Seminar om innovasjonsprosjekt i offentlig sektor 2019

Når:

30. august 2019 10.00 - 14.00

Hvor:

Høgskulen på Vestlandet, "Fabrikken", Fabrikkgaten 5, Bergen

Arrangementstype:

Seminar

Passer for:

Offentlig sektor, forskingsinstitusjonar, andre samarbeidspartnarar til offentlig sektor

Pris:

Gratis

Påmeldingsfrist:

27. august

Meld deg på

Om arrangementet

Jobbar du med søknad til Forskingsrådet si utlysning av Innovasjonsprosjekt i offentlig sektor med søknadsfrist 25. september? Utlysinga gjeld fleire tema, også innovasjon i kommunesektoren. 

Regionalt forskingsfond Vestlandet, saman med KS og Mohnsenteret på Høgskulen på Vestlandet, inviterer til seminar for dei som er godt i gong med å skrive søknad, og treng tips og råd i sluttspurten.


Kaffe og te står klart frå kl. 09.30. Enkel lunsjservering.

Program kl 10.00 - 14.00

Korleis fekk vi til ein god søknad?

Innlegg frå eitt eller to prosjekt som har fått støtte frå Forskingsrådet sitt program Forsking og innovasjon i kommunesektoren, FORKOMMUNE.
Tid til spørsmål og svar.

Utlysinga av innovasjonsprosjekt i offentlig sektor v/ Rigmor Fardal, Forskingsrådet

Gjennomgang av utlysinga, mal for prosjektbeskriving og bruk av verktøyet som er anbefalt i utlysinga: «Prosjektkanvas – Frå idé til prosjekt i offentlig sektor»
Spørsmål og svar.

Jobbe med søknader v/ Randi Lotsberg, RFF Vestlandet/Hordaland fylkeskommune og Øyvind Midtbø Berge, HVL

Bruke prosjektkanvasen og mal for prosjektbeskriving.
Tid til rettleiing.
Mulegheit for å kople initiativ, om ønskjeleg.

Tom Gundersen frå KS Hordaland vil óg vere til stades.


Korleis finne fram til "Fabrikken":

Møterom Fabrikken ligg i Fabrikkgaten 5, Bergen; fyrste etasje, fyrste rom til venstre når du går inn i bygget.

Næraste bybanestopp er Kronstad; 4 min unna.
Parkering i Kronstadparken P-Hus, Fabrikkgaten 6A, eller på parkeringsplass bak bygget (innkjøring fra Kanalveien). Begge er drevet av EasyPark.

 

seniorrådgivar

Randi Lotsberg