Erfarings- og drøftingsmøte om regionale forskingsfond på Vestlandet
- Når:
Torsdag 26. september kl. 12.30 - 16.30.
- Hvor:
Hordaland fylkeskommune, Agnes Mowinckels gate 5, Bergen
- Passer for:
Arrangementet er ope for alle
- Pris:
Gratis
- Påmeldingsfrist:
23. september
Om arrangementet
Grunna regionreforma nærmar det seg slutten for Regionalt forskingsfond Vestlandet i noverande form. Kva er resultata frå dei siste fire åra og korleis vert vegen vidare? Styret for fondet inviterer til ope erfarings- og drøftingsmøte i Bergen. Møtet vert også streama.
I 2010 vart regionale forskingsfond oppretta for å styrke forsking for regional innovasjon og utvikling ved å stø opp under dei prioriterte innsatsområda i regionen og mobilisere til auka FoU-innsats. Fylkestinga i Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland har gitt føringar for korleis Regionalt forskingsfond Vestlandet skal prioritere innsatsen. Frå starten har fondet satsa spesielt på forskingsstøtta innovasjon i næringsliv og kommunal sektor. Å mobilisere næringsliv og offentleg sektor til å ta i bruk forsking som middel til innovasjon og utvikling har difor også vore sentralt i fondet sitt arbeid.
I perioden 2016-2019 har fylkestinga gitt føring om at fondet skal i bidra til:
• Verdiskaping i næringsliv og offentleg sektor
• Evne til innovasjon og omstilling – no og i framtida
• Gode klima- og miljøløysingar
Prioriterte hovudtema for forskinga har vore:
- Innovasjon basert på teknologi og kompetanse innan hav- og energinæringane
- Innovasjon innan berekraftig matproduksjon og bioøkonomi
- Innovasjon i kommunal sektor
På møtet vil det bli presentert resultat og erfaringer frå arbeidet dei siste fire åra. Dette skjer i form av oppsummeringar samt presentasjon av nokre prosjekt. Det vert så lagt opp til ei drøfting av korleis ordninga med regionale forskingsfond best kan fungere frå 2020.
TEMA:
- RFF Vestlandet dei siste fire åra og politiske signal om framtida v/ styreleiar
- Erfaringar og resultat frå nokre prosjekt v/ bedrifter og kommunar i fondsregionen
- Viktigaste regionale drivarar for innovasjon i bedrift. Kva seier forskinga?
- Introduksjon og drøfting om framtida for regionale forsknignsfond på Vestlandet
Korleis kan eit regional forskingsfond best bidra til meir og betre forsking og regional innovasjon?
HER KAN DU SJÅ OVERFØRING AV MØTET
Innlegg på møtet
- Jenny Følling, styreleiar RFF Vestlandet: RFF Vestlandet har oppnådd gode resultat, men har enno mykje ugjort
- Synnøve Stalheim, Sogn og Fjordane fylkeskommune:
Samhandling for grønt skifte (prosjektpresentasjon) - Benthe Fjeldstad Helland og Hildegunn Baravelli, Lindås kommune: Alarmmottak som sentral utfordring og mulegheit i omsorgsteknologitilbod (prosjektpresentasjon)
- Svein Kvernstuen, Beyonder AS, Stavanger:
FoU for betre batteriløysingar (prosjektpresentasjon) - Inger Graves, Xylem Analytics, Aanderaa Data Instruments AS:
Teknologi for måling av tilstanden i havet (prosjektpresentasjon) - Stig Erik Jakobsen, Høgskulen på Vestlandet: Viktigaste regionale drivarar for innovasjon og regional omstilling. Kva seier forskinga?
Jone Engelsvold
- Sekretariatsleiar
- forsking@hfk.no
- 989 01 933
- 976 60 477
Randi Lotsberg
- Seniorrådgiver
- forsking@hfk.no
- 41 21 70 15