Lyser ut 9 millionar til forprosjekt

Forsking for auka verdiskaping i Vestland. Regionalt forskingsfond Vestland skal lyse ut 9 millionar kroner til forprosjekt. Utlysinga vil vere klar måndag 4. mai og fondet lovar rask saksbehandling.

Styret for regionalt forskingsfond Vestland har vedteke å lyse ut 9 millionar kronar til forprosjekt i 2020.

Utlysinga retta mot dei utfordringar og behov som næringsliv og kommunal sektor i fylket sjølve opplever som relevante, innafor breie tematiske tema.

Forprosjekta skal vere eit innleiande forskingsarbeid som bidreg til å utvikle eit større forskings- og utviklingsprosjekt. Prosjekta skal støtte opp under innovasjon og verdiskaping i næringsliv eller kommunal sektor.

Forprosjekt kan også verte nytta til å legge grunnlag for søknadar om kompetanse- og samarbeidsprosjekt, som skal utvikle ny kunnskap og bygge forskingskompetanse som samfunnet eller næringslivet treng for å møte viktige samfunnsutfordringar. Søknadstypen føreset samarbeid mellom forskingsmiljø og relevante aktørar utanfor forskingssektoren, avhengig av utlysingstema.

I prosjekta skal ein avklare kunnskapsspørsmål som er kritiske for å etablere solide forskings- og utviklingsprosjekt, som kan nå opp i konkurranse om midlar frå regionale, nasjonale eller internasjonale ordningar. Det er til dømes regionale forskingsfond, Forskingsrådet og Horisont Europa.

- Forsking er eit kraftfullt verkemiddel for auka innovasjonskraft og verdiskaping i Vestland fylke, seier styreleiar og fylkesordførar Jon Askeland. Vi har valt å gå breitt ut tematisk og gi moglegheiter for bedrifter, kommunal sektor og forskingsorganisasjonar i fylket til å søkje. Styret trur at vi med dette kan stimulere til gode initiativ og samarbeid om viktige problemstillingar.

Det er mogleg å søkje mellom 200.000 og 500.00 kroner i støtte. Fondet nyttar statsstøtteregelverket fullt ut og kan dekke inntil 70% av kostnadene i eit prosjekt.

Utlysinga vil vere løpande og ein kan vente svar innan 20 virkedagar.

Dato for tidlegaste prosjektstart vil verte informert om i utlysinga.

 

Litt meir informasjon om utlysinga som kjem:

  • Utlysinga dekker alle dei prioriterte forskingstema for fondet.
  • Bedrifter i Vestland kan søkje om førebuing til innovasjonsprosjekt i næringslivet 
    • Dersom store bedrifter søkjar, må dei ha samarbeid med minst ein SMB-bedrift i Vestland fylke.
    • Prosjektansvarleg kan óg vere samanslutningar, til dømes foreining, organisasjon eller samskipnad av bedrifter. Det er krav til organisasjonsnummer.
    • Søknaden må dokumentere forskingskompetanse i prosjektet, i egen bedrift og/eller samarbeidsbedrift, eller gjennom innkjøp fra forskingsorganisasjon som institutt, høgskule, universitet. Det er ikkje krav til at forskingsorganisasjonen er lokalisert i Vestland.
    • Eigeninnsats i prosjektet må vere privat. 
  • Kommunale organisasjonar i Vestland, inkludert interkommunale samarbeidsorganisasjonar/verksemder og fylkeskommunen, kan søkje om førebuing til innovasjonsprosjekt i kommunal sektor 
    • Kommunar må samarbeide med minst ein annan kommune, i tillegg til ein godkjend forskingsorganisasjon. Det er ikkje krav til at forskingsorganisasjonen er lokalisert i Vestland.
  • Godkjende forskingsorganisasjonar i Vestland kan søkje om førebuing til innovasjonsprosjekt i bedrift eller kommunal sektor
    • Det er krav om formelt samarbeide med ei bedrift eller kommunar, som kan vere prosjektansvarleg for det påfølgande større forskings- og utviklingsprosjektet 
    • Statsstøtteregelverket om maksimal støtte på 70% til føretak gjeld også her 
  • Godkjende forskingsorganisasjonar kan også søkje om førebuing til kompetanse- og samarbeidsprosjekt i Forskingsrådet, evt. RFF Vestland dersom det kjem seinare
  • Forprosjekt kan også nyttast til førebuing til innovasjonsprosjekt i Horisont Europa eller tilsvarande ordningar. 

Fullstendig utlysing vil vere på plass 4. mai, men det vil bli lagt ut meir informasjon på denne nettsida før det.