF Vestlandet satsar spesielt på forskingsstøtta innovasjon i næringsliv og kommunal sektor. Vi lyser ut midlar til kvalifiseringsprosjekt og større forskingsprosjekt og jobbar aktivt for å få fleire bedrifter og kommunar til å nytte forsking i si verksemd.

Fylkestinga i dei tre fylka har vedteke felles mål og prioriteringar for fondet i perioden 2016-2019, som gir føringar for styret sine årlege handlingsplanar.

RFF Vestlandet skal i perioden 2016-2019 bidra til:

  • Verdiskaping i næringsliv og offentleg sektor
  • Evne til innovasjon og omstilling – no og i framtida
  • Gode klima- og miljøløysingar

Prioriterte forskingstema ut 2019

  • Innovasjon basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringane
  • Innovasjon innan berekraftig matproduksjon og bioøkonomi
  • Innovasjon i kommunal sektor

Brukarstyrt forsking

RFF Vestlandet skal arbeide for at forsking finansiert av fondet, gir ny kunnskap med potensial for innovasjon i bedrifter og offentleg sektor. Fondet har difor hovudfokus på brukarstyrt forsking, og som hovudregel skal bedrifter eller kommunale organisasjonar vere ansvarleg søkjar. Knytt til spesielle satsingar kan fondsstyret opne for at forskings- og utdanningsinstitusjonar står som søkjar.