Nye forskingsprosjekt får støtte

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedteke å gi støtte til ni nye forskingsprosjekt i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Styret gjorde 25. juni vedtak om kva regionale offentlege og regionale bedriftsprosjekt som får støtte. Søknadene vart sendt inn til utlysingane med frist i februar.

- Kvaliteten på søknadene i år var høgare enn nokon gong tidlegare, og vi skulle gjerne hatt midlar til fleire enn dei som no får støtte. Mange som får avslag, har fått særs gode karakterar av fagpanel oppnemnte av Noregs forskingsråd, og kunne gitt viktige bidrag til innovasjon og verdiskaping i landsdelen. Dette viser at tida er moden for å styrke dei regionale forskingsfonda økonomisk, slik eit regjeringsutnemnt ekspertutval allereie har gått inn for. Fylkeskommunane har vist seg meir enn kapable til å forvalte forskingsmidlar på vegner av fellesskapen, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleier for RFF Vestlandet.

Her er oversikt over prosjekta som får støtte:

Prosjekt-nummer Prosjekttittel Prosjektansvarleg Sum  inntil(x1000)
299319 Vannforvalter i et endret klima - Utvikling av forvaltningsverktøy for risikoanalyse av klimapåvirket spredning av miljøgifter til vannmiljø SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE 2 850
299183 Samvirke om samfunnssikkerhet og beredskap Region Vestland Bergen Kommune 3 000
299082 Smarte innbyggere i smarte byer STAVANGER KOMMUNE 2 851
298964 Gründersporet: en ny introduksjonsordning for flyktninger som ønsker å starte egen virksomhet MELAND KOMMUNE 2 999
298878 Utvikling av en lakselusvaksine SALEI A/S    850
299221 SmartWing – Autonomous fixed-wing drone for smarter, safer, more cost-effective infrastructure inspection KVS TECHNOLOGIES AS 3 000
299284 Sider - Smaken av Hardanger HARDANGER SIDERPRODUSENTLAG 3 000
299339 VisjonCelina NJØS NÆRINGSUTVIKLING AS 3 000
299410 High rate SILIcon-phosphous alloyed anodes for Li-ion CAPacitors BEYONDER AS 3 000

Innvilga prosjekt er gitt med øvre ramme for tildeling. Endeleg sum vil vert sett etter forhandling.

Alle søkjarar vil snart få brev med vedtak og vurdering av søknaden.